BARNEHAGE
ELLER
SKOLE
FOR FEMÅRINGENE?
Høgre si utdanningspolitiske talskvinne Kristin Vinje har
lufta spørsmålet om skulestart for femåringane. Peder
Haug viser i dette innspelet at argumenta for skulestart for
femåringane er like dårlege somargumenta for skulestart
for seksåringane var. Hanmeiner det beste er å styrke
barnehagen og å sørgje for at alle barn går der.
No er spørsmålet omikkje det er på tide
å redusere alderen for skulestartmed eit
år, til det året eleven fyller femår. Då vil
dei yngste skuleborna vere fire år og sju
månader. Frå 1997 vart alderen for skule-
start senka til det året eleven fylte seks
år. Frå 1739 til 1997 hadde sjuåringane
byrja på skulen.
Argumenta som er nytta for å redu-
sere alderen for skulestart er no dei same
som vart nytta for seksåringane. Difor
et det av interesse å bli kjendmed syns-
punkta, og ikkje minst å vurdere i kva
grad ein har nådd dei måla som då vart
sette. Særleg to argument gjekk igjen.
Det første var at tidleg innsats (senka
alder for skulestart) ville gje auka kunn-
skap og kompetanse. Det andre var at
tidleg innsats ville føre til auka sosial
utjamning.
Om desse måla er nådde, er usann-
synleg ut frå dei undersøkingane vi har
tilgang på. Dei undersøkingane det gjeld
er mellom anna dei internasjonale pro-
sjekta vi tek del i (t.d. PISA, Programme
for International Student Assessment).
Den første PISA-undersøkinga vart
gjennomført i 2000. 15-åringane somdå
tok del hadde starta skulen somsjuårin-
gar. PISA i tida etter omfatta etter kvart
dei som tok til skulen som seksåringar.
Resultata viser faktisk ein
nedgang
på prestasjonssida og ein
auke
i sosiale
skilnader. Om årsaka er senka alder for
skuletart og eit år meir på skule eller
ikkje, er sjølvsagt uråd å seie, men det
er ei rimeleg tolking. Den venta oppgan-
gen kan ein i alle fall ikkje sjå noko til.
Det er såleis grunn til å tvile på omendå
eit år tidlegare på skule vil gjere nokon
forskjell.
LENGDAPÅDEN
OBLIGATORISKE SKULEN
Kopla til saka omalder for skulestart var
spørsmålet om lengda på den obligato-
riske skulen. Den hadde vore niårig sidan
1970-talet, og vart tiårig frå 1997. Eit av
argumenta rundt dette var at ein niårig
skule (med senka alder for skulestart)
ville føre til at elevane komut i arbeids-
livet eitt år tidlegare enn før.
Norman-utvalet (etter leiarenVictor
Norman) slo i 1991 fast at det ville føre
til ei årleg inntening på 11 milliardar
kroner. Forklaringa var at elevane ville
vere yrkesaktive eit år lenger.
Særleg to argument stod
imot
dette.
Det eine var spørsmålet om vidaregå-
ande skule eigna seg for elevar som var
eitt år yngre enn no. I dag vil ein i tillegg
kunne legge vekt på at fråfallet frå vidare-
gåande sannsynlegvis vil verte endå
større enn den tredelen vi no erfarer.
Det andre var at i vidaregåande skule
skal elevane starte yrkesvalet sitt. Det er
mange som vel om att seinare, og som
dermed brukarmeir tid på vidaregåande
enn tre år. Alternativet er sjølvsagt at
vidaregåande skule endrar sitt innhald
og sine opplegg. Det skal mykje til, og
vart då vurdert som ei dårleg løysing.
Slik er det nok framleis.
POLITIKARANE, IKKJE
FORSKARANE, ERPÅDRIVARANE
FORSENKASKULESTART
Mellom fagfolka var diskusjonen først
og fremst knytt til spørsmålet om skule
er ein eigna stad å vere for små barn. Det
vart raskt sterkmotstand frå dei somvar
opptekne av at barn skal få vere barn så
lenge som råd. I det låg eit ønske om at
PEDERHAUG
)
er professor ved Institutt for pedagogikk,
Høgskulen i Volda (foto/© Første steg).
Ein
betre barnehage
er betre enn
for
femåringane
10
|
første steg nr
2
|
2014