Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  70 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 70 / 76 Next Page
Page Background

NYE BØKER

AnnMerete Otterstad og

Anne B. Reinertsen (red.)

Metodefestival og øyeblikksrealisme

– eksperimenterende kvalitative

forskningspassasjer

Fagbokforlaget 2015

ISBN 978-82-450-1395-5

Eksperimenterande fornying

i kvalitativ forsking

Med forskingsantologien

Metodefestival og øyeblikks-

realisme

viser dei to redaktørane AnnMerete Otterstad og

Anne B. Reinertsen at det skjer mykje nytt og spennande på

forskingsfronten når det gjeld forsking på barn og barne-

hage. Bokmeldaren gratulerer redaktørane!

I denne omfangsrike artikkelsamlinga

(23 artiklar i alt, 13 på norsk, 7 på engelsk,

2 på svensk og 1 på dansk) presenterer

dei 31 forfattarane ei rekkje eksempel på

nye teoretiske perspektiv og metodiske

framgangsmåtar. Dei søkjer ei fornying

av forskinga ved å leggja større vekt på

prosessuelle tilnærmingar der føresta-

vinga

post

er ein slags fellesnemnar:

posthumanistisk, postfilosofisk, post-

kvalitativ. Nokre stikkord for å karak-

terisera desse ulike tilnærmingane er

diffraktive, affektive, posthumane og

forskjellsfilosofiske tilnærmingar.

Nokre av forfattarane stiller spørs-

målsteikn ved det rådande vitskapsidea-

let om å forska seg fram til meir sikker

kunnskap. «Figurasjoner, konfigurasjo-

ner og refigurasjoner får fram forsking

som prosessuelle tilstander, alltid i

endring ut fra nye vendinger» (Ann

MereteOtterstad s. 26). Fleiremarkerer

også avstand til den fenomenologiske

og hermeneutiske tradisjonen som har

dominert i barnehageforskinga fram til

nå. Og dei vil dokumentera på nyemåtar:

«de ønsker å påvirke og aksjonere med

andre mulige skrivestiler enn dem som

allerede er i omløp» (Anne B. Reinertsen

ogAnnMereteOtterstad s. 19). Eg prøver

å gje eit bilde av antologien ved å kom-

mentera nokre utvalde kapittel.

ALTERNATIVEANALYSEBLIKK

I fellesartikkelen

Faglige forflytninger i

søken ettermetodefest

skriv redaktørane

at eit hovudsiktemål med boka er å

utvikla alternative og utvidande analy-

seblikk. Dei ynskjer å opna opp og stilla

spørsmål på nye måtar. Direkte eller

indirekte handlar mange av artiklane i

boka om skriving: ein måte å skriva på

som er audmjuk, mindre skråsikker og

som viser det uferdige i skapinga av ny

kunnskap. Dei vil fanga inn meir enn

det auget kan sjå og øyret høyra. Dei vil

gje seg hen til «skapende prosesser for å

‘tenkeføle’ datamaterialenes intensitet,

vitalitet og kraft» (s 20). Dei vil levan-

degjera forskingsmaterialet og få det til

å verka, ikkje som ein årsak – verknad

prosess, men som affektive prosessar.

Som lesaren forstår, er dette djerve

siktemål somslett ikkje er enkle å reali-

sera. Antologien innehelddåogså artiklar

sometter dennemeldaren simeining til-

fører lite anna enn ei abstrakt vandring i

nye teoretiske landskap. ErinManning

sin artikkel om forskingsskaping (

Mot

metode

) kjem i denne kategorien. Det

same gjer Agneta Knutas sin artikkel

Berättande mellan betraktare och poli-

tiskt handlande.

Intensjonenmeddenne

artikkelen er å utforska forskaren si rolle

i «narrativer sommetod» (s 229).

NYETEORETISKEPERSPEKTIV

Fleirtalet av artiklar er likevel interes-

sant lesnad, ogmange av dei presenterer

både empiri og nye teoretiske perspektiv

på klargjerande måtar. Ein slik artikkel

er Ninni Sandvik sin om

posthuma-

nistiske perspektiv

. Ho skriv seg inn i

eit metodologisk landskap som opnar

opp for kompleksitet, motsetningar

og uorden. Dette meiner ho er viktig i

norsk barnehageforsking, somhar vore

dominert av beskrivande og fortolkande

OTTO LAURITS FUGLESTAD

(olfugles@online.no

) er professor

emeritus i pedagogikk ved Universitetet

i Bergen (privat foto).

70

|

første steg nr

2

|

2015