Table of Contents Table of Contents
Previous Page  80 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 80 / 100 Next Page
Page Background

som skriftspråk har også ein del fundament det

blir legitimert ut frå, mellom anna at det er ein

viktig del av norsk kultur og kulturarv, at det har

vore og er med på å utvikle samfunnet, og at det er

laga med utgangspunkt i talemålet. Ifølge Monsson

(2015, s. 3) har «legitimeringa for nynorskens (sic.)

framfor bokmålet vore nærleiken til talespråket.»

Det store spørsmålet blir om drammenselevanes

situasjon

er

i samsvar med, eller

kan bli

i samsvar

med legitimeringa for nynorskopplæringa.

For å gjere nynorskopplæring relevant for

drammenselevar er det lurt å ta utgangspunkt i fel-

lestrekk mellom nynorsk og drammensdialekt. Når

eg ser på punkta ovanfor, finn eg at drammensele-

vane og nynorskopplæringa har identitet, kultur,

kommunikasjon til felles. Desse tre punkta er også

hovudpunkta i formålet for norskfaget (LK06).

Undervisninga bør derfor dreie seg om desse tre

omgrepa, det kan vere relevant å sjå på språkhisto-

ria, på ulike talemål, på språkleg utvikling i Noreg,

på tekstar skrive på ulike målformer og etter kvart

på likskapar og forskjellar på grammatiske struk-

turar. Når det blir snakka om desse temaa, vil det

vere naturleg å komme inn på talemål i Drammen

før og no. I klassen kan vi snakke om kva som var

typisk for drammensdialekten for få år sidan, at

ein ofte brukte a-endingar, at ein snakka litt breitt,

at ein brukte fleire diftongar og sa «trur» i staden

for «tror». Vidare kan vi leike med det vi har lært

– munnleg. Vi kan prøve å snakke saman med så

brei dialekt vi klarer, og vi kan snakke med ein

så pompøs vestkantdialekt som vi klarer. Vi kan

lese tekstar av Alf Prøysen, Knut Hamsun, Ravi og

Maria Navarro Skaranger, og vi kan prøve å herme

etter dei måtene tekstane er skrivne på i samtalar

med kvarandre. Vi kan leike med språket. Når vi

har leika munnleg ei stund, kan vi forsøke å leike

med skriftspråket. Vi kan tenke at vi skal skrive

brei drammensdialekt og berre bytte ut «jæj»

med «eg», «ikke» med «ikkje», og «man» med

«ein». Så kan vi skrive. For å utfordre elevane si

forståing av forskjellen på talemål og skriftspråk,

hender det at eg skriv «Virru værra me?» eller

«Det ække så fali, assa. Gåbra de, gjøre´kke?» på

tavla. Dette er eksempel på dialektnær bokmål.

Eller nynorsk? Eller er det berre dialekt? Elevane

mine meiner at eg er dårleg i norsk når eg skriv

sånn. «Du kanke værra norsklærer, ass!» ropar

nokre av dei mot meg. Dei forstår ikkje at dei

ikkje roper «Du kan ikke være norsklærer, altså.»

Kanskje er det skolen si skuld at elevane ikkje er

medvitne forskjellen på skrift- og talespråk? Kan-

skje vi er altfor opptatt av å gjere det som er «rett»

til at vi tør å leike meir. Eg trur at ein utprøvande

og leiken måte å jobbe med nynorsk på vil bli

oppfatta sommeir morosam og relevant av elevar,

samanlikna med måten nynorskopplæringa ofte

blir gjort på i dag. På dei fleste skolar i Drammen

i dag startar nynorskopplæringa for mange elevar

med å bøye substantiv. Ho startar altså i motsett

ende av kva eg har testa ut og skrive om i denne

teksten.

Avsluttande refleksjonar

Det er vanskeleg å finne eit eintydig svar på om det

er lurt å bruke drammensdialekten som utgangs-

punkt for opplæring i nynorsk. Det er vanskeleg å

seie om denne undersøkinga er representativ, da

den kun er gjennomført i ein klasse. Det som kan

styrke kredibiliteten til undersøkinga er at elevane

kjem frå ulike klasser og ulike barneskolar, og at

dei berre har gått i same klasse i seks månader,

og at dei ikkje har hatt formell nynorskopplæring

enno.

Denne elevteksten er eit eksempel på ein velskriven elevtekst. Eleven

har til ein viss grad turt å leike med språket, og prøvd seg fram til kva

han/ho trur er nynorsk, som for eksempel «hetar», «me», «komet»,

elva», «turistar», «hengebru», «ein», «leikeplass».

Bedre Skole nr. 2

2016

80