Første Steg nr. 2-2014 - page 11

barn skal få ein fridom til eigenaktivi-
tet og leik og ein fridom frå tvang. Auka
institusjonalisering var sett på som eit
problem, innesperringa av barn var eit
debatt-tema. Skulen vart i dei ekstreme
tilfella oppfatta som ein stad der barn
tok skade. Omgrepet
skulsk
vart nytta
nærast som eit skjellsord.
Til dette komei omfattande forsking
som tydde på at barn ikkje har godt av
å verte sett for tidleg inn i formelle og
krevjande læringssituasjonar. Det var
få fagfolk somdirekte forsvarte å senke
alderen for skulestart, drivarane var
først og fremst politikarane. Dei fagfolka
som engasjerte seg for skulen la vekt på
kor robuste barn er, og kor stor lærings-
kapasitet dei har. Resultatet vart som
kjent at vi fekk ei formulering omat den
nye skulen skulle innehalde det beste
frå barnehagen og det beste frå skulen.
Konkret tydde det at den strukturerte
læringa skulle dempast ned i det første
året. Mellom anna skulle den formelle
leseopplæringa vente til år to.
Det første året skulle vere mykje
likt måten barnehagen arbeidde på.
Difor bygde kommunane om skulane
sine slik at dei nye elevane fekk andre
typar rom, meir som i barnehagen. Det
var slik nokre få år, heilt til vi rett etter
årtusenskiftet fekk resultat somviste at
elevane våre var dårlegare lesarar enn
elevar frå mange andre land. Då var
det beste frå barnehagen ikkje lenger
så viktig, og departementet bestemte
at leseopplæringa skulle ta til i første
klasse.
PÅSTANDUTAN
DOKUMENTASJON
Den store innesperringa av små barn er
ikkje lenger eit tema. Nesten alle barn
over tre år går i barnehage. Kvifor kan
ikkje eit barnehagetilbod tene formålet?
Svaret då som no er at barnehagen
ikkje gir eit godt nok tilbodmed tanke på
å sikre barna eit godtmiljø for læring og
utvikling. Då som no er det ein påstand
utan dokumentasjon.
Tvert om, det finst mykje forsking
som viser at barnehagen gir eit svært
positivt bidrag til barna si læring og
utvikling. Den næraste løysinga synest
difor å ligge i å styrke barnehagen, og å
sørgje for at alle barn går der.
skulestart
Denne artikkelen stod òg på trykk i Vårt Land
29. januar i år.
Foto:
©Hunta
første steg nr
2
|
2014
|
11
1...,2,3,4,5,6,7,8,9,10 12,13,14,15,16,17,18,19,20,21,...68
Powered by FlippingBook