Utdanning nr 12-2014 - page 43

43 |
UTDANNING
nr. 12/20. juni 2014
«Mødrer som pratar med
ungane dei har på fanget, er
engasjerte i verdas viktigaste
yrke.»
kule!
I etterkrigspanikkens tid kutta folk mange av
røtene til det som hadde bore norsk samfunn
oppe. Ungar fekk ikkje lov til å lære ting som dei
førre generasjonane såg som heilt naturleg, og
den store konsentrasjonen om kva ungar hadde
«lyst» på, var ikkje det beste for fullstendig men-
neskeleg utvikling. Vi kan no ein gong ikkje sitja i
samfunnet og vurdere alt etter lystprinsippet. Har
eg lyst til å vera den som ringer til ambulanse etter
ei ulykke? Neppe, for da må eg vel orientere meg
ein del om det som har skjedd, og det er oftast lite
hyggjeleg. I eit normalt utvikla menneske er det
like fullt noko som forbyr ein å tenkje lyst/ikkje
lyst i den stoda. Og det burde vera klart at di før
ungar er innstilte på at ein av og til må handle
anten ein vil eller ikkje, di meir naturleg og uhys-
terisk går dei til verket når dei er vaksne.
Slik eg ser det, har pedagogikkvitskapen til
denne dagen vore prega av etterkrigsangsten. I så
stor grad at det vart høgaste og finaste form for
pedagogikk å kutte banda til naturleg opplæring.
Særleg på det språklege planet.
På eit tidspunkt vart det slik at ein ikkje skulle
bruke ord som ungen ikkje alt hadde lært, i det
som stod i leseboka. Ungen skulle kunne få kom-
pleks av det. Og kompleks, det var fa'li, det!
La meg sleppe å karakterisere denne typen
«pedagogikk» med adjektiv. Dei må same kva,
vera negative. Men eg må få lov til å seia at ordet
pedagogikk ikkje var brukt rett. For ettersom ordet
pedagog vel eigentleg tydde ein som følgde ungen
til skulen, kan ein seia at pedagog opphavleg tyder
den som skal føre ungen til kunnskapen. Men
dersom ein «pedagog» såg det som si oppgåve å
hindre ungen i å møte nye ord i ein naturleg kon-
tekst, ville det vera det motsette av å føre ungen til
kunnskap. Det ville vera å setja opp gjerde mellom
ungen og kunnskapen.
Korleis er nemleg naturleg språkinnlæring? At
ungen frå før han kjem til verda, blir bombardert
med språk. Så lenge ungen kan høyre, får ungen
påverknad frå dei som bruker språket. Og ein
steller seg ikkje over eit stellebord og forbyr alle
menneske ikring å bruke ord som ungen ikkje alt
skjønar. Nei, ein rett og slett pratar med ungen,
ser i den retninga ungen ser, oppdagar kva ungen
ser på, seier namnet på den tingen i den spesielle
lyse tonen som vi bruker når vi talar til spedborn.
Slik har det vore til alle tider. Den absolutt sik-
raste språkinnlæringsmetoden er å prate i veg.
Dette må vi menneske eigentleg ha visst i tusen-
vis av år. Faktisk må det også ha kome inn i noko
av den teoretiske kunnskapen som barnelegar og
liknande får i våre dagar. For i 1977 fekk eg ros av
ein lege av di eg tala ved ungen min. Legen fortalde
meg i same slengen at det å tala ved ungane frå
fyrste ferd av, kunne reparere små fødselsskadar.
Ein utviklar altså hjernen til ungen når ein talar
til han. Det bør seia noko både til pedagogar og til
politikarar. Og så kan dei setja inn pengar. Ikkje på
å premiere lærarar som har flinke elevar, men med
å la mødrer vera heime med ungen i minst tre år.
La dei ha tid til å prate med ungen! La familien få
dei pengane dei treng for å kunne gje ungen opti-
mal start på livet! Og la oss for all del sleppe den
flausen som ein politikar presterte i “ernsynet da
det var snakk om å tvinge mødrer ut i arbeids-
livet etter berre nokre månader heime. Vedko-
mande meinte at det var latskap av mødrene å
vera heime. Kanskje politikaren heller var den
late som hadde unngått å oppleva korleis jobben
med hus og barn er? Og kanskje vedkomande hel-
ler ikkje var intellektuelt nyfiken nok til å arbeide
med spørsmålet: Kva skjer eigentleg når mor og
barn har ei pratetid saman?
Mødrer som pratar med ungane dei har på fan-
get, er engasjerte i verdas viktigaste yrke. Og dei er
utruleg godt skikka, heilt utan pedagogiske teoriar
som mal. Det er så genialt laga at når ungen blir
trøytt av å lytte etter det mor seier, så er gjerne
mamma trøytt av å tala ved ungen. (Politikaren
med latskapsteorien burde prøvd seg på den job-
ben, for når ein har auge- og pratekontakt med
ungen, er det temmeleg intenst den tida det varer.)
Dersom ein både tek omsyn til det ungen
ønskjer seg og det mor klarer, kjenner ein snart at
det blir ein naturleg rytme. Av dette blir ungen ein
vanleg oppvakt unge og ingen masekopp. Naturen
og det vi sjølve opplevde som små, har lagt inn eit
vasstett pedagogisk opplegg i oss. Den lyse røysta
alle mødrer grip til når dei talar ved ungane, har
synt seg å vera den ungen har lettast for å oppfatte.
Det slår meg at eg her har hoppa totalt bukk
over dei mange artiklane eg har lese som går ut
på at ungar kan bli utruleg skadde av å ikkje møte
pedagogisk utdanna personale frå dag ein. Ja, eg
hoppar bukk over dei artiklane. For meg er den
slags tankegang for prega av angst-krampe i ei
etterkrigstid.
At ein i neste omgang har å gjera med det totalt
unaturlege fenomenet at mange ungar på same
alder skal lære om eitt og same emne på same tid,
er ei anna sak. Det er slik det har blitt i samfunnet
vårt, og da må ein lærar ha trening i å vende seg
til mange på ein gong. Intimiteten på mors fang er
eit tilbakelagt stadium, same kva. Men den peda-
gogiske grunnsituasjonen er den på mors fang. Til
denne optimale pedagogiske situasjonen treng
ein ikkje meir enn å følgje natur og tradisjon. La
ikkje “ollete pedagogikk-teoriar hindre dykk i å la
ungen få høyre ord. Ungen lærer ikkje språket sitt
med ordbok i handa, ungen lærer ved at språket
blir brukt i ein naturleg kontekst.
Kjære politikarar! Her er kjelda til ein god skule.
Språket er reiskapen vi har når vi skal skaffe oss
kunnskap. Difor må vi starte der.
Så kan vi vonleg gjennom nokre generasjonars
arbeid atterreise norsk skule, som ein gong i tida
hadde godt renommé. Diverre må ein da også lytte
litt til dei som åtvara mot nedgangen i skulen den
gongen i 1950-60-70 åra. Dei var «forut for si tid»,
men bør ikkje bli usynleggjorte no. Dei hadde sitt
å seia. Enkelte av kommentarane fortel at somme
av dei såg andre samanhengar enn vi ser no. No
kranglar vi som om det var ein spesiell parti-
politikk som dreiv fram alt saman. Den gongen
kunne åtvaringane ha ei form som denne: Hugs
at om stormakta USA kom til og gjorde ein innsats
i andre verdskrigen, er ikkje det det same som at
kvar einaste del av samfunnet der borte, skal bli
kopiert hos oss.
På eitt felt har vi i Noreg gjeve blanke i dei
pedagogiske teoriane som ynkeleggjorde ungane
og hindra dei i utviklinga. Ingen har nokon gong
kravd av ein norsk gutunge at han ikkje skulle
prøve seg i skibakken før han var viss om å kunne
stå heilt ned. Heller ikkje jentungane har blir
utsette for den slags. Resultatet er at vi framleis
kan vera med i siste runde i internasjonale kon-
kurransar.
1...,33,34,35,36,37,38,39,40,41,42 44,45,46,47,48,49,50,51,52,53,...68
Powered by FlippingBook