52 |
UTDANNING
nr. 12/20. juni 2014
Kronikk
Kva er barnehagen og skolen si oppgåve?
Eg vil i denne artikkelen gå inn
på den gjeldande «Handlingsplan
mot voldtekt 2012-14», frå Justis-
departementet.
ILLUSTRASJON
LarsAurtande |
Eg vil vise
til dei undersøkingane som her blir
referert for å underbyggje behovet for handlings-
planen, og eg vil trekkje fram argumentasjonen for
at barnehage og skole har ei oppgåve i å arbeide
førebyggande mot valdtekt. Eg vil vise til kjelder
som syner at kvinner og menn har ein ulik posisjon
i samband med valdtekt og at vald mot kvinner er
eit hinder for likestilling mellom kvinner og menn.
Vidare vil eg gå inn på det samfunnsmandatet som
forpliktar skole og barnehage i denne samanhen-
gen, og avslutningsvis vil eg peike på behovet for
ein ny handlingsplan for likestilling i barnehage
og skole.
Valdtekt er alvorleg kriminalitet
Valdtekt påfører den som blir krenkja, store lidin-
gar og helseskadar. Valdtekt rammar ikkje berre
dei som konkret blir utsett for overgrep. Valdtekt
spreier angst og manglande tryggleik. Indirekte
blir alle kvinner ramma av manglande tryggleik,
og dei mange menn som kjenner otte for sine
døtrer, sine kjærastar, sine mødrer og søstrer, vil
kjenne på denne angsten.
Straffelova er det rettslege grunnlaget for å
straffe valdtekt. Frå 2000 vart straffelova endra
slik at det og er ulovleg å ha seksuell omgang med
nokon som ikkje er i stand til å setje seg imot over-
grepet, til dømes der offeret er sovande eller i sterk
rus. Den øvre strafferamma for valdtekt er fengsel i
inntil 10 år. I særlege tilfelle kan det idømast feng-
sel i inntil 21 år.
Noreg har slutta seg til ei rekke internasjonale
konvensjonar som gir føringar for kampen mot
valdtekt. FN sin kvinnekonvensjon vart del av
menneskerettslova i juni 2009 og er det viktigaste
instrumentet for å sikre kvinner sine rettar i Noreg.
FN sin barnekonvensjon og Europarådskonvensjo-
nen om førebygging og kamp mot vald mot kvin-
ner og mot vald i nære relasjonar, er forpliktande
for vårt arbeid. Kvinnediskrimineringskonvensjo-
nen sin artikkel 1 gir rett til vern om integritet og
artikkel 2 pålegg konvensjonspartane å avskaffe
kvinnediskriminering. Vald mot kvinner blir i
denne samanhengen rekna som kvinnediskrimi-
nering i konvensjonen sin forstand. Statane er for-
plikta til å førebyggje, etterforske og straffeforfølgje
kjønnsbasert vald, medrekna valdtekt.
Undersøkingar om valdtekt
Det er ikkje gjort noko nasjonal representativ
undersøking over omfanget av valdtekt i Noreg.
Estimerte tal på valdtekt og forsøk på valdtekt, ligg
på mellom 8000 og 16.000 (5). I ein studie frå Oslo
i 2004, kom det fram at 16 prosent av kvinnene
og to prosent av mennene hadde vorte trua eller
tvunge til sex. I 2011 vart det registrert 1221 politi-
melde valdtekter og valdtektsforsøk på landsbasis.
(3, s. 9) Det som er heilt sikkert, er at mørketala
er store. For svært mange vil opplevinga av skyld
og skam vere så stor at overgrepet ikkje blir poli-
timeldt. Mange av dei som politimelder, opplever
den prosessen som svært traumatisk. (5)
Dei helsemessige konsekvensane av valdtekt
er dramatiske. Studiar viser at dei som har vore
utsett for overgrep, opplever plager både av fysisk
og psykisk karakter i etterkant. Overgrep kan føre
til depresjonar, sjølvmordstankar, tap av tillit til
andre menneske og sosial tilbaketrekking. Under-
søkingar tyder òg på at slike opplevingar gir auka
risiko for å utvikle rusproblem og for å bli utsett
for nye overgrep. Med slike plager vil dei fleste få
større utfordringar med å takle utdanning, arbeid
og livsoppgåver. (3, s. 10)
Kven blir utsett for valdtekt?
Både i «Handlingsplan mot voldtekt 2012-2014»
frå Justisdepartementet, og i politiet sin rapport
om valdtektssituasjonen i 2012, blir det slått fast
at dei fleste offer for valdtekt er kvinner og dei
fleste gjerningspersonane er menn. (3 og 5)
Vidare viser fleire undersøkingar at unge kvin-
ner i slutten av tenåra og i starten av tjueåra er
langt meir utsett for valdtekt enn andre kvinner.
Om dette seier handlingsplanen:
«Når unge kvinner er mer utsatt for voldtekt
enn resten av befolkningen, og mange av de som
begår seksuelle overgrep mot unge kvinner er
unge menn, er det behov for å fokusere særlig på
Arna Meis ord
pensjonist, tidlegare
rektor ved
Høgskolen i Nesna,
no prosjektleiar for studiet
«Vold mot kvinner -
Retten til et liv uten vold»
FOTO
MARTINJØSEVOLD
>
«Dei helsemessige
konsekvensane
av valdtekt er
dramatiske.»
Førebygging av valdtekt: