Utdanning nr 18 - 2014 - page 48

48 |
Utdanning
nr. 18/31. oktober 2014
Kronikk
avhengig av trinn. Dette ville koste. Regjering og
Folketinget var ikkje villege til å betale for mei-
rarbeidet. I staden køyrde dei over lærarorgani-
sasjonane. Våren 2014 var forhandlingar om ny
arbeidstidsavtale for skulen i gang. Kjernen i kon-
flikten var usemje om kven som skulle ha retten til
å bestemme korleis lærarane si arbeidstid skulle
fordelast mellom undervisning og føre- og etterar-
beid, og kor mykje tid som skulle gå til undervis-
ning. Semje vart ikkje nådd. Då lærarane møtte på
skulen etter påskeferien, var skulane stengde og
67.000 lærarar utestengde med lockout, som heldt
fram i fire veker. Arbeidstida for lærarar vart fast-
sett med lov vedteken i april 2014 med verknad frå
1. august 2014. Arbeidstidsavtalen for skulen var
vekk. Danske lærarorganisasjonar summerer opp
at kvar lærar no underviser om lag tre timar meir
for same betalinga. Dermed kunne auka timetal
for elevane betalast med meirarbeid for lærarane.
Det er eit ekstra poeng at statsministeren sidan
2011 er sosialdemokrat.
KS inspirert av Danmark
Arbeidsgivarorganisasjonen til lærarane, KS, stilte
til tarifforhandlingane i år med krav som gav tyde-
leg til kjenne at norske lærarar arbeidde for lite.
Dei ville ha meir arbeid ut av kvart årsverk dei
betalte for. Forhandlingar og diskusjonar synte at
KS har ganske dårleg oversyn over kva arbeid som
vert utført i norsk skule. Deira utspel om å flytte
inntil 225 arbeidstimar for læraren frå den tida
elevane er på skulen til etter at elevane er slutta for
sommaren, vart både for grovt og for dumt. Men
dersom ein motpart gjer dumme trekk undervegs,
må ein sjå at dette også har positive sider. Opi-
nionen oppfatta at dette umogeleg kunne vere til
beste for elevane. Når vi fokuserte på behova til
elevane for ein god skule, tok folk flest poenget.
Også KS kan lære
Når nokon spelar besserwisser og dei som kan
jobben, ser at her er kunnskapen om røyndo-
men mangelfull, kan ein flire av besserwissaren.
Men ein kan òg vere velvillig positiv og tenkje at
alle kan opparbeide seg betre innsyn og forstå-
ing. Eg har ein kjepphest, som eg trur vil gje gode
resultat: Få til eit opplegg for folk i KS slik at dei
kan få praktisere i norsk skule, i 100 prosent stil-
lingar og med ein normal dose med krevjande
elevar, gjerne med ein ekstra. Opplegget må vare
minst ein månad, gjerne meir, og jamlege samta-
lar undervegs med andre tilsette på skulen gjev
høve til både å spørje og diskutere. No er det mykje
snakk
om at tillit må byggjast opp att etter streiken.
Det ville vere eit positivt bidrag frå KS å stille opp i
slike praksisperiodar med eit ope sinn og forvent-
ningar om at det ville gjere dei til betre tilsette i
KS. Denne modellen kan brukast i svært mange
samanhengar. Men då må besserwissarar vedgå
at dei treng betre innsyn og forståing. Og så skal
det visst gjere godt i dei fleste konfliktar at mot-
partar møtest ansikt til ansikt, og truleg vil sjå at
motparten har positive sider også.
Elastisk 1687,5-sekk
1687,5 timar høyrest ut som eit svært presist sys-
tem. Arbeidsoppgåvesekken for lærarar har plass
til 1687,5 timar. Tenk at du legg alle oppgåvene ved
sida av sekken før du begynner å fylle oppi den.
Vart der ledig rom, eller vart det ikkje plass til alle
oppgåver? Lagar du 1687,5-timarssekken av elas-
tisk stoff, kan du presse meir og meir i den. Sei at
vi har eit avtaleverk som akkurat fyller sekken.
Nokon kjemmed 10 timar nye oppgåver. I prinsip-
pet skulle det vere greitt for begge partar å vere
einige om at skal desse oppgåvene oppi sekken, så
må 10 timars arbeid takast ut. I praksis er det ann-
leis. Skulen har ein god del erfaring med at lærarar
finn tid til nye oppgåver. Tek du den, så tek du den!
Dei som kjemmed nye oppgåver, vert ikkje min-
dre ivrige til å kome med fleire ved at dei slepp å
betale for det nye arbeidet. Her får lærarorganisa-
sjonane ta sin del av ansvaret for denne utviklinga.
Leseplikta
Lærarorganisasjonane må stå fast på at ulike
akkordbitar står fast inntil nye avtalar er forhandla
fram. Leseplikta er ein hovuddel av akkordsyste-
met. Eit skuleår har 38 undervisningsveker. Døme:
Eit fag har ei ramme på 4 veketimar med 19 timar
leseplikt for faget; Faglæraren som har klassen,
utfører 4/19 av årsverket sitt ved å ha klassen
dette året. Fekk faglæraren sine fire timar kvar
veke, ville vedkomande undervise 4 x 38 = 152
timar. Nokre år førde eg nøye opp kva timar eg
fekk til å arbeide med faget mitt. Som pensjonist
sidan 2007 kjenner eg ikkje dagens skule. Men om
tala er noko endra, er poenget heilt sikkert fram-
leis tungt. Eg fann at om lag 20 prosent av timane
mine i kvart fag gjekk til anna; Studieøkter var
ein stortjuv dei åra dette var praktisert. Andre var
heil- eller halvdagsprøver, ekskursjonar, besøk av
ymse kulturomreisande, Operasjon Dagsverk med
Internasjonal dag. For avgangsklassar tok eksamen
mange timar. Her gjeld det å vere konsekvent og
prinsipiell; Når faglæraren har ført klassen fram
i faget, har vedkomande utført 4/19- deler av
årsverket. Skulle faglæraren ta andre timar når
klassen driv med anna, ville det gje 20-30 fleire
timar for same løna. I tider då arbeidskjøparen er
på offensiven, skal ein vere budd på alt.
Synleggjering
For mange år sidan vart det argumentert i lærar-
organisasjonar med at vi måtte få aksept mellom
folk flest for at vi arbeidde den tida vi skulle; vi
måtte synleggjere arbeidet vårt. Argumentasjonen
bygde på at folk skulle vere så negative til arbeids-
tida til lærarane; Bjørn om vinteren og lærar om
sommaren. Eg hugsar reaksjonen til ein ambisiøs
realfagskollega, som sjølv la stor vekt på at elev-
ane måtte få rask tilbakemelding for å maksimere
utbytet av læringa; «Synleggjere? Ja, visst; alle er
velkomne til å sitje saman med meg ut over kvel-
dar og ein god del netter for å sjå kva eg gjer. Men
det skulle vere synleggjering nok at klassen raskt
får att heildagsprøven sin.» Slik defensiv tenking
er vi ferdige med.
Kartlegging
I forhandlingar er det godt å ha grundig kunnskap
om det ein forhandlar om.
I valkampar er det ikkje grenser for kor viktig
skulen er. Og som ventande er vil dei som ber om
val/attval til Stortinget, altså lovgjevarane, fremje
det lovlydige samfunn. Tidstjuvar skal takast! Det
1...,38,39,40,41,42,43,44,45,46,47 49,50,51,52,53,54,55,56,57,58,...60
Powered by FlippingBook