Table of Contents Table of Contents
Previous Page  36 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 36 / 100 Next Page
Page Background

prosessen for «gyldiggjeringsspiralen»:

1. For at jeg skal våge å dele mine hemmelighe-

ter eller erkjenne nye dristige tanker, må jeg i

noen grad oppleve meg som anerkjent av Den

andre.

2. Når jeg gjør dette, knytter jeg min fantasi/

tanke an til De(n) andres erkjennelse.

3. Ved å gjøre dette vil jeg få min tanke avkreftet

eller bekreftet.

4. Hvis min tanke blir bekreftet av De(n) andre,

skjer det et kvalitativt sprang: Min idé opphører

å være min private fiksjon og går over til å bli

en del av en intersubjektiv virkelighet. En bit av

min virkelighet blir gjenerobret som gyldig.

5. Hvis mine tanker blir bekreftet, erfarer jeg i

tillegg at jeg ikke var dum som tenkte slik, og

kanskje blir jeg dristigere til å dele flere hem-

meligheter og/eller våge å erkjenne mer.

Både på individnivå og på institusjonsnivå vil

ein erfare at kvaliteten i kunnskap er avhengig av

domen frå andre. Vitskapshistoria byr på fleire

gode eksempel på at omdømme er avgjerande for

kva som blir rekna for sann og relevant kunnskap

i eit samfunn eller i ein kunnskapsinstitusjon.

Thomas Kuhn (1962) hevda til dømes at den so-

siale dynamikken internt i eit etablert vitskapsfelt

har ein tendens til å halde representantar for ny

kunnskap utanfor ved å nekte dei anerkjenning.

Berre dei som står for «normal-vitskapen» blir

godkjende i miljøet. Når eit nytt vitskapleg «para-

digme» endeleg kan slå igjennom, er det ikkje før

den eldre garden kjem i fagleg-sosialt mindretal i

institusjonane, hevda Kuhn.

Også eg og du finn stoff til omdømmet vårt i

andre sin godhug eller velvilje for kunnskapen

vår, ved at dei «skriv under på» at det er bra det

vi gjer. Slik blikket frå andre ser deg som kunn-

skapsutøvar, slik vil du vere tilbøyeleg til å forstå

deg sjølv. Og den kunnskapen som folk rundt deg

gler seg ved, vil du sjølv bli glad i. «Om du blir vis

og viss på deg sjølv, blir du det via den Andre sin

tolkande spegel og det du tolkar i den», skriv E.

Edvardsen (2005). Kunnskapen er sosial på både

godt og vondt. Vi blir kompetente så vel som kon-

forme i samfunnet sitt famntak.

Sosialt robust kunnskap

Historisk sett har autoriteten til ulike mektige

institusjonar vore avgjerande for å sikre kunn-

skapen legitimitet i samfunnet – kunnskapen har

vore institusjonelt robust. Helga Nowotny med

fleire (2001) hevdar at den tradisjonelle, internt

konsoliderte og litt lukka kunnskapsmiljøa, slik

som fagmiljø innanfor visse eliteuniversitet, har

vanskelegare for å gjere seg gjeldande enn før.

Desse miljøa har ein smal basis, kulturelt og so-

sialt, noko som i støre grad enn før resulterer i

sviktande tillit i samfunnet. Ifølgje Nowotny mfl.

trengst det i dag eit meir heterogent fundament

for kunnskapen. Det vil seie at fagmiljø må hente

fagleg støtte på eit breitt grunnlag og ikkje nøye

seg med støttespelarane som opererer nær kjernen

av det institusjonelle fellesskapet. Stadfestinga må

skje i opne, empiriske landskap der kjeldene til

godkjenning er fleire og omfattar folk, verksem-

der og organisasjonar med eit stort mangfald av

tilknytingspunkt til kunnskapen. Tendensen går

i retning av at kunnskapen må vere breitt kon-

tekstualisert snarare enn smalt institusjonalisert

dersom han skal vere «sosialt robust».

Susan Cain portretterer i boka

Quiet

(2012) eit

samfunn som berre verdset dei mest utovervende

og sosialt omgjengelege individa, og hevdar at det

hypersosiale mennesket er eit historisk nytt ideal,

eit ideal som er forbunde med utviklinga av mark-

nadsføring og interessa for kva som kan seljast.

Før ca. 1900 var det snarare det å ha

karakter

som

gav folk tillit til eit menneske, skriv Cain. Då galdt

det ikkje så mykje inntrykket eit menneske gav i

det offentlege, som korleis eit menneske tedde

seg i det private. Deretter utvikla det seg ein ny

kultur der

personlegdom

var heilt avgjerande. No

galdt det å vere fascinerande, original, energisk,

attraktiv – det handla om «performance». Sosial

status har følgjeleg blitt eit «must» for den som vil

gjere seg gjeldande med kunnskapen sin.

Sherry Turkle har studert unge menneske si

jakt etter sosial status i dei såkalla sosiale medium,

Internett og særleg Facebook. I boka

Alone To-

gether

(2011) skriv ho at elektroniske forum gjer

det mulig for folk å samle på «no-risk relations-

hips». Til dømes kan ein person i prinsippet velje

Bedre Skole nr. 2

2016

36