Første Steg nr. 2-2014 - page 22

Mandatet til Følgjegruppa har gått
ut på å gjennomføre dialogmøte med
utdanningsinstitusjonane om utvik-
linga av dei lokale programplanane, på
grunnlag av rammeplanen og nasjonale
retningsliner.
Korleis er reforma tolka ute i institu-
sjonane? Kva er dei kritiske punkta for
gjennomføringa av reforma?Kva priori-
teringar og prosessar har vore gjennom-
førte for å lukkastmed reforma så langt?
Kva problem har en måtte handtera og
korleis er problema løyste? Dette er
spørsmål Følgjegruppa har søkt svar på.
Følgjegruppa har vore delt i tre
besøksgrupper, og Første steg fikk vere
med gruppamedmedlemmane JoFiske
(oppvekstsjef i Asker kommune), Birte
Simonsen (dekanvedbarnehagelærarut-
danninga vedUiA) ogMarianne Storjord
(dekan for lærarutdaningane i avdeling
forutdanningiSametinget)tilHøgskulen
i Sogn og Fjordane (HiSF) i Sogndal og til
Høgskulen i Volda (HiVolda) 8. og 9. april.
EI LEIARUTDANNING
Dei representantane for praksisfeltet
som tok ordet i Sogndal, anten i panelet
eller frå salen, var samde om at BLU-
studentane er lette å føre inn i arbeidet
i barnehagen når dei er der i praksis.
Dei tek meir naturleg leiinga i verk-
semda både i høve til barna og i høve til
assistentane – det er tydeleg at BLU i
mykje større grad enn FLU (den gamle
førskulelærarutdanninga) legg vekt på
å gjere studentane til leiarar allereie frå
første klasse.
Representantane frå praksisfeltet
svara såleis langt på veg ja på spørsmålet
frå gruppemedlem Jo Fiske; han ville
vite om overgangen frå FLU til BLU er
noko meir enn ein formalitet.
Hildegunn Bergheim, paneldeltakar
frå praksisfeltet, kommenterte også at
BLU-studentane visste mykje meir om
de yngste barna enn studentane visste
før. I tillegg var ho glad for at barnehagen
Tre besøksgrupper
Følgjegruppa har vore samansett av
tre besøksgrupper. Den eine besøks-
gruppa har hatt Mimi Bjerkestrand
(rektor i Bergen kommune), Sigrun
Sand (Høgskolen i Hedmark) og
Robert Ullmann (leiar av Barnehage-
stiftelsen Kanvas) som medlemmar;
gruppa har besøkt Høgskolen i Nesna,
Høgskolen i Nord-Trøndelag/Levan-
ger, Dronning Mauds Minne, Høg-
skole for barnehagelærerutdanning
(DMMH) i Trondheim, Universitetet
i Agder/Kristiansand, Høgskolen
i Telemark/Bø, og Universitetet
i Stavanger (UiS).
Den andre gruppa har hatt JoFiske,
Birte Simonsen ogMarianne Storjord
som medlemmar; gruppa har besøkt
Høgskolen i Oslo ogAkershus (HiOA),
Høgskolen i Hedmark/Hamar, Høg-
skolen i Østfold/Halden, Høgskolen
på Stord, Høgskulen i Sogn og Fjor-
dane/Sogndal, og Høgskulen i Volda.
Den tredje besøksgruppa har hatt
medlemmane Leif Hernes (HiOA),
Ingrid Pramling Samuelsson (Göte-
borgs universitet) og Bjarne Stener-
sen (Universitetet i Tromsø (UiT)
– Norges arktiske universitet); ho
har besøkt Universitetet i Nordland/
Bodø, UiT, UiT/Campus Alta, Høg-
skolen i Vestfold/Borre, Høgskolen
i Bergen, og Norsk Lærarakademi
(NLA) i Bergen.
Svein Ole Sataøen har reist med
alle tre gruppene som leiar for det
faglege sekretariatet.
AS
SOGNDAL: – Vi må heile tida arbeide med strukturen, seier praksisrettleiar og høgskulelektor
Lillian Pedersen (t.v.), som meiner lærarane har fått meir innblikk i faga til kvarandre og eit meir
tverrfagleg blikk på arbeidet, men ho understrekar òg at BLU-lærarane enno treng meir tid og ro til
å finne ein god form på utdanninga. Høgskulelektor Kjersti Johannessen (t.h.) seier evalueringa av
faga er ei utfordring, og at evalueringa kan bli styrande for valg av eksamensform – ho lufta ideen
om mappeeksamenar.
22
|
første steg nr
2
|
2014
1...,12,13,14,15,16,17,18,19,20,21 23,24,25,26,27,28,29,30,31,32,...68
Powered by FlippingBook