Table of Contents Table of Contents
Previous Page  37 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 37 / 100 Next Page
Page Background

kven som skal få lov til å gje bidrag til Facebook-

profilen sin. Ida Aalen har tidlegare skrive om

dette i

Bedre Skole

(nr. 3-2013). Der påpeikar ho

at unge brukarar søker seg til lukka grupper på

Facebook der dei slepp granskande blikk frå for-

eldre og andre vaksne.

Eit nærliggjande spørsmål relatert til Turkle si

analyse er om vi er i ferd med å utvikle ein person-

leg kunnskapsprofil etter same mønster som iden-

titetsprofilen vi skaper på Facebook? I akademiske

samanhengar kunne det til dømes innebere at ein

sikrar seg kontroll over kven som er «referee»,

at ein berre bruker ja-menneske som referanse-

personar for kunnskapen vår. På nettet har det

til dømes gått ein diskusjon om praktisering av

«peer review» innanfor feltet miljøforsking, der

det vart påstått at fagfellevurderingar er i ferd med

å utvikle seg til vennetenester – «peer review»

har vorte til «pal review». Utfordringa synest å

vere den ekstreme fridomen med omsyn til val av

kjelder og referansepersonar som følgjer av Inter-

nett. Med enkle grep kan vi sile referansar og finne

støttespelarar for alle slags kunnskapsprodukt,

uavhengig av kvalitet – uansett kor esoteriske

interesser ein har, er ein like fullt garantert å vere

omgjeven av entusiastar, skriv Turkle.

Internettguruen Jaron Lanier (2011) stadfestar

ei slik analyse når han hevdar at nettet stimulerer

flokkmentalitet, at folk er meir viljuge enn elles til

å gje avkall på seg sjølv for å bli del av noko større.

Og Sherry Turkle viser korleis unge brukarar av

Facebook formar tankane sine ved å sende ut små

prøveballongar og la dei eigne meiningane ta form

ut frå den retninga som responsen tek. Turkle åt-

varar om at vi står i fare for å miste styringa med

oss sjølve når vi orienterer oss etter «likes» og

«dislikes» i sosiale medium. Kunnskapar som vi

etablerer på denne måten, kan vise seg å ha eit

svakt fundament sjølv om det er aldri så mange

«likes». Hypersosial kunnskap er ikkje nødven-

digvis sosialt robust.

Lære å lytte til folk med liten innverknad

Det er ein viss fare, både for den som lagar ein

Facebook-profil, og for den som utviklar ein fagleg

kunnskapsprofil relatert til forskingsarbeid, at ein

i søket etter «venner» eller allierte, endar med å

samle «snille» vitne for eigen posisjon eller pre-

stasjon og ekskluderer dei kritiske eller avvisande

vitna. Ein typisk utslag hos akademiske skribentar,

er å samle på referansar med høg status. Dei blir

freista til å velje kjelder som er siterte mange gon-

ger av andre, framfor å bruke kjelder som sjeldan

er siterte, men som kanskje er meir relevante for

det eigne prosjektet.

Verdien av applaus er tvitydig når det gjeld

å underbyggje kunnskap. På den eine sida er

kunnskap svært avhengig av godkjenning frå

relevante andre personar, på den andre sida kan

eit positivt omdømme gje falsk legitimitet til ein

kunnskapsutøvar som søker lettkjøpt stadfesting.

Kunnskapen blir upåliteleg når det, slik det er

karakterisert av de Botton (2004:25), er «svak

kapasitet når det gjeld sjølvstendig dømmekraft

kombinert med appetitt på synspunkta til innverk-

nadsrike personar». Som sitatet indikerer, kan

det paradoksalt nok vere ein risikabel strategi for

kunnskapsutøvarar å basere seg einsidig på vit-

neprova til dei som har mest innverknad. Særleg

i situasjonar der det er klart at eiga dømmekraft er

utilstrekkeleg, bør ein ikkje reservasjonslaust gje

seg over til autoritetar, men heller våge å gå breitt

ut, det vil seie at ein passar på å inkludere folk

med utradisjonelle synspunkt, og med beskjeden

innverknad, som bidragsytarar til eins eige om-

dømme. Ein kunnskapsutøvar med integritet har

lært seg å vie merksemd til outsiderstandpunkt,

til mindretalsmeiningar, og vil ikkje einsidig støtte

seg på statuspersonar eller representantar for det

«fagleg korrekte». Den moderne kunnskapsut-

øvaren treng ein etikk for det å søkje stadfesting

som i tråd med Nowotny mfl. (2001) erkjenner at

sosialt robust kunnskap krev «hybride forum» og

«asynkron utveksling», ikkje berre feedback frå

ein hard kjerne av likesinna.

For å gjere kunnskapen vår meir sosialt robust,

bør vi trene på å vise tillit til folk vi ikkje kjenner

(Hardin, 2002). I eit samfunn som er komplekst

både sosialt og fagleg, krevjast det at vi kan lytte

seriøst til kulturelle outsiderar, at vi aktivt motar-

beider tendensen til å mistru kompetansen til folk

med låg status eller liten innverknad. Dette er inga

Bedre Skole nr. 2

2016

37