Utdanning nr 08-2014 - page 23

Ut i verden
Den israelske nasjonalforsamlingen
har vedtatt at også ultraortodokse
jøder må avtjene verneplikt.
Bare de som gjør det aller best på
skolen, vil få fritak. Siden Israel ble
grunnlagt i 1948, har de ultraorto-
dokse Haredi-jødene vært fritatt for
militærtjeneste for å kunne fordype
seg i de hellige skriftene. Ordningen
har vært forsvart med at de på den
måten bidrar til at Gud beskytter
landet.
Ein engelsk kjemilærar som vart
nekta godkjenning av skotske skule-
styresmakter, har fått medhald i den
høgste sivildomstolen i Skottland.
Derek Sturridge vart godkjent som
lærar i England allereie i 2001, der
han òg har vitnemål frå universi-
tetet i Birmingham. Men det skot-
ske godkjenningsorganet General
Teaching Council meinte dette ikkje
er godt nok til å få arbeide som
lærar i Skottland. Generalsekretær
Larry Flanagan i Skottlands største
lærarorganisasjon, EIS, åtvarar mot
at dommen kan føre til at krava for
å undervise der kan bli senka, skriv
den skotske avisa The Herald.
Lindgren vert vraka
Israel
Skottland
Russland
Astrid Lindgren er ein av forfatta-
rane som er uønskt på pensum i
russiske skular. Hovudpersonane
gjev ikkje den oppveksande slekta
riktige haldningar, konkluderer
ekspertgruppene til Utdannings-
departementet.
TEKST
HaraldF.Wollebæk
Den svenske forfattaren
er i selskap
med mellom andre brørne Grimm,
A.A. Milne og Rudolf Erich Raspe,
forfattaren bak skrønemakaren
«Baron von Münchausen». «Gno-
mar, alvar, fakirar med slangar og tre
små grisar er neppe eigna til å opp-
fostre born til patriotisme og gjere
dei stolte over sitt folk», står det i
grunngjevinga, ifølgje den russiske
nettavisa Gazeta.ru.
Det rådgjevande organet til depar-
tementet, der utdanningsprofesjonen
er tungt representert, kritiserer kraf-
tig ekspertane sine konklusjonar.
– I ekspertfråsegnene om desse
bøkene kan ein sjå absurde formule-
ringar, som at Ole Brumm og Cippo-
lino er upatriotiske hovudpersonar.
Det er heilt opplagt at ei ny vur-
dering er naudsynt, seier Stanislav
Smirnov, ein av dei to leiarane for
rådet, til avisa.
Men Utdanningsdepartementet
gjer det klart at først om tre år vil det
bli gjort ei ny vurdering av lista over
tillatne pensumbøker.
Tilrådingane frå ekspertane vart
først godkjende i Vitenskapeleg-
metodologisk råd. Viseminister for
utdanning, Natalija Tretjak, forsvarar
konklusjonane til dette rådet.
– Der er representantar for orga-
nisasjonar, lærarar, senatorar, parla-
mentsmedlemmer og representantar
for dei organa som har utført eksper-
tarbeidet. Det ville ikkje vere korrekt
å ikkje ha tillit til desse respekterte
personane, seier ho.
Som
Kun skolelys får
slippe militærtjeneste
Fryktar nivåsenking
etter dom
Karlsson på taket
er den
mest kjende av Astrid
Lindgren sine figurar
i Russland. I 1992 var
han motiv på frimerke.
I 2014 er han uønskt i
skuleverket.
1...,13,14,15,16,17,18,19,20,21,22 24,25,26,27,28,29,30,31,32,33,...68
Powered by FlippingBook