Table of Contents Table of Contents
Previous Page  35 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 35 / 100 Next Page
Page Background

annleis. Då kunne det til dømes skje at ei bok

(Bahr 1853) vart omsett frå tysk til norsk utan at

namnet til den tyske forfattaren var nemnd. Kvifor

skulle han absolutt nemnast? Han var likevel berre

ein funksjonær og servitør av den store sanninga.

Bahr tenkte kanskje at kunnskapen i verda er den

same, uansett kven sin munn eller penn visdomen

passerer på vegen. Rolla til det enkelte mennes-

ket var berre å vere stafettpinne for den laupande

sanninga som alltid hadde retning mot det gjevne

målet uansett. Tilsvarande haldningar kan ein i

dag finne blant studentar med bakgrunn frå om-

råde i verda der religiøse institusjonar framleis har

eit sterkt grep på kunnskapsutøvaren.

Den sekulære kunnskapsutøvaren trur ikkje at

det finst nokon guddommeleg garanti for kunnska-

pen. Vedkomande har i staden blitt meir avhengig

av stadfesting frå andre menneske.

Anerkjenning

Utan godt omdømme vil den sekulære kunnskaps-

utøvaren kjenne seg usikker både på seg sjølv og

på kunnskapen. Fruktene av eit godt omdømme er

«an-erkjenning». Det er ei personleg erfaring av at

andre menneske knyter si erkjenning «an» til mi

– at det eg har å kome med, blir akseptert og respek-

tert. An-erkjenninga gjev sjølvtillit, mot og styrke til

eiga erkjenning. Halldis K. Leira (2003) kallar denne

Kopernikus fant ut at det

var sola, og ikke jorda som

planetene dreide seg rundt.

Dette var farlig kunnskap.

Illustrasjonsfoto:

fotolia.com

Bedre Skole nr. 2

2016

35