Utdanning nr 12-2014 - page 40

40 |
UTDANNING
nr. 12/20. juni 2014
Spennande om spenningsfeltet i lærarutdanninga
En hel del folk foragter teori,
men lever paa en praktisk idioti
med skjulte gale teorier i.
Thi hvad kan tænkes, siges eller skrives,
i hvilket ikke teorier kives?
– Med teori skal teori fordrives.
(Kumbel)
Dette verset
av Piet Hein kommeg i hug då eg las boka «Å bli
lærer. Danning og profesjonsutvikling». Som ein raud tråd går
nemleg utfordringa med å få teoriar og praksisar i lærarutdan-
ninga til å bli ein felles del av den danningsprosessen som er
nødvendig ommålet skal bli myndige og profesjonelle lærarar. I
målsetjingane for lærarutdanninga er det liten tvil om at idealet
er reflekterte og praksisforskande lærarar. Teoretisk forankring
og kritisk refleksjon over praksiserfaringar skal mellom anna
vere sentrale trekk ved lærarprofesjonaliteten. Ein myndig lærar
skal ikkje berre kunne vurdere dei ulike tilretteleggingane i
klasserommet eller i den konkrete læringssituasjonen, men òg
kunne vurdere dei rammefaktorane som verkar inn på læraren
sitt handlingsrom.
På bakgrunn av
dei mange organisatoriske endringane av lær-
arutdanninga dei siste åra, er det interessant med ei forskings-
basert tilnærming som går inn til kjernen av lærarutdanninga.
«Å bli lærer» er resultat av eit samarbeid mellom lærarutdan-
ningsinstitusjonane i Nord-Noreg og er ei samling artiklar av
fagfolk som har både erfaring og forskingsbasert kunnskap frå
lærarutdanning og undervisning. Mary Brekke analyserer lær-
arutdanninga sitt danningsprosjekt i eit historisk perspektiv. Då
kristendomskunnskap, morsmål og historie var det rådande
paradigme, kunne lærarane stå fram med autoritet for den
oppveksande slekt. I den digitale danningsreisa blir genera-
sjonskløfta ei større samfunnsmessig og pedagogisk utfordring.
Gjennommange endringar
av fag, organiseringar og arbeids-
måtar i lærarutdanninga har praksiskomponenten overlevd.
Kvifor er det slik, og kvifor er det så vanskeleg å få erfaringane
frå praksisfeltet til å bli del av den teoretiske diskursen som går
føre seg i fagstudium? Kva er det som faktisk formar studentane
si lærarrolle? Korleis fungerer pålegget om at lærarutdannings-
institusjonane skal sikre samanhengen mellom praksisfeltet og
teoristudium på campus?
Ann Elise Rønbeck
har intervjua praksislærarar om kva som
er viktig i diskusjonen med lærarstudentane. Rigmor Mik-
kelsen har intervjua to studentar i starten på studiet om kva
dei meinte var viktig i utviklinga som lærar. Elsa Løfsnæs har
intervjua to lærarstudentar i avslutninga av studiet om deira
vurdering av kunnskapsgrunnlaget for lærargjerninga. Løfsnæs,
Jarvoll og Dalen har intervjua både praksislærarar og studentar
om kva som blir vektlagt i praksisrettleiinga og i vurderinga
av lærarstudentane si undervisning. Anne Grete Solstad har
spurt 40 lærarstudentar om korleis praksisopplæringa førebur
studentane til sin profesjonsrolle. Alle desse artiklane kastar
lys over spenningsfeltet mellom dei to danningstradisjonane
i lærarutdanninga. Når praksislærarar formulerer at dei i liten
grad fokuserer på teoretisk refleksjon i møtet med studentane,
og studentar på si side formidlar at dei ikkje opplever at prak-
sislærarar er opptekne av å finne samanheng mellom lærarpro-
fesjonen sitt teoretiske fundament og erfaringane i møtet med
elevane, då har lærarutdanninga ei utfordring med å legitimere
det danningsoppdraget som er nedfelt i nasjonale retningsliner
for lærarutdanninga.
I forsøksprosjektet «Pilot i Nord»
blir ei femårig grunnsko-
lelærarutdanning prøva ut ved Universitetet i Tromsø. Her skal
studentar, praksislærarar ved såkalla universitetsskolar og fag-
personalet ved universitetet, samarbeide om ei forskings- og
utviklingsbasert og praksisnær lærarutdanning. Anne G. Daniel-
sen, Rachel Jakhelln og Karin Rørnes har forska på erfaringane.
«Å bli lærer»
er ei svært relevant bok for alle som er oppte-
kne av lærarutdanning. Boka bør bli pensum, ikkje berre for
lærarstudentar, men også for praksislærarar og fagpersonale
ved lærarutdanningane. Den sterke vektlegginga på forskings-
og utviklingsarbeid i lærarutdanninga må føre til meir av den
praksisnære forskinga, og samarbeidet mellom lærarutdan-
ningsinstitusjon og skoleverket må styrkast. Her ligg eit stort
uutnytta potensial for skoleutvikling. Denne boka stimulerer
til refleksjon over praksis i lærarutdanninga og er i seg sjølv eit
godt døme på samanheng mellom teori og praksis. Boka er med
dette anbefalt på det varmaste!
Aktuell bok
MELDT AV
ArnaMeisfjord
Å bli lærer. Danning og
profesjonsutvikling
Av Anne Elise Rønbeck
og Sidsel Germeten
(red.)
Akademika forlag
2014
205 sider
På tavla
Bøker
Denne boka er i seg sjølv eit godt døme
på samanheng mellom teori og praksis.
1...,30,31,32,33,34,35,36,37,38,39 41,42,43,44,45,46,47,48,49,50,...68
Powered by FlippingBook