42 |
UTDANNING
nr. 12/20. juni 2014
Innspill
«Har eg lyst til å vera den
som ringer til ambulanse
etter ei ulykke?»
Eg ser på ernsyn at det omsider
har blitt klart at norsk skule er
dramatisk dårleg. Eg les artiklar
omdei mange som«droppar ut»,
somdet heiter. Men eg ser også at
folk enno ikkje torer å henge bjølla
på katta.
La oss få ein skikkeleg renessanse for norsk
Johanne Louise
Groven Michaelsen
cand. mag. med faga
norsk, musikk og islandsk
FOTO
GUNNARA.STEEN
Det er, så
vidt eg har skjøna, berre prat om pen-
gar og tekniske løysingar. Var det ikkje til og med
snakk om å gje lærarane løn etter kva dei får til
med elevane? Nei, folkens, gå til saka. Vêr ærlege.
Politikarar og motepedagogar har vore saman om
å byggje ned nivået i norsk skule etter krigen. Og
ettersom notidas lærarar, som følgje av det, har
færre kunnskapsressursar enn generasjonane før,
har dei ikkje utan vidare nivå til å byggje nivået
opp att.
Alt da vi bytte frå Nordahl Rolfsens lesebok til
orbjørn Egners, gjekk vi eit stort steg nedover. I
ettertid kan ein spørja seg sjølv kva som gjekk av
den delen av norsk samfunn som trudde at «alt
ble så meget bedre» med dette lesebokbyttet. Eg
har ein teori: Avsløringane etter krigen hadde
skremt folk. Det var ufatteleg, dette med konsen-
trasjonsleirar og gassing av menneske. Ein såg seg
kring etter kva som kunne få folk til å opptre slik.
Og så … tenkte ein på at skulen i Tyskland hadde
vore streng.
Så vidt eg har skjøna, prøvde dei ikkje ein gong
å definere kva dei meinte med «streng» skule.
Dei spurde heller ikkje seg sjølv om norsk og tysk
skule hadde vore like. Da eg las Mona Levins bok
om Arne Næss og hans tid på tysk skule, kom eg
til eit avsnitt der det stod at han, som var ordblind,
vart låst inn på do ei natt av di han ikkje hadde
klart seg i lesinga. Har nokon høyrt om liknande
i norsk offentleg skule? Neppe. Vel kunne folk
få seg ein rapp over fingrane når dei hadde vore
ugreie, men når førre generasjon fortalde slikt til
min generasjon, heitte det gjerne: «Men så hadde
eg og vore ugrei!» Eg har også høyrt om verke-
lege villstyringar som seinare takka læraren som
hadde fått dei på rett kjøl – same om det hadde
gått barskt for seg.
Likevel, skal noko straffast, må det vera eit visst
samhøve mellom «brotsverk» og straff. Seigpining
innelukka på ein do for noko som ikkje har vore
planlagt og aktivt «brotsverk», har eg enno ikkje
høyrt om frå folkeskulen i Noreg. Likevel: I etter-
krigspanikkens tid var det ingen som spurde om
norsk og tysk skule hadde vore strenge på same
vis eller som sette spørjeteikn ved om norsk skule
trong revolusjonerande endringar. Ulogisk? Ja. Det
var jo ikkje hos oss at ideen om gassing av men-
neske hadde oppstått.
I samband med skrekken for «streng» skule
kom tanken om at ord kunne vera for vanskelege
for ungar. Ein måtte luke bort det vanskelege. Og
folk sette seg i full naivitet til med å kartleggje kva
ungar kunne skjøna, utan å oppfatte at dei fyrst og
fremst kartla kva slag ord ungar kan forklare. Tenk
om nokon skulle hindre oss vaksne i å få høyre
ord som vi ikkje kunne definere? Vi veit kva orda
vi bruker, tyder, men kan ha store vanskar med å
definere dei.
Ein stad i dette landskapet oppstod ideen om
at ei tannlaus og overflatisk Ola-Ola-soge var det
rette pedagogisk sett.
I ettertid er det mykje av det som vart skrive og
sagt i etterkrigspanikkens tid som verkar låtteleg.
Når folk tok til å laga eit problem av fenomenet
«pottetrening», til dømes. Eg har diverre gløymt
namnet på boka der forfattaren tok til å skrive om
pottetrening. Det var ei bok eg kom over medan
eg las bok etter bok om krigen og dessutan bøker
der ein spurde seg korleis det kunne vera mogleg
at det vi hadde trudd var ein kulturnasjon, fann
på slikt som konsentrasjonsleirar og gasskammer.
Skulle pottetrening vera eit problem? tenkte eg.
For noko tull. Dette har vi jo drive med overalt,
ikkje berre i land som har synt seg å vera veike
for fascistisk/nazistisk propaganda!
Men når eg tenkjer på den pedagogiske moten
etter krigen da vi ynkeleggjorde ungane våre så
veldig, trur eg at det var resultat av at dei vaksne
hadde hatt ei så barsk oppleving at dei ikkje takla
det. Brått måtte ungane ikkje få høyre om troll, dei
måtte ikkje høyre ordet «død», dei måtte bli skåna
for det som var sørgjeleg og alvorleg. Til og med
mange, mange år seinare trudde ei dame at det
ikkje kunne bli fred i verda dersom ungar måtte
lære det dei ikkje hadde hug til å lære.
Kor livsudyktige skal folk bli av di vi sat att etter
krigen med panikk og angst? Finst det nokon unge
som har betre vit på kva han må lære for å klare
livet, enn det dei vaksne veit som har vore gjen-
nom ein del utfordringar på livsvegen?