Table of Contents Table of Contents
Previous Page  34 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 34 / 100 Next Page
Page Background

Når personleg kunnskap er

sosialt robust

■■

av

per

inge

båtnes

Kunnskap og kompetanse kan forvitre, bli feig og forsiktig og miste aktualitet før

ein veit ordet av det. Difor treng personleg kunnskap ettersyn. Eit slikt ettersyn

gjeld dei relasjonelle kvalitetane som gjer kunnskapen robust. Det er til dømes

i «uenighetsfellesskapet» at den personlege kunnskapen blir sosialt robust. Ein må

altså ut av den indre krinsen der semje rår grunnen og søke motstand.

Vi kan ikkje lukkast med kunnskapen vår utan at

vi til ein stor grad er sosialt konvensjonelle. Viss

dei relevante personane i eit fagmiljø eller i eit

samfunn vender tommelen ned, vil ikkje kunn-

skapen vere mykje verd. Då Kopernikus fann

ut at det var sola, og ikkje jorda, som planetane

sirkla rundt, gjekk teorien i den grad på tvers av

etablerte oppfatningar blant både vitskapsfolk

og autoritetar i kyrkja at han lét det gå 30 år frå

han forma ut teorien til han gav ut boka

Om him-

melsirklane si omdreiing i 1543

. Kopernikus hadde

truleg vurdert det slik at risikoen for å bli avvist

og gjort til latter i relevante miljø var større enn

risikoen for stadfesting, derfor venta han med å

lansere det heliosentriske synet heilt til slutten

av livet.

På Kopernikus si tid var den religiøse kosmolo-

gien ein mektig premiss for kva som var aksepta-

ble teoriar om rett og gale i vitskapleg forstand. I

moderne samfunn er det ikkje lenger slik. No må

det gode omdømmet for kunnskapen forankrast i

meiningane til mange enkeltpersonar eller grup-

per som går god for kunnskapen. Studentar og

forskarar må samle på referansar til kvalifiserte

personar når dei skal skrive ei fagleg oppgåve eller

ein artikkel. Elles vil ikkje kunnskapen reknast

som godt nok underbygd. Sanninga er sosialt

konstruert. For to–tre hundreår sidan var dette

Bedre Skole nr. 2

2016

34