Table of Contents Table of Contents
Previous Page  77 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 77 / 100 Next Page
Page Background

■■

av marthe

berg

reffhaug

For mange elevar startar nynorskopplæringa med å bøye substantiv. Ei gruppe

elevar som ikkje hadde hatt nynorsk tidlegare, fekk i oppgåve å skrive si første tekst

på nynorsk med utgangspunkt i sitt eige talemål: drammensdialekten. Resultatet

gav læraren grunnlag for å endre undervisingspraksis ved å leggje større vekt på

å få elevane til å reflektere rundt lokalt talemål og heller ta formverket etter kvart.

Å lære drammenselevar å skrive nynorsk er ei

utfordring. Dei fleste møter det nynorske skrift-

språket først som 14-åringar, og da har dei allereie

blitt fortalt kor vanskeleg og forferdeleg det er å

lære nynorsk. I Drammen er det ei opplesen og

vedtatt sanning at nynorsk er eit språk som berre

er til for å gjere livet til drammensungdomen mi-

serabelt. Det er noko som dei ikkje ser nytte i å

lære seg. Dei skriv bokmål, og dei liker bokmål

fordi dei trur dei snakkar bokmål. Vi som jobbar

med språk, veit at drammensarar ikkje snakkar

bokmål, men drammensdialekt – ein dialekt som

år for år liknar meir på oslomålet. I forsøket på å

finne ein god måte å drive nynorskopplæring på,

har eg likevel lurt på om talemålet kan vere eit vel-

eigna grunnlag. I denne artikkelen vil eg derfor sjå

nærare på følgjande problemstilling: Korleis kan

drammensdialekten bli brukt som grunnlag for

nynorskopplæringa? For å svare på problemstil-

linga har eg valt å gjere ei kvalitativ undersøking

1

der eg har samla inn elevtekstar frå ein 8. klasse i

norsk, for å sjå om drammensdialekten er eit godt

utgangspunkt for nynorskopplæringa. Innleiings-

vis vil eg skrive om drammensdialekten, før eg ser

nærare på tekstane og drøfter problemstillinga.

Drammensdialekten

Dei siste åra har drammensdialekten, på same

måte som andre dialektar på Austlandet, blitt

prega av regionalisering. Regionalisering inneber

at dialektane blir meir like det urbane talemålet

i regionen. For drammensarar er det oslomålet,

eller standard austlandsk. Men også i Oslo snakkar

dei ulikt. Ofte blir oslomålet delt inn i vestkant-

og austkantmål. Dette skiljet er like mykje knytta

til geolekt (geografisk høyre til), som sosiolekt

(sosial tilhøyrsel). Desse forskjellane er ofte knytte

til endingar i substantiv, som for eksempel «gut-

tene» – «gutta», «jenten» – «jenta» og «hytten»

– «hytta». Det kan også vere knytt til endingar i

verb, som for eksempel «kastet» – «kasta», «job-

bet» – «jobba».

Drammensdialekten er i ferd med å bli vatna ut.

I dag er det fleire som skal ha «pose» enn «påsa»

i «butikken», ikkje «buttiken». Nokre vil framleis

«værra me på hytta i hælja», men mange vil «være

med på hytta i helga/helgen» (Frydenlund, 2009).

Grunnane til denne utvatninga er mange.

Når drammenselevar lærer å skrive, lærer dei å

skrive «guttene», ikkje «gutta», og mange lærer å

skrive «jobbet», og ikkje «jobba» – men det kjem

«Jæ´kke intrissert, ass»

– drammensdialekt som utgangspunkt

for opplæring i nynorsk

Bedre Skole nr. 2

2016

77