Table of Contents Table of Contents
Previous Page  38 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 38 / 100 Next Page
Page Background

lett øving, for det er eit universelt trekk ved folk

å vere

etnosentriske

– det vil seie at folk ser verda

først og fremst ut frå sin eigen kulturelle ståstad

og favoriserer eigne gruppemedlemer på kostnad

av representantar for andre grupper.

Alt i 1950 hevda David Riesman at folket i USA

og i Vesten var i ferd med å bli ytre-styrte. Vel

femti år seinare skriv Turkle at vi er i ferd med å

bli «hyper-ytrestyrte». I omgrepet «ytrestyring»

ligg det at folk i altfor stor grad søker å støtte seg

på andre sine meiningar og vurderingar. Mang-

lande tru på seg sjølv er eit alminneleg problem for

kunnskapsutøvarar i eit moderne samfunn, og den

enorme mengda av potensielt relevante meiningar

og synspunkt som no er tilgjengelege for oss, gjev

oss nye utfordringar. I tråd med Turkle og Lanier

hevdar Cass Sunstein (2007) at Internett gjer det

lett å filtrere kunnskap, slik at ein berre treng lese

eller lytte til det som er i tråd med eigne meiningar.

Sunstein ser ein stor risiko for at diskusjon mellom

likesinna vil kunne produsere overdriven sjølvtillit,

ekstremisme, forakt for andre og enkelte gonger

også valdelege handlingar. Den arrogante eg-utfal-

dinga som blir skapt under «virtuelle» vilkår, er

ikkje grunna på faktisk tillit frå andre menneske,

men på eigne projiseringar og fingerte tillitser-

klæringar. I eit moderne medieteknologisk miljø

kan sjølv den mest fattigslege kunnskapsutøvaren

byggje opp ei personleg flodbylgje av meinings-

styrke og indignasjon ved den sjølvovertalinga som

kan setjast i scene gjennom ein tendensiøs bruk

av vitneprov på Internett. Ekstremisme synast å

trivast spesielt godt i eit kunnskapsmiljø der det

er enkelt å selektere alt som kan styrke trua og sjå

bort frå alt det andre; der ein kan tuske til seg eit

positivt omdømme på falske premissar ved å bruke

utvalde ytringar frå andre personar i eit puslespel

der dei ikkje høyrer heime.

Når kunnskapsutøvaren sitt omdømme er

sjølvkonstruert på denne måten, blir kunnskapen

aldri sosialt robust, han er usikker og lunefull.

Kunnskap som er boren fram av ei

overtyding

,

er radikalt annleis og langt meir tilfredsstillande

fordi overtydinga er knytt til erfaringa av at eigen

kunnskap er sett og gjort gyldig gjennom blikket

til nærverande andre som er ulike ein sjølv.

Intersubjektivitet utan semje

Sann overtyding hos ein kunnskapsutøvar inneber

at vedkomande sjølv ikkje kontrollerer kjeldene for

sitt eige omdømme. Kunnskapsutøvaren er ekspo-

nert for røyster sommotseier dei eige meiningane.

Utdanningsforskaren Eugene Matusov skriv i ein

artikkel med den talande tittelen «Intersubjectivity

without agreement» (1996) at vi har vent oss til å

tenkje på intersubjektivitet som noko som gjeld

«det å ha til felles». Vi forvekslar verdien av sam-

handling med verdien av semje. Vi burde i staden

sjå på intersubjektivitet som ein «koordinasjon» av

diversitet (mangfald) når det gjeld menneskelege

handlingar og oppfatningar, ein prosess som orga-

niserer motsetnader, men som ikkje må sameine

og standardisere. Det er naturleg at menneske står

i stridande relasjonar med kvarandre, understrekar

Matusov. Skilnader er ikkje negativt og uproduk-

tivt. Matosov har laga eit epigram for å illustrere

kva han meiner bør vere haldninga vår (ibid., s 25):

I know that I am wrong but I do not know

where exactly I am wrong, to what degree, or

why. I hope people who disagree will help me

clarify these questions.

Sosiologen Lars Laird Iversen har skrive ei bok

med tittelen

Uenighetsfellesskap

(2014) der han

kritiserer den utbreidde ideen om at gode felles-

skap kviler på delte verdiar. Han skriv mellom

anna at det «å samarbeide med noen du er uenig

med er en ferdighet» (s. 22). Avgjerder som blir

tatt ansikt til ansikt i eit «uenighetsfellesskap» er

gjerne av betre kvalitet enn avgjerder som spring

ut av eit fellesskap av folk som tenker likt. Det

er i «uenighetsfellesskapet» at den personlege

kunnskapen blir sosialt robust. Ein må altså ut av

den indre krinsen der semje rår grunnen og søke

motstand dersom ein skal lukkast med å gjere den

omdømmebaserte kunnskapen sterk.

Eit personleg vellukka kunnskapsliv

Eit vellukka kunnskapsliv for det enkelte mennes-

ket handlar i stor grad om å pleie sterke relasjonar

til utvalde kunnskapsobjekt. Poenget er at både

gleda og tryggleiken ved personleg kunnskap blir

Bedre Skole nr. 2

2016

38