Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  51 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 51 / 76 Next Page
Page Background

graf 2-5): «Kommunen gir forskrifter om

kva målform som skal vere hovudmål i

dei enkelte skulane. Hovudmålet skal

nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg

arbeid.»

I Barnehagelova (paragraf 8) har kom-

munane fått ansvar for å leggje til rett

tilbod for samiske barn: «Kommunen

har ansvaret for at barnehagetilbudet til

samiske barn i samiske distrikt bygger

på samisk språk og kultur. I øvrige kom-

muner skal forholdene legges til rette for

at samiske barn kan sikre og utvikle sitt

språk og sin kultur».

Barn somskal lære nynorsk og vekse

opp i distrikt prega av nynorsk skrift-

kultur, har ikkje fått dei same rettane

gjennom lovverket. Det kan føre til

grunnleggjande forskjell i oppfatninga

av verdien av skriftspråka nynorsk og

bokmål, om ein definerer dei som to

språk eller to ulike skriftformer av norsk.

Tove Bull, professor i språkvitskap,

kallar nynorsk eit minoritetsspråk

(2004), fordi: «Eit minoritetsspråk er, i

høve til eit majoritetsspråk, ikkje berre

karakterisert ved at språkbrukarane er

færre, men òg ved at maktforholda er

asymmetriske.»

Dersom ein reknar nynorsk og bok-

mål somto språk, kan ein bruke forsking

om tospråksopplæring på opplæringa i

nynorsk og bokmål. Det kan opne nye

perspektiv både på språkstimulering i

barnehagen og på nynorskopplæringa

i grunnskulen.

NYNORSK I BARNEHAGEN

Ein person somhøyrer til ei språkgruppe

som er i mindretal i samfunnet, tileig-

nar seg ofte fleirtalsspråket gjennom

direkte kontakt med samfunnet rundt

seg der språket er i bruk, som oftast av

majoriteten i samfunnet (Skutnabb-

Kangas1981:138). I vår medialiserte tid

er fjernsyn, film og digitale spel sterke

påverknadskjelder for talespråket til

barna. Dialektarmed bokmålsgrunnlag

har innverknad på tileigning av talesprå-

ket til små barn. Dessutan er dei fleste

skriftspråklege kjelder somfinst for små

barn på bokmål, og dermed vert høgtle-

singa for barna også gjerne på bokmål.

Det språket somer dominerande i det

norske samfunnet og som vert brukt av

fleirtalet, ser ut til å verte meir prega

av skriftleg bokmål og bokmålsnære

dialektar etter kvart som desse språk-

kjeldene får lang verketid. For barn

som skal lære nynorsk som hovudmål,

«nynorskbarna», kan det sjå ut til at dei

lærer andrespråket bokmål gjennom

direkte kontakt med majoritetsspråk-

brukarane, og at dei lærer førstespråket,

hovudmålet nynorsk, gjennom opp-

læring i skulen. Dei lærer altså bokmål

fordi det vert brukt rundt dei på alle

kantar, fordi det er eit språk somhar høg

status og fordi fleirtalet bruker bokmål.

SPRÅKERSAMFUNNSKAPITAL

Hovudgrunngjevinga for opplæring i

morsmålet er at det skal gje identifika-

sjon og kulturell tilhøyring (Hvenekilde

1994:62). Opplæring i morsmålet skal

hjelpe barnet å vekse som menneske,

barnet skal utvikle intellektuelle ferdig-

heiter, lære seg sjølv å kjenne og utvikle

kommunikativ kompetanse. Cum-

mins hevdar at nivået eit barn oppnår

i andrespråket ermarkant korrelertmed

kompetanse i førstespråket ( jf. Befring,

Hasle og Hauge 1993).

NOU1995

Opplæring i et flerkulturelt

Norge

peikar på at samfunnskapitalen i

Noreg vert styrkt ved at av innbyggarane

meistrar mange ulike språk. Det er ein

kulturell ressurs for alle samfunn at inn-

byggarane til saman kan fleire språk på

eit høgt språkbrukarnivå. Å ta vare på

den kompetansen eit språk represente-

rer bør vere ei plikt. I langtidsprogram-

met heiter det at «regjeringen ser det

som viktig at innvandrere gis mulighet

til å beholde sin kulturelle identitet.

På den måten kan det økte mangfoldet

i opprinnelse, språk og levesett bli til

berikelse for samfunnet totalt sett»

(ibid. s. 267).

Nynorskskrivarar er vanlegvis ikkje

innvandrarar, men dei same rettane bør

gjeld for dei: å kunne ta vare på sin kultu-

relle identitet, aukemangfaldet og gjere

samfunnet rikare totalt sett.

Språk og identitet er uløyseleg knytt

til kvarandre. I denne samanhengen

er det av stor verdi for individet også

å kunne utvikle sin identitet i forhold

til kulturen og språket i opphavslandet

(Skutnabb-Kangas 1980) for å kunne

halde på og vidareutvikle sosiale og

kulturelle kontaktar. I dette tilfellet er

Noreg både «nynorsklandet» og opp-

havslandet til kulturen og språket, og

både sosiale og kulturelle kontaktar vil

endre seg og bli borte ved språkskifte frå

nynorsk til bokmål.

NYNORSKHOS PERSONALET

«De årene barna er i barnehagen, må

ikke forstås som et venteværelese for

det somskal komme senere i livet», skriv

Foto:© Christin Lola

første steg nr

1

|

2015

|

51