Table of Contents Table of Contents
Previous Page  52 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 52 / 68 Next Page
Page Background

52 |

UTDANNING

nr. 21/9. desember 2016

Debatt

Til «Nynorsk i Vestlandsregionen» i Utdanning 18/2016, side 42

Eg viser til ovannemnde debattinnlegg av mål-

lagsleiar Magne Aasbrenn i Utdanning 18/2016.

Det er eitt av fleire frå hans hand som handlar om

at det er meir eller mindre vedteke at ein region

med dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn

og Fjordane skal opprettast, og at Mållaget ikkje

aksepterer anna enn nynorsk som administra-

sjonsmål der.

Aasbrenn vil ha det til at det er 67 nynorsk-

kommunar i den kommande regionen, berre tre

bokmålskommunar og 15 som har vedtak om å

vera språkleg nøytrale. Dette er sjølvsagt rett,

men sakleg og demokratisk sett irrelevant.

Aasbrenn konkluderer med at Vestlandsregio-

nen er eit nynorsk maktsentrum, og at Mållaget

ikkje kan godta anna enn at «den nye Vestlandsre-

gionen vert administrert på nynorsk».

Det fæle med dette er at realitetane ut frå

alminneleg demokratisk sinnelag og metodikk

er så feil som det kan bli. Alle som elles driv med

politikk, plar rekna ein mann – ei røyst. I Mållaget

reknar ein «ein kommune – ei røyst», utan å sjå

kor mange røysteføre som står bak talmagien.

Sanninga er at ifølgje Statistisk sentralbyrå

(SSB) sine tal for målbruk i kommunane har Vest-

landsregionen totalt eit folketal på 1.100.000

innbyggjarar, pent avrunda. Av desse er 137.000

grunnskuleelevar, og av desse er 51.000 nynorsk-

elevar. Altså har Vestlandsregionen totalt eit

bokmålsfleirtal på 62 prosent av elevtalet i

grunnskulen, nær to tredjedelar.

Aasbrenn tek heller ikkje det minste omsyn

til at dei tre bokmålskommunane i Vestlandsre-

gionen er Eigersund, Stavanger og Haugesund,

alle i Rogaland; med totalt 185.000 innbyggjarar,

eller at dei nøytrale kommunane i same fylket

til saman har 208.000 bokmålsbrukarar, slik at

delen av bokmålsbrukarar totalt i fylket kjem opp

i vel 75 prosent. Betre vert det ikkje i Hordaland,

med Bergen som «nøytral» kommune, med totalt

98 prosent bokmålsbrukarar. Hordaland har

516. 000 innbyggjarar, og av desse er 336.000

bokmålsbrukarar. Dette gir eit bokmålsfleirtal

på 65 prosent av folketalet. Desse tala er grunna

Om røynd og statistikkbruk i målsaka

Over halvparten av innbyggjarane

i Hordaland bur i Bergen, ein av kommunane som ikkje har nynorsk som einaste

administrasjonsspråk. Statistikk over val av målformmå ta utgangspunkt i folketalet, og ikkje i talet på kommunar.

FOTO

GERBENJACOBS/WIKIMEDIACOMMONS

på kommunane sine eigne tal om målbruk i

kommunane.

I Vestlandsregionen er difor berre Sogn og

Fjordane ein reell nynorskbastion, med nær 98

prosent av folketalet som nynorskbrukarar.

Diverre for Mållaget utgjer dette fylket berre

10 prosent av heile regionen, og summen av

nynorskbrukarar er totalt i regionen mindre enn

35 prosent.

Med grunnlag i ein tredjedel av folketalet er

det vågalt av Aasbrenn og Mållaget å klandre

fylkesordføraren i Rogaland for at ho syns at

nynorsk ikkje er det naturlege administrasjons-

målet i den nye regionen.

Enno verre vert stoda om ein tek omsyn til at

nynorskbruken generelt vert halvert blant sku-

leelevane når dei går frå grunnskule til vidaregå-

ande skule.

Ein kan tykkja det er synd at nynorskbruken er

på retur i Norge, men det gjer ikkje stoda betre å

driva talmagi og delvis usanning. Uærleg statis-

tikkbruk er uærleg, og burde unngåast, sjølv om

ein har eit mål.

Bjarte Rundereim

pensjonert adjunkt, Gol

Følg med på debatten på

utdanningsnytt.no