Første Steg nr. 2-2014 - page 12

BARNEHAGE
ELLER
SKOLE
FOR FEMÅRINGENE?
Veit KristinVinje korleis barn lærer, eigentleg? spør Dag
Skram, somunderviser barnehagelærarstudentar i Sogndal.
No har det skjedd igjen. Ein eller annan
politikar har fått ein fiks idé etter å ha
forlest seg på ein rapport, eller høyrt eit
foredrag og tolkar det det inn i ein totalt
misforstått samanheng. Denne gongen
er det utdanningspolitisk talskvinne
Kristin Vinje i Høgre som meiner det
bør opnast opp for skolestart for fem-
åringar (Aftenposten 26.1.14). Heldigvis
gjekk statsminister Erna Solberg ut og
la denne ballen død, i alle fall i første
omgang. Det er sjølvsagt heilt legitimt
å fronte dette synspunktet, men eg vil
her oppmode Kristin Vinje og hennar
eventuelle meiningsfeller om å tenke
grundig gjennom fylgjande spørsmål:
Korleis lærer barn, eigentleg?
Gjennommitt arbeid med boka
Leik
og læring i samspel
(2007) er det lagt
vekt på at barn og unge heilt opp til 10–11
års alder tileignar seg det meste av sine
kunnskapar og ferdigheiter gjennom
leik. Dette gjeld på alle utviklingsområde
motorisk, sosialt, emosjonelt og kogni-
tivt. Leik er rett og slett denmest effek-
tive måten barn lærer på av di den er
indremotivert og lystbetont. På einmåte
kan vi seie at barnet er i leiken samtidig
som læringa skjer i barnet. Gjennom leik
tileignar barn seg eit heilt språk på ein
to–tre år, dei lærer seg alle dei viktige
begrepa som gjer dei i stand til å kom-
muniseremed andre. På denmåten legg
dei grunnlaget for vidare læring. Det er
gjennom leiken at barnet opplever og
erfarer den verda dei skal bli ein del av.
EI KONSTRUERTMOTSETNING
Vimå altså rydde opp i den oppkonstru-
erte motsetninga mellom leik og læring
ein gong for alle. Leik kan ikkje vere det
motsette av læring av di desse begrepa
ikkje kan samanliknast. På ein måte er
det å samanlikne leik og læring som å
samanlikne eple og frukt. Læring er over-
ordna leiken som begrep, og kan difor
ikkje sidestillast. Når vi skal diskutere
leikens rolle og omfang i opplæringa på
småskulesteget, må det vere i forhold til
undervisningsaktivitetar
og ikkje i for-
hold til læringsbegrepet. Barn lærer ved
å leike og dei
kan
lære ved å bli undervist.
Undervisning i seg sjølv er nemleg
ikkje nokon garanti for at læring skal
finne stad. Det berre verkar slik når ein
høyrer på norsk skuledebatt. Ein erfaren
lærar sa det på denne måten: «Det var
eit sjokk formeg den gongen eg oppdaga
at undervisning og læring ikkje er det
same.» At det føregår undervisning i eit
klasseromer ingen garanti for at elevane
lærer. Læraren og eleven har ulike rol-
ler i denne prosessen.
Det er læraren
somunderviser og barnet som skal lære
.
ArneTrageton (1997) siterer i boka
Leik
i småskolen
‘Anne 6 år’ somspør læraren:
«Kvifor er det du som heiter lærar? Det
er jo eg som skal lære.»
ELEVENERVIKTIGAST
FORLÆRING
Det blir difor heilt feil når statsminis-
teren i sin opningstale i Stortinget i fjor
haust sa at «Den viktigaste personen for
ein elevs læring er – læraren».
Har det norske ordet lærar leiamerk-
semda mot læraren si undervisning og
vekk frå den viktigaste aktøren i skulen,
barnet som skal lære? Tenk på det fak-
tumat opp imot einfiredel av dei fem- og
seksåringane sombyrjar på skulen etter
sommarferien,
har lært seg
å lese og til
og med skrive ein del. Eg observerte
ein gong ein femåring som studerte ein
kalender. Han stod der lenge, so såg han
påmeg og spurde: «Kva er einH-Ø-G-T-
I-D-S-D-A-G for noko»? Eg skjøna då
at han hadde knekt lesekoden. Korleis
kunne denne femåringen og andre fem-
åringar finne ut av dette på eiga hand?
Ved å læreKein dag og L ein annan dag?
Eller lærer barn på ein annan måte?
BådeRammeplan for barnehagen (KD
2011) og Kunnskapsløftet (2006) tek
utgangspunkt i eit
heilskapssyn
på barns
utvikling og læring. Utvikling og læring
skjer i eit dynamisk og tett samspelmel-
lomfysiske ogmentale føresetnader. Eit
barn møter og sansar verda med heile
seg, og ikkje stykkevis og delt. Vi kan
på ein måte seie at barnet skal ‘erobre
DAG SKRAM
) er førstelektor
i pedagogikk ved Høgskulen i Sogn
og Fjordane (foto: Arne Solli)
Femåringar lærer best i barnehagen
– gjennom leik!
12
|
første steg nr
2
|
2014
1...,2,3,4,5,6,7,8,9,10,11 13,14,15,16,17,18,19,20,21,22,...68
Powered by FlippingBook