Første Steg nr. 2-2014 - page 23

fekk dei same studentane attende gjen-
nom fleire praksisperiodar, og ho rosa
samarbeidetmed faglærarane vedHiSF
om praksisperiodane.
Studentane tala også varmt for prak-
sis, og dei kommenterte at praksisen blei
ekstra verdifull i dei stundene når fag-
lærarar frå høgskulen og praksisansvar-
leg i barnehagen var til stades samtidig.
BLU-studentane og representantane
frå praksisfeltet er altså godt nøgdemed
situasjonen. Studentrepresentantene i
panelet seier dei godt kan sjå saman-
hengen mellom det dei lærer teoretisk
og det dei skal arbeide med i praksis i
barnehagen og i barnegruppa.
Dei fagleg ansvarlege ved høgskulen
ermeir ambivalente. Først og fremst ber
dei ommeir tid. Dei tykkjer ikkje dei heilt
har funne forma på det det skal arbeide
med. Nokre er engstelege for at prak-
tiske ferdigheiter skal bli gløymde i all
teorien, deimeiner det ikkje blir tid til å
praktisere dei praktisk-estetiske faga, til
dømes –nokrebrukteordet «krise». «Blir
studentane betre leiarar, samtidigmed at
dei kan færre songar enn før?» someinsa.
Andre blir ikkje samde seg imellom
omdet blir for lite pedagogikk, eller om
pedagogikken tvert om går ut over faga
(som ikkje er ti fag lenger, men seks
kunnskapsområde).
Men det er rett å seie at alle i Sogndal
er optimistar, dei trur dei vil få det til,
og dei er godt på veg – det dei ber om er
tid nok!
Studieleiar AudMarie Stundal argu-
menterteslikforBLU:–Vitalarombarne-
hagelærararen som en fagleg leiar med
fagleg tyngde. Barnehagelæraren har
spisskompetansen andre ikkje har. Gjen-
nom BLU må vi tydeleggjere kva som
er minimum av kompetanse ein person
treng for å få lov til å arbeide med barn
i barnehagen.
Dertil vil ho ha fleire barnehage-
lærarar, større pedagogtettleik: – Det
blir ikkje noko spennande og pulserande
fagmiljø i ein barnehage med berre ein
eller to barnehagelærarar.
VOLDAVILHEVE SEG
Førstekompetansen blant dei tilsette ved
førskulelærarutdanninga vedHøgskulen
i Volda blei avNasjonalt organ for kvali-
tet i utdanninga (NOKUT) vurdert som
ikkje heilt god nok i NOKUT-rapporten
som kom hausten 2010.
– Det tok dei tilsette på alvor, seier
Anne Øie, prodekan ved BLU. Dei skriv
meir, dei forskar meir, dei deltek meir
på konferansar, og førstekompetansen
er blitt heva. Dei har teke alvoret med
seg inn i oppbyggjinga av BLU.
Det første utdanningsåret ved BLU
var enno ikkje fullført då dei tre repre-
sentantane frå følgjegruppa var på besøk.
Alle, ikkje minst studentane, skryt
av vektleggjinga av leiarskap. «Eg som
leiar» er eit eige tema og ein gjengangar
gjennomstudiet. Også faglæraranemei-
ner BLU er på rett veg med leiarskap i
fokus og byggjing av profesjonsidentitet.
Representantane frå praksisfeltet
seier at studentane tydeleg viser at dei
utdannar seg for å bli leiarar, noko også
dei tykkjer er bra. Dei meiner også at
studentane legg for dagen ein tydeleg
profesjonsidentitet og at dei er gode til
å ordleggje seg og til å presentere ei sak.
De same representantane er ikkje
like nøgde med samarbeidet med høg-
skulen. Dei meiner det må bli betre, og
trur det vil bli betre, når ein berre tek
tida til hjelp. For eksempel meiner dei
at førehandskommunikasjonenmellom
høgskule og praksisbarnehage ikkje har
vore god nok.
Samstundes seier dei: – Alt i alt bra!
Faglærarane, framfor alt, etterlyser
meir tid til planleggjing og meir ressur-
sar i formav timar –med andre ordmeir
pengar.
AS/tekst og foto
Ikkje heilt likt
BLU-studiet utgjer 180 studie-poeng, men oppbyggjinga vil kunne variere frå
høgskule til høgskole. Heller ikkje mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, i Sogn-
dal, og Høgskulen i Volda, som ligg i Møre og Romsdal, er det heilt likt.
Slik så 1. studieår ut for BLU-studentane i pilotprosjektet i Sogndal, studieåret
2012/2013:
Barns utvikling, leik og læring, 30 studiepoeng; Språk, tekst og
matematikk, 20 stp.; Natur, helse og rørsle, 10 stp. I tillegg kjem tid til praksis i
barnehage. (1. studieår for førsteklassen 2013/2014 er nesten likt, men ikkje
heilt.)
Slik ser 1. studieår ut i Volda studieåret 2013/2014:
Barns utvikling, leik og
læring, 22,5 stp.; Natur, helse og rørsle, 20 stp.; Samfunn, religion, livssyn og
etikk, 20 stp. I tillegg kjem praksis.
Slike variasjoner vil vere vanlege; BLU utgjer ei ramme, men lærarkollegia rundt
om kan sjølve byggje studiet innafor den overordna ramma.
AS
SOGNDAL: Studieleiar Aud Marie Stundal
håpar BLU vil gi barnehagelærarane ei status-
heving, mellom anna sa ho: – Vi må tydeleggjere
kva som er minimumskompetansen for å få lov
til å arbeide med barn i barnehagen.
første steg nr
2
|
2014
|
23
1...,13,14,15,16,17,18,19,20,21,22 24,25,26,27,28,29,30,31,32,33,...68
Powered by FlippingBook