Table of Contents Table of Contents
Previous Page  79 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 79 / 100 Next Page
Page Background

Substantiv og uregelrette verb klippa ut frå elevtekstane.

Alle dei raude strekane under orda i desse eksempla er

strekar som eg sette då eg koda datamaterialet.

Elles er det ikkje så lett å sjå tydelege tendensar,

då elevane bruker svært ulike strategiar når dei

skriv. Dei har ulik bakgrunn og nyttar den når

dei forsøker å skrive nynorsk. Det inneber at det

som fungerer for ein, ikkje nødvendigvis funge-

rer for ein annan. Når elevane tek utgangspunkt

i talemålet, er det ein del ord som blir skrivne på

bokmål, fordi det er det som liknar mest på det

regionaliserte talemålet til elevane. Nynorsk kan

bli skrive rimeleg radikalt – ei form som ligg tett

opp til bokmålet. Det kan derfor resultere i at ele-

vane skriv meir korrekt nynorsk når dei skriv med

utgangspunkt i dialekt, enn om dei skulle skrive

nynorsk, fordi dei da har ein tendens til å heller

skrive svensk, som desse elevane har gjort:

Bruk av svensk klippa ut frå elevtekstane

Det er berre to eksempel på bruk av svensk i alle

dei 24 tekstane. Det gir meg tru på at dersom ele-

vane øver seg på å skrive med utgangspunkt i dia-

lekt, vil overtolkingar som for eksempel

likjar,

og

ord som liknar svensk, bli unngått heilt frå starten.

Fleire av elevane viser usikkerheit i tekstane

sine, ved at dei prøver seg fram. Dei har ikkje heilt

kontroll på drammensdialekten eller det nynor-

ske formverket. Eit eksempel på det er teksten

under, som bruker «e» for «er» og «ei by» for

«ein/en by» og «menneskar» for «menneske/

mennesker», som ville vore brukt om eleven

skreiv korrekt nynorsk eller snakka dialekten sin.

Prøver seg fram

Det er elevar som ikkje har heilt kontroll på eigen

dialekt eller nynorsk, og som derfor prøver seg

fram, som gjer flest feil. Dei skriv utan fokus. Det

kan vere negativt i den forstand at dei ikkje er

språkleg medvitne, men på den andre sida, så er

det jo det oppgåva spurte etter, nemleg at dei skul-

le leike med språket og prøve seg fram. Kanskje

desse elevane etter kvart får ein fordel, fordi dei

må rette opp eigne feil og ta stilling til fleire aspekt

ved eigen skriving og språkbruk. Om opplæringa

blir gjort på ein klok måte, kan det vere bra. Om

opplæringa ikkje blir gjort på ein klok måte, kan

dette føre til tap av motivasjon. Som lærar er det

svært viktig å vere medviten dette ansvaret, og

forsøke å finne metodar som kan skape lærelyst

og motivasjon. Om eleven får leike ein del først,

er det lettare å ha ein språksamtale, fordi eleven

har reflektert over språkbruken. Om undervis-

ninga berre er grammatikk og tavleundervisning

før eleven skal skrive sjølv, vil han nok gjere fleire

feil, fordi han ikkje har tatt stilling til språket på

førehand. Det er meir motiverande å jobbe med

språk om ein forstår kvifor og korleis ein gjer det.

Som ein snakkar – eller etter normalen

Skildringa av språksituasjonen i Drammen, som er

omtalt i den første delen av teksten, er viktig å vere

klar over når ein som norsklærar skal introdusere

og drive opplæring i nynorsk i ungdomsskolen.

Generelt veit vi at drammenselevane 1) skaper

sin identitet gjennom språk, 2) vil ha ein identi-

tet knytt til det urbane, 3) har skrive tradisjonelt

bokmål i mange år og 4) at mange har tilpassa

talemålet sitt til bokmålet. Desse fire punkta er

vilkåra nynorskopplæringa i drammensdistriktet

må bli bygd på og bli legitimert ut frå. Nynorsk

Bedre Skole nr. 2

2016

79