Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  49 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 49 / 76 Next Page
Page Background

KRONIKK

Nynorsk sommorsmål

Nynorsk og bokmål er to ulike og sjølvstendige språk,

meiner kronikkforfattaren, som spør kva for språk-

stimuleringstiltak som trengs i barnehagen når barn skal

lære nynorsk skriftspråk. Homeiner at dei styrkingstiltaka

for nynorskopplæring som styresmaktene har sett i gang,

ser ut til å ha liten effekt.

Dei elevane som har nynorsk som

hovudmål, vert prosentvis færre for

kvart år som går. Kunnskap i og om

nynorsk i lærarutdanningane er det

gjennomgåande gjort lite for å styrkje.

For barnehagelærarar som arbeider

i nynorskområde, må kompetanse i

skriftspråkstimulering på nynorsk

vere sjølvsagt. Thomas Gisholt, direk-

tør i Utdanningsdirektoratet, skriv i

innleiinga til heftet

Språk i barnehagen

– Mykje meir enn berre prat

(2013) at

heftet handlar om «…barns språktil-

eigning og viser korleis personalet kan

dokumentere, observere og vurdere

språkmiljøet og språket til enkeltbarn

somgrunnlag for eit godt språkmiljø og

gje tilpassa språkstimulering til alle».

Tilpassa språkstimulering skal altså

gjelde for alle barn.

Det eg vil her, er å peike på at skrift-

språkstimulering i barnehagen må til-

passast det skriftspråket barna skal lære

som hovudmål i skulen. Barn som skal

lære å skrive nynorsk må difor høyre,

sjå og bruke nynorsk i barnehagen i

større grad enn bokmål. For å utvikle

ANNE LIV STEINSVIKNORDAL

(anneno@hivolda.no)

er førstelektor

og norsklærar ved Høgskulen i Volda

(privat foto).

Foto:©Marco2811

første steg nr

1

|

2015

|

49