Utdanning nr 08-2014 - page 22

22 |
UTDANNING
nr. 8/25. april 2014
Kort og godt
Astronomi
«Alt jeg ønsker av politikere, er at de nøyer seg med
å forandre verden, uten å først forandre sannheten.»
Jean Paulhan (1884-1968), fransk forfatter og utgiver
Göring og Dimitrov som kranglar under rettssaka
etter riksdagsbrannen i Berlin i 1933, reporta-
sjar frå dei olympiske vinterleikane i Tyskland i
1936, nyhendesendinga som førte til mobilise-
ring 9. april 1940, talen som kong Haakon heldt
til det norske folk julaftan 1943, rettssaka mot
Vidkun Quisling og krigsforbrytarprosessen i
Nürnberg.
Dette er noko
av det du no kan høyre med eigne
øyre. Over 2700 radioprogram frå tidsrommet
1933-1945 og meir enn 25.000 nyhendesendin-
gar frå 1935-2013 er lagde ut på nettet.
Avtalen mellom NRK og Nasjonalbiblioteket
inneber at alle radioprogram som NRK har ret-
tane til, kan leggjast ut på internett via nb.no.
Slik høyrer du dei historiske radiopro-
gramma: Gå til nb.no/nbsok/advanced_search.
Vel «Radio» og legg inn eit datospenn mellom
1933-1945.
Historiske radioprogram på nettet
Historie
Universitetet i Oslo (UiO) tilbyr to nye eittårige
studium: italiensk og portugisisk. Italiensk er på
femte plass blant språka i vidaregåande skule.
Portugisisk er på veg inn som nytt språk i nokre
vidaregåande skuler.
For å ta dei nye eittårige studia krev UiO ingen
forkunnskapar i språka.
I løpet av eitt år vil studentane nå eit språknivå
som fungerer i kvardagslivet, og dei får brei inn-
sikt i kultur, historie, samfunn og litteratur, melder
UiO i ei pressemelding.
Språk
Nye eittårige studium
i italiensk og portugisisk
Skoleklasse oppdaga
ny pulserande stjerne
Elevar ved Horten videregående skole oppdaga
stjerna frå Nordisk Optisk Teleskop på La Palma
i Spania.
Elevgruppa gjorde undersøkinga som årsprosjekt
i faget teknologi og forskingslære. Etter teori og
praksis på mindre instrument i Norge hausten 2013
fekk dei 10 timar ved Nordisk Optisk Teleskop på
La Palma etter å ha søkt om observasjonstid.
Elevane leverer ein rapport som skoleoppgåve,
og arbeider òg med å publisera dei vitskapelege
resultata.
Stjerna dei har oppdaga, har halvparten av
massen til sola og utviklar seg slik at kjernen har
brent opp alt hydrogenet og brenn nå helium. Disse
stjernene må ha mista det aller meste av dei ytre
laga sine gjennom et samspel med ei anna stjerne
eller ein massiv planet då den gjekk gjennom
raud-kjempe-stadiet før heliumet byrja å brenne i
kjernen.
Det er enno ukjent nøyaktig korleis tapet av
hydrogen har gått føre seg. Derfor er denne typen
pulserande stjerner viktige funn for forskarane
fordi dei kan analysera den indre strukturen i
stjernene.
Av Jan Kåre Trandem Qvam
Elevar ved Horten
videregående skole har oppdaga ei
stjerne. Frå venstre: Jan Qvam (instruktør), Erika Pakštienė
(instruktør), Edwin Nongba Traore (i kvitt), Lars Kristian
Seljebotn (briller), Christian Eide (blå T-skjorte), Monica
Lapadatu (med hestehale), Morten Heger (rutete skjorte),
Rendell Walter Cale (i kvit T-skjorte), Alexander Bonner
Aksnes (bak nr. 10), Anna Natalie Von Huth (brun jakke) og
Jens Ludvik Grytnes Joberg (lue).
FOTO
PRIVAT
Over 2700 radioprogram
frå 1933-1945 og meir enn 25 000 nyhendesendingar
frå 1935-2013 ligg no på nb.no.
FOTO
UKJENDFOTOGRAF,BILETAERHENTAFRÅNASJONALBIBLIOTEKETSISAMLING.
Internett
3000 nordiske publikasjonar
tilgjengelege via Open Access
Nordisk råd lanserer ein ny open plattform for
forskingsresultat og rapportar innan det offisielle
samarbeidet i Norden. Alle publikasjonar som blir
gjeve ut og blir finansiert av rådets sekretariat
og institusjonar, skal bli tilgjengelige for gratis
nedlasting, ifølgje ei pressemelding frå rådet. I
dag inneheld plattforma cirka 3000 publikasjonar.
Søkespråk er svensk, norsk og engelsk. Bak platt-
forma står Uppsala universitetsbibliotek.
Se norden.diva-portal.org og norden.org/
openaccess
1...,12,13,14,15,16,17,18,19,20,21 23,24,25,26,27,28,29,30,31,32,...68
Powered by FlippingBook