Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  46 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 46 / 76 Next Page
Page Background

KRONIKK

I

skjeringspunktet

mellom barn og medarbeidarar

Pedagogisk leiar sitt primære ansvar er barna, så relasjonen

til foreldra, deretter tilmedarbeidarane. Og utan ein god

relasjon tilmedarbeidarane kan ikkje pedagogisk leiar skapa

godemøtemed barn og foreldre. Temaet for denne artikkelen

er korleis pedagogisk leiar kanmøtemedarbeidarane for å

skapa ein praksis somanerkjenner barn somsubjektmed

eigne tankar, kjensler ogmeiningar.

Barns rett til å bli anerkjente som

sjølvstendige subjekt finn vi innskrive

i menneskerettane og i FN sin barne-

konvensjon (Bae 2012:13), denne ret-

ten er òg nedteikna i rammeplan og

barnehagelov. Drøftinga her skjer i lys

av

nærleiksetikken

som set det nære

eg

– du

-forholdet i sentrum (Vetlesen og

Nortvedt 1996:179).

Nærleiksetikken inneber at det etiske

ansvaret for andre oppstår i møte mel-

lom menneske, mellom eit

eg

og eit

du

,

i møtet med den andre sitt ansikt (Ber-

gem 2011:96, Leer-Salvesen 2002:190).

Dette gjer tenkinga interessant når det

er snakk ompedagogisk leiar sitt etiske

ansvar i skjeringspunktet mellom barn

og medarbeidarar.

Måten pedagogisk leiar møter barna

på, er med å forme dei som menneske.

Måten vimøtermedarbeidarane på, gjer

nokomed korleis dei oppfattar arbeidet

sitt. Det betyr atmåten pedagogisk leiar

møter medarbeidarane på, legg førin-

gar for korleis vi – pedagogisk leiar og

medarbeidarar –

saman

møter barnet

og barnegruppa. Det er svært viktig for

pedagogisk leiar å vere seg bevisst sitt

yrkesetiske ansvar i dette skjerings-

punktet. Vi har aldri med andre men-

neske å gjere utan å halde noko av deira

liv i våre hender (Løgstrup 2010:25).

Pedagogisk leiar skal vere rollemodell

for personalet i møte med barna.

PERSONLEG

YRKESETISKANSVAR

Pedagogisk leiars formelle yrkesetiske

ansvar er nedteikna i yrkesetiske ret-

ningslinjer1. Det personlege kan knytast

til nærleiksetikken og korleis vi møter

andre menneske. Det er viktig å vere

klar over at etikk handlar ommøtemel-

lom menneske (Henriksen og Vetlesen

2006:14), ikkje berre omreglar og sosiale

normer.

1 Offentlege styringsdokument, rammeplan og

barnehagelov.

Det personlege ansvaret handlar omå

vere involvert. Pedagogisk leiar må vere

nær medarbeidarane (ibid.), det finst

ingen forutbestemt eller logisk måte å

møte andre på, det er i møte med andre

vi får større innsikt og medvit (Levinas i

Johannesen 2013:10; Løgstrup 2010:56).

Somleiararmåvi ha reglar, prosedyrarog

faktakunnskap,menberreomvi går fram

medvarleikog respekt fordet konkreteog

unike i situasjonen

,

kanvi anvendedei rett

(Martinsen1990:76; Brunstad2009:15-16;

Kierkegaard i Reindal 2012:538-539).

Dette fordrar erfaring, men det betyr

ikkje at nyutdanna og uerfarne barne-

hagelærarar skal

unngå

rolla sompeda-

gogisk leiar. Pedagogisk leiar, erfaren

eller uerfaren, må gjere seg kjent med

medarbeidarane og den enkelte situasjo-

nen for å kunne handle etisk rett, nokon

gonger må ho nytte skjønn (Grimen og

Molander i Tholin 2013:105; Brunstad

2009:33; Martinsen, 1990:76, 91-94;

Christoffersen 2011:72, 89). Fordringa

(det etiske ansvaret for andre) seier ikkje

alltid kva vi skal gjere, pedagogisk leiar

må sjølv vurdere kva ho går ut på (Levi-

nas i Johannesen 2013:10-12; Løgstrup

2010:32). Fordringa (det etiske ansvaret

for andre) er taus kunnskap; pedagogisk

leiar må sjølv vurdere kva ho går ut på

(Levinas i Johannessen 2013:10 – 12,

Løgstrup 2010:32).

Skal nærleiken til medarbeidarane

fungere, må pedagogisk leiar – i tillegg til

å vere nær – kunne sjå tingmed distanse,

sjå situasjonar i ein større samanheng.

Vi må kjenne og vere i stand til å nytte

KAREN INGEBJØRGDRAUGSVOLL

(kidraugsvoll@hotmail.com)

er pedagogisk

leiar i Hamramyra barnehage i Fjell

kommune i Hordaland . Ho har mastergrad

i pedagogikkmed vekt på pedagogisk

leiing (privat foto).

46

|

første steg nr

1

|

2015