Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  50 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 50 / 76 Next Page
Page Background

eit godt skriftspråk og ein eigen språkleg

identitet, er adekvat språkstimulering

grunnleggjande for den språklege utvik-

linga når det både gjeld skriftspråk og

leseforståing.

TALESPRÅK

Barna oppdagar tidleg at andre barn, per-

sonale og foreldre bruker ulike variantar

av talespråket. Imange familiar snakkar

familiemedlemmene ulike dialektar og

somme tider ulike språk, og personar

med opplæring i nynorsk skriftspråk og

bakgrunn frå nynorskområde, bur over

heile landet.

Dei tilsette i skulen skal tilpasse

språket dei bruker etter elevane sitt

språk. I

Lov om grunnskulen og den

vidaregåande opplæringa § 2-5. Målfor-

mer i grunnskolen, er det uttrykt slik:

«

Kommunen gir forskrifter om kva

målform som skal vere hovudmål i dei

enkelte skulane. Hovudmålet skal nyt-

tast i skriftleg opplæring og i skriftleg

arbeid. I den munnlege opplæringa

avgjer elevane og undervisningsperso-

nalet sjølve kva for talemål dei vil bruke.

Undervisningspersonalet og skulelei-

inga skal likevel i størst mogleg grad ta

omsyn til talemålet til elevane i ordval

og uttrykksmåtar.»

I 1885 kom jamstillingsvedtaket som

sidestilte riksmål og landsmål. Vedtaket

frå 1885 er bakgrunnen for at det vert

gjeve opplæring i begge målformer i

grunnskulen. Hovudprinsippa gjeld

framleis og er ein del av opplæringslova.

Eit odelstingsvedtak frå 1878 gjeld

talemålet til lærarane. Vedtaket seier

at «Undervisningen i Almueskolen bør

saavidt muligt meddeles paa Børnenes

eget Talemaal». I Landsskulelova frå

1915 og Byskulelova frå 1917 vart det

sagt klart frå om at læraren skal til-

lempe sitt talespråk etter talespråket til

elevane: «Ved den muntlige undervis-

ning bruker elevene sitt eget talesprog.

Læreren skal såvidt muligt tillempe

det for ham naturlige talesprog efter

elevens talesprog.» Desse lovene gjeld

framleis for grunnopplæringa, og bør

også ha verknad for språkbruken til dei

vaksne i barnehagen.

ULIKEOGSJØLVSTENDIGE

For å få til dette i barnehagen, må ein

truleg endre det tradisjonelle synet på

statusen til bokmål og nynorsk. Nynorsk

og bokmål vert ofte nemnt somto former

av norsk, altså språkforma bokmål og

språkforma nynorsk. Om ein skal få til

endringar og styrkje nynorskopplæringa,

bør ein definere nynorsk og bokmål som

to ulike og sjølvstendige språk.

«Det er stort sett sosiologiske og

politiske grunnar til å kalle bokmål

og nynorsk for målformer og ikkje for

ulike språk», skriv språkforskarane

Terje Lohndal, Mila Vulchanova og

Tor Anders Åfarli ved Norges teknisk-

naturvitskapelege universitet (NTNU) i

Trondheimi ein kronikk i Aftenposten i

november 2013. Deimeiner atmoderne

språkforsking gjev gode argument og eit

anna grunnlag for å seie at bokmål og

nynorsk er ulike språk, og ikkje to former

av norsk, som dei tradisjonelt har vorte

kalla.

Omnynorsk og bokmål er ulike språk

eller former av same språket, har vore

ein langvarig debatt. I lova vert dei kalla

bådemålformer og skriftspråk; «Bokmål

og nynorsk er likeverdigemålformer og

skal vere jamstelte skriftspråk i alle

organ for stat, fylkeskommune og kom-

mune» (§ 1 Lov og forskrift ommålbruk

i offentleg teneste). Her vil eg definere

nynorsk og bokmål som to språk.

MORSMÅL

Dersom ein ser på nynorsk og bokmål

som to ulike språk, kan ein også sjå på

nynorsk som morsmålet til dei barna

som skal lære nynorsk som hovudmål

i skulen. Omgrepet morsmål vert brukt

på ulikt vis, og vanlegvis har ein rekna

at norsk er morsmålet til dei fleste som

vert fødde i Noreg, utan å skilje mellom

nynorsk og bokmål.

Ein folkelige definisjonen av om-

grepet morsmål er at det er språket

ein tenkjer på, drøymer på, tel på, og så

vidare (NOU1995:12). Ein annan defini-

sjon som ofte vert brukt, er at morsmål

er det språket ein lærer først, forstår

best og det språket ein identifiserer seg

med (Engen ogKulbrandstad 2004:182).

Detmå likevel nemnast at somme er like

kompetente i to språk og identifiserer

seg med begge. Det ser ut til å gjelde

mellom anna for mange av dei som har

nynorsk som morsmål, dei lærer etter

kvart både nynorsk og bokmål.

Omein legg definisjonen til Engen og

Kulbrandstad til grunn, kan ein sjå på

nynorsk sommorsmål for dei som lærer

nynorsk somhovudmål. Då kan ein seie

at nynorsk ermorsmål fordi dei lærer ein

norsk dialekt først, så lærer dei å skrive

nynorsk og seinare kan dei identifisere

seg sterkastmed skriftspråket nynorsk.

(Kanskje er det det som skjer i Sogn og

Fjordane, der mange har ei klar oppfat-

ning av at nynorsk er språket deira?)

At barnehagen skal støtte bruk av

morsmål er i

Rammeplanen for innhal-

det og oppgåvene i barnehagen

omtalt i

avsnittet om språkleg kompetanse:

«Morsmålet er viktig for opplevinga

av eigen identitet ogmeistring påmange

område. Eit godt utvikla morsmål er

ein grunnleggjande føresetnad for den

vidare språklege utviklinga, også når det

gjeld skriftspråk og leseforståing.»

SPRÅKSITUASJONEN I DAG

Imange samanhengar vert det peikapå at

norsk ermindre brukt enn engelsk i for-

retnings- og næringslivet og på område

som utdanning og forsking. Engelsk

er i ein dominant situasjon i høve til

norsk, men norsk vert ikkje rekna som

eit truga språk. Norsk skriftspråk vert

realisert gjennom skriftspråka bokmål

og nynorsk, men nynorsk skriftspråk

har større utfordingar enn bokmål, fordi

berre noko over 10 prosent av folket i

Noreg skriv mest nynorsk. Dei fleste

nynorskskrivarane bur på Vestlandet,

så ein kan nemne denne regionen som

«nynorsklandet», sjølv om det finst

nynorskbrukarar i alle landsdeler.

Imotsetnad til samisk språk i Noreg,

er nynorsk språk ikkje grunnlovsfesta.

Etter paragraf 110a i Grunnlova har

staten plikt til å leggje til rette for at

den samiske folkegruppa kan «sikre og

udvikle sit Sprog, sinKultur og sit Sam-

funnsliv». Opplæringslova gjev born rett

til opplæring både i og på samisk.

Nynorskopplæringa i skulen er også

lovfesta gjennomopplæringslova (para-

50

|

første steg nr

1

|

2015