49 |
Utdanning
nr. 18/31. oktober 2014
skulle då ikkje vere så vanskeleg, for tidstjuvane
står tydeleg fram. Lat oss hjelpe politikarane i
regjering og deira byråkratar med å sjå og kvan-
tifisere tidstjuvar. Eit første steg kan vere ikkje å
påføre skulen fleire tidstjuvar. Og har nokon snike
seg inn utan å betale, så får dei kome fram og
betale for seg. Det skulle late seg gjere å lage over-
syn over kva nye arbeidsoppgåver som er pålagde
lærarane og kva oppgåver som er tekne vekk, lat
oss seie siste 10 åra. KS har ei enklare tilnærming;
Når læraren vert pålagd 10 timar med nytt arbeid,
så får vedkomande arbeide sjølvstendig og finne
fram til 10 timar som kan takast bort ein annan
stad, utan at det gjer så mykje. I praksis vil dette
seie frå tida til føre- og etterarbeid. Eller så ventar
KS at lærarane skal sjå stort på det og gløyme dei
10 timane som skal reduserast. Og dette kan KS
spekulere i, for lærarane er vane med å først og
fremst sjå på kva som er det beste for elevane.
Kva vil vi finne?
Eg må minnast eit TV-program der vi såg korleis
akkordsystem vart laga til på ein tekstilfabrikk ein
stad i Asia. Menn med stoppeklokke klikka av tida
når flinke syersker sydde den og den saumen. Hel-
ler ikkje desse toppsyerskene i sin beste alder ville
greie dette tempoet i time etter time, dag etter dag.
Dei som ikkje oppfylte akkorden, måtte arbeide
ekstra tid. Det skal ikkje bli enkelt å kartleggje kor
mykje kvar lærar arbeider. Under kartlegginga vil
ingen godta å verte kartlagd som syerskene i Asia.
Å roe ned à la Natland vert gale den andre vegen.
Mykje arbeid er ikkje lett å sjå. Ein lærar fortalde
at ho ofte fekk gode idear knytt til skulearbeidet
i dusjen. Kor mange minutt skal ein føre? Lange
dusjar med stor hjerneaktivitet skal førast med
minst 15 minutt. Mange brukar deler av pausar til
arbeid, også matpausar. Nokre bruker mykje tid på
å studere bakgrunnsmateriale og lese bøker, andre
gjer lite slikt. Når du gjev eller får hjelp frå ein kol-
lega, bruker begge tid. Her er mange variablar, og
dei varierer frå lærar til lærar. Her må nok for-
handlingane om akkordsystemet skjere gjennom;
Du får så og så mykje tid til dei og dei oppgåvene.
Kor grundig og solid skal arbeidet vere? Korleis
klassane er fornøgde med læraren sin, er ein god
målestokk på at læraren gjer arbeidet sitt godt. Og
skuleleiinga må prioritere av si tid så dei kan ha
kontakt med elevar og lærarar slik at dei kjenner
tilstandane rundt om i klassar og grupper.
Hugsar du 2001?
Lærarane var skikkeleg opptrekte: Lønsutviklinga
hadde vore dårleg i fleire år. No ville vi ha pengar!
Men motparten sa at pengar var uråd å finne. Men
sidan pengar var prioritet over alt anna, så fanst
det kanskje ei løysing:
Frå Pressemelding frå KUF 15.10. 2001: «Mer
lønn og mer undervisning for lærerne. Kirke-,
utdannings- og forskningsdepartementet og lærer-
organisasjonene har inngått en ny avtale om lønn
og arbeidstid som sikrer lærerne en økning på tre
lønnstrinn, eller rundt 15.000 kroner i året. Sam-
tidig øker lærernes leseplikt, det vil si det antall
timer de underviser. Lønnsøkningen vil komme
i to etapper: Ett lønnstrinn gis fra 1/1 2002, mens
to lønnstrinn kommer fra 1/8 2002. Den økte
leseplikten er på fire prosent. Det betyr 38 flere
undervisningstimer i året på barneskolen, og en
noe mindre økning på ungdomstrinnet og i videre-
gående opplæring. En historisk avtale, sier statsråd
Trond Giske, som er svært glad på Skole-Norges
vegne for det lønnsløftet lærerne nå får. – Denne
pakken vil bidra til å gjøre læreryrket mer attrak-
tivt, og vil skape en bedre og mer fleksibel skole for
elevene, er hans vurdering. Giske vektlegger også
at avtalen vil frigjøre ressurser, og at den vil sikre
mer fleksibilitet og mindre byråkrati i skolen.»
Mindre byråkrati, såg Giske i 2001-avtalen. Det
er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Med sva-
kare lønsutvikling enn samanliknbare grupper
nokre år etter 2001, sat vi att med 4 prosent auka
arbeidsmengd og null ekstra betaling. Noko slikt
må vi aldri gjere igjen. I ei verd som vert meir og
meir produktiv, skal ikkje arbeidstida lengjast.
Sun Tzu
Dersom du kjenner fienden og deg sjølv, skal du
ikkje frykte hundre slag, skreiv den kinesiske
strategen Sun Tzu for 2500 år sidan. Vi treng altså
å studere både oss sjølv og motparten. KS feilvur-
derte sin styrke. Leiinga vår feilvurderte styrken
Kronikk
Hvis du emner på en kronikk, er det lurt å presentere ideen for redaktør Knut Hovland
Utgangspunktet er at temaet må være interessant og relevant, og språket godt og forståelig, for en
bredt sammensatt lesergruppe. Stoff som bygger på forskning, må være popularisert. Det betyr blant
annet at forskningsresultatet er det sentrale i teksten, og at det som handler ommetode, har en svært
beskjeden plass. Lengden kan være mellom 12.500 og 17.000 tegn inklusive mellomrom. Litteraturliste
og henvisninger må være inkludert i antallet tegn. Eventuelle illustrasjoner må ikke sendes limt inn i
wordfilen, men separat som jpg- eller pdf-filer.
«Dei som kjemmed nye oppgåver, vert ikkje mindre
ivrige til å kome med fleire ved at dei slepp å betale
for det nye arbeidet.»
og kampviljen i medlemsmassen. Vi skal ikkje
overdrive kva vi har oppnådd. Likevel meiner eg
vi er i ein klårt betre posisjon før neste slag når vi
langt på veg slo attende angrepet frå KS, saman-
likna med at vi hadde godteke resultatet eit klårt
medlemsfleirtal røysta ned. Eg trur også at det gjer
godt for lærarane i Danmark å sjå kva vi streika oss
fram til. Og det er ei gladmelding til lærarar i alle
land. Og vi må ikkje gløyme Sun Tzu; Å studere
både oss sjølve og motparten må vi berre inten-
sivere.
Samla er vi sterke
Splitt og hersk, kjenner vi som ein sentral strategi
for herskarar til alle tider. Eit moteord for dei som
vil svekkje arbeidsvilkåra for folk flest, er fleksi-
bilitet. Jamfør framlegga til endring av AML. Når
motparten er begeistra for fleksibilitet, kan vi seie
at det er då vi òg, men på visse vilkår og innanfor
rammer vi kontrollerer. Regjeringa arbeider rime-
leg nok for å fremje den politikken dei gjekk til val
på: skattelette til dei rike og reduksjon i offentleg
sektor. Når budsjettrammene vert reduserte, må
vi vente at mange som sit i klemma med ansvar
for budsjettbalansen, blir meir oppfinnsame. Eg
tenkjer både på politiske og administrative leiarar.
Dette må vi vere medvitne om.
KS hadde framlegg om å late rektor styre meir,
og finne fram til fleksibilitet. At rektor og fagor-
ganisasjon finn gode lokale løysingar, er det nok
mange døme på. Men å late lokale, eller regionale,
avtalar undergrave politikken vår som landsdek-
kjande organisasjon, skal vi ikkje ha noko av. Ret-
ten til å seie nei til slike lokale avtalar, må vi ikkje
fire det minste på. Utan denne retten vil makta til
fagorganisasjonane kunne flisast opp. Ein kan i så
fall vente små lokale angrep på dei avtala rettane
våre i starten. Går slikt gjennom, vil det kome meir.
Lærarar i folket sin skule
Lenge var tilgang til skule eit privilegium for dei
øvre sjikt. I 1889 opna folkeskulelovene vegen for
alle til høgare utdanning. I 1936 kom folkesku-
lelovene med einskapsskulen. I 1969 vart plik-
tig skulegang utvida til ni år. I 1998 kom lov om
grunnskule og om vidaregåande opplæring, ein
rett for alle. Vi lærarar kjenner ansvar for norsk
skule med sin rett til ein god, gratis offentleg skule
for alle. Streiken synte at vi har folkefleirtalet med
oss med denne vi-kjensla; vår skule. Krava frå KS
vil skade norsk skule. Kor viktig det er at lærarane
får nok tid til å lage den gode skulen for heile fol-
ket, forstår fleire og fleire.