Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  42 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 42 / 68 Next Page
Page Background

42 |

UTDANNING

nr. 6/20. mars 2015

Innspill

Kvifor har kvinner fleire

helseplager og høgare

sjukefråvær ennmenn?

Det går føre seg ein debatt

om kvifor kvinner

har fleire helseplagar og høgare sjukefråvære enn

menn. Årsakssamanhengen her blir omtalt som ei

gåte, og fagfolk er på leiting etter den ukjende x.

Det finst ein god del forsking og dokumenta-

sjon om vald mot kvinner og dei helsemessige

konsekvensane som slik vald har. Dersom ein ser

på denne dokumentasjonen i relasjon til kvinner

sitt sjukefråvære, så syner seg kanskje ikkje dei

kjønnsskilnadene som kjem fram i statistikken

over sjukefråvære like overraskande.

Så tidleg som i 2003 kom NOU 2003:31, «Ret-

ten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner

i nære relasjoner». Her er ein grundig gjennom-

gang av omfang av slik vald, situasjonen for kvin-

nene, barna og valdsutøvaren, hjelpeapparatet,

dei juridiske aspekta, helsemessige konsekvensar

og samfunnsmessige kostnader ved slik vald. Når

det gjeld helsemessige konsekvensar for kvinnene,

slår utgreiinga fast at menn si vald mot kvinner i

nære relasjonar kan ha store og inngripande kon-

sekvensar for kvinnene sitt liv og helse, og i verste

fall kan slik vald vere dødeleg. Det står mellom

anna:

«Kvinner utsatt for vold er i risikosonen for å

utvikle en rekke psykiske plager og symptomer.

Både nordiske og internasjonal forsking viser at

voldsutsatte i langt større grad enn kvinner gene-

Sjukefråvære hos kvinner

Arna Meisfjord

cand. polit

Prosjektansvarleg for

høgskolestudiet «Vald

mot kvinner – Retten til

eit liv utan vald»

FOTO

MARTINJØSEVOLD

relt har angstproblemer, depresjon, søvnproble-

mer og fysisk ubehag.»

Kvinner som har vore utsett for vald i nære rela-

sjonar, utviklar oftare rusproblem og prøver oftare

å ta sitt eige liv enn kvinner som ikkje har vore

utsett for slik vald.

I tillegg til dei lidingane som rammar kvinner

og barn direkte, peikar ein i NOU 2003:31 òg på

samfunnsmessige kostnader ved slik vald. Tapte

skatteinntekter, sjukepengar, attføring eller uføre-

pensjon blir trekt fram her.

I «Handlingsplan mot voldtekt 2012-2014» frå

Justisdepartementet er det eit eige avsnitt om hel-

semessige konsekvensar av valdtekt. Her står det

mellom anna:

«Flere studier har vist at personer som har vært

utsatt for overgrep, opplever plager av fysisk og

psykisk karakter i etterkant. Overgrepserfaringer

kan medføre depresjoner, selvmordstanker, tap

av tillit til andre mennesker og sosial tilbaketrek-

ning. Det er videre registrert økt risiko for å utvikle

rusproblemer og for å bli utsatt for nye overgrep.»

I 2014 fekk vi rapporten «Vold og voldtekt i

Norge» frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og

traumatisk stress. Rapporten viser at 9,4 prosent

av kvinnene og 1,1 prosent av mennene i Noreg

har opplevd valdtekt nokon gong i løpet av livet.

Av kvinnene som opplevde valdtekt, var nesten

halvparten (44 prosent) redde for å bli alvorleg

skada eller drepne, og mange fekk fysiske skadar

(29 prosent). I denne rapporten kjem det fram at

den største gruppa av dei som valdtek kvinner,

er «venn/bekjent/nabo/kollega» og nest største

gruppe er «kjæreste/partner eller tidligere kjæ-

reste/partner». Det kan vel tenkast at dersom ei

kvinne har vore utsett for valdtekt av ein kollega,

så er det ikkje så enkelt å gå på jobb dagen etter.

Kanskje kollegaen til og med var sjefen.

Denne rapporten slår fast at vald er eit kjønna

samfunnsproblem og at kvinner i langt større

grad enn menn blir utsette for alvorleg vald frå sin

partnar. Om samanhengen mellom vald, valdtekt

og psykisk helse, står det mellom anna:

«Kvinner i denne studien var mer utsatt for

voldtekt, andre seksuelle overgrep og alvorlig vold

fra partner enn det menn var. Vold er knyttet til

en spesielt høy risiko for psykiske helseproblemer

(Dahl, 1993). Kvinner hadde også en større total-

belastning av vold og overgrep. Siden høyere antall

opplevde voldstyper var relatert til større grad av

psykiske helseproblemer, er det sannsynlig at vold

og seksuelle overgrep kan bidra til å forklare hvor-

for kvinner har mer psykiske helseproblemer enn

menn. Andre forskere har også fremsatt lignende

fortolkninger (Andrews, Brewin,& Rose, 2003;

Campbell, 2002).»

Kjersti Alsaker gjorde i 2008 ein doktorgrad ved

Universitetet i Bergen, der ho studerte helsemes-

sige problem hos kvinner som hadde søkt hjelp

ved krisesenter i Noreg. Ho legg fram resultata i

boka «Quality of Life among Women Who Have

Experienced Intimate Partner Violence. A One

Year Follow-up Study among Women at Norwe-

gian Women’s Shelters».

Undersøkinga dokumenterer store helsemes-

sige problem for dei kvinnene som har vore utsett

for vald frå sin partnar. Forfattaren understrekar

behovet for at helsevesenet og andre offentlege

instansar kjenner til denne problematikken og er

i stand til å tilby nødvendig hjelp.

Det har vore ein lang kamp for å synleggjere

den valden som særskilt rammar kvinner, og den

aktuelle debatten om kvifor kvinner har større

sjukefråvære enn menn, kan tyde på at denne

kampen ikkje er over. I den tidlegare nemnde

rapporten frå Nasjonalt kunnskapsenter om vold

og traumatisk stress blir det stilt spørsmål ved om

valdtekt og den seksualiserte vald som særskilt

rammar kvinner, framleis er den skjulte valden.

Det kan sjå ut som om vår kultur har «ein blind

flekk», som gjer at slik vald blir usynleg. Dermed

kan forskarar drøfte sjukefråvær hos kvinner utan

å sjå valdsproblematikken som ein relevant faktor

i denne samanhengen.

«I tillegg til dei lidingane

som rammar kvinner og

barn direkte, peikar ein

i NOU 2003:31 òg på

samfunnsmessige kostnader

ved slik vald.»