Utdanning nr 10-2014 - page 35

35 |
UTDANNING
nr. 10/23. mai 2014
8. juni entrar adjunkt Bjørn Håvard Grønvik
igjen scenen for å gi til beste eigne folkrock-
låtar. Det er lenge sidan sist.
TEKST
KirstenRopeid |
FOTO
RuneLangfjæran
– Du kan godt kalle musikken min country. Og folk
må gjerne danse, ein kan ikkje vere så snobbete at
ikkje det er greitt, seier Grønvik, som arbeider ved
Steinkjer videregående skole.
– Eg var aldri proff musikar, men det var noen år
da eg dreiv svært intenst med musikk, fortel han.
Så tok han lærarutdanning i relativt moden alder.
Han fekk småbarn, skaffa seg lærarjobb, flytta til
Inderøy og kjøpte seg gard. På Fjeset, som garden
heiter, driv han med spælsau og trønderfe, gamle
norske husdyrrasar. Det vart mye som konkurrerte
om tida hans, og musikken vart nedprioritert nokre
år. Så begynte rykta å gå på Inderøya om at Bjørn
hadde tatt fram Gibson-gitaren igjen.
Heilt til utkanten av Inderøy kommune, heilt ut i
Langfjæran, gjekk rykta. Der har Rune Langfjæran
bygd si eiga scene, «Langfjæran Arena», og arran-
gerer sin eigen musikkfestival. Dit lokka han Grøn-
vik, med nytt band, i fjor.
I år er Langfjæran Arena ein del av musikkfes-
tivalen «Inderøy fest». Grønvik og det nye bandet
hans opptrer der saman med bandet «Rainmakers»
frå Kansas City i Missouri. Amerikanarane kjem til
Langfjæran frå konsertar på «Sweden Rock Festi-
val» og Rockefeller i Oslo.
– Det er ein drøy veg frå sentrum på Inderøya og
ut til Langfjæran. Dei som kjem dit, kjem ikkje berre
for musikken, dei kjem for heile stemminga på denne
svært spesielle konsertstaden, seier Bjørn Grønvik.
På skolen underviser han i historie og norsk. Men
ein historielærar treng ikkje vere ein nostalgikar,
ifølgje Grønvik.
– Halvparten av det vi skal spele i Langfjæran, er
nykomponerte låtar som ikkje er framført før. Om det
ikkje var slik, hadde det ikkje vore særleg vits, seier
han, og gjentek at han har liten sans for nostalgi.
Med i det nye bandet er Einar Olav Larsen på fio-
lin og mandolin, Bjørn Arild Aksnes på kontrabass og
Johannes Langfjæran på gitar. The Crowmen kallar
dei seg, same namnet som albumet Grønvik gav ut
med det førre bandet sitt i 2000.
– Er det du som er sjefen?
– Vi har det vel ganske demokratisk. Men det er
eg som skriv låtane, og det er eg som er vokalist, så
eg bestemmer vel ein god del, svarar Bjørn Håvard
Grønvik.
Frisonen
Folkrock i
fjæra
Mine
tips
Les mer
inderoyfest.no
I denne spalten forteller
våre lesere om hva de trives
med å gjøre i fritiden.
Bjørn Håvard
Grønvik (51)
Kven
Adjunkt ved Steinkjer
videregående skole
Kva
Bandleiar
Dette treng du:
«Kompisane som kain
å spell», utstyr, øvings-
lokale, musikalsk vilje
og retning.
Bjørn Grønvik i aksjon
sist sommar, etter lang tid
borte frå rockescenen.
1...,25,26,27,28,29,30,31,32,33,34 36,37,38,39,40,41,42,43,44,45,...60
Powered by FlippingBook