Utdanning nr 18 - 2014 - page 46

46 |
Utdanning
nr. 18/31. oktober 2014
Kronikk
1687,5
Dersomdu kjenner fienden og deg
sjølv, skal du ikkje frykte hundre
slag, skreiv den kinesiske strategen
Sun Tzu for 2500 år sidan.
iLLUStRaSJOn
ToneLileng |
Som folk flest
sel lærarar arbeidskrafta si på ein
marknad, og som vanleg er i utvikla land, for-
handlar seljar og kjøpar av arbeidskraft om vil-
kåra på denne marknaden. I 1907 fekk vi den første
landsomfemnande tariffavtalen i Noreg, mellom
Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund og Meka-
niske Verksteders Landsforening. Utviklinga av
arbeidsmarknaden dei siste hundre åra har gjort
landsomfemnande tariffar til det normale. Det gjev
styrke til lønsarbeidarar.
Internasjonalt perspektiv
Grovt rekna har produksjonen i moderne samfunn
vakse dei siste to hundre åra. Denne veksten har
vorte brukt til både å redusere arbeidstid og til å
auke løner og profitt til eigarar. Thomas Piketty
kom i år med boka «Capital in the Twenty-First
Century» der han ser på fordelinga mellom arbeid
og kapital dei siste 200 åra. Boka har på få måna-
der fått stor merksemd. Norske medier har nokre
år fokusert på korleis ulikskapar har vakse også i
det norske samfunnet. Piketty viser at fordelinga
mellom arbeid og kapital ikkje har ei jamn utvik-
ling. Avhengig av styrketilhøvet har delen til kvar
side auka og minka, auka og minka. No er det
minking for arbeidskrafta i storparten av verda.
Boka «The Establishment. And how they get away
with it» av Owen Jones kom òg i år. Owen viser
der korleis det britiske samfunnet vart grunn-
leggjande endra av Thatcher-regimet, og korleis
New Labour gjekk i same sporet; skeivdelinga i
Storbritannia har vorte mykje verre. I Noreg vert
velferdsstaten angripen, men står framleis gan-
ske støtt. Arbeidsmiljølova vert angripen; arbeids-
krafta skal få meir usikre vilkår. Medan eg sit og
skriv, held LO markeringar mot regjeringa sine
framlegg til endring i arbeidsmiljøloven (AML) i
mange norske byar. Det var politisk streik både i
Oslo og Trondheim. Når vi diskuterer utviklinga i
skuleverket, må vi ha med oss som bakteppe både
samfunnsutviklinga i Noreg og den mykje verre
utviklinga i verda. Kapitalen er på offensiven.
To typar lønssystem
Det enklaste systemet er der arbeidskrafta møter
på arbeidsplassen og er i aktivitet der eit visst
timetal. Men mykje arbeid vert utført innanfor
eit akkordsystem; partane er einige om at ei viss
arbeidsmengd skal betalast med løn for så og
så mange timar. Arbeidsåret for lærarar skal no
utgjere 1687,5 timar. Ein ganske stor del av dette
er akkordarbeid.
Akkordforhandlingar i skuleverket
Ut over 1960-talet auka studenttalet, og fleire og
fleire studentar hadde barn. I Bergen prosjekterte
Studentsamskipnaden 146 identiske familiebu-
stader fordelt på mange rekkjer. Byggjefirmaet
forhandla med samskipnaden om ein akkord.
Først bygde dei nokre få einingar for å prøve ut
koe mykje tid som gjekk med, så forhandla dei
ferdig. Deretter bygde dei resten med vel halvpar-
ten av det timetalet dei hadde brukt på dei første.
Vi på Natland studentby tykte vi var storheldige
som fekk bu der, men det var vanleg at ymse pynt
oppetter veggene tydeleg viste vindstyrken, for
isolasjonspappen var ikkje heilt etter forskriftene
alle stader. Positive og hardt arbeidande tilsette i
samskipnaden forhandla nok så godt dei kunne,
på grunnlag av si innsikt i byggjefaget.
Samsvaret mellom kva arbeidsmengd som skal
utførast og kva timetal ein får betalt for, er langt
betre avstemt i skuleverket enn dømet Natland
Studentby. Skulen har akkordar for ymse arbeids-
oppgåver, som samlingsstyring, seksjonsleiing,
klassestyring. Den heilt dominerande oppgåva er å
undervise i fag, og undervisningsplikta, den såkalla
leseplikta, er difor den aller viktigaste akkorden.
Men heller ikkje akkordar varer evig. Arbeids-
mengda i ulike fag endrar seg: stort sett snakkar
vi ommeir arbeid. Tarifforhandlingssystemet skal
fange opp dette.
Lærarane i Danmark
I 2012 lanserte barne- og undervisningsminister
Christine Antorini endringsprosjektet «Ny nordisk
skole». Elevane skulle ha fleire veketimar på sku-
len. 13. juni vedtok Folketinget ny grunnskulelov
der skuleveka vart auka til 30, 33 eller 35 timar,
Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar
>
«Krava frå
KS vil skade
norsk skule.»
FOtO
PRIVAT
1...,36,37,38,39,40,41,42,43,44,45 47,48,49,50,51,52,53,54,55,56,...60
Powered by FlippingBook