Utdanning nr 17 - 2014 - page 23

23 |
UTDANNING
nr. 17/17. oktober 2014
und
I 2014 etablerte Sjøfartsdirektoratet ei ny ord-
ning, der frivillige foreiningar kan søke om tilskot
til sjøvettaktivitetar for barn og unge. Gjennom
opplæring, informasjon og andre tiltak for barn og
unge, er målet å bidra til:
• å førebyggje ulykker i samband med bruk av
fritidsbåt
• auka miljømedvit blant fritidsbåtbrukarar
• auka trivsel for fritidsbåtbrukarar gjennom sik-
ker og omsynsfull åtferd
For året 2014 vart det delt ut 1.000.000 kroner til
dette arbeidet.
Frå Sjøfartsdirektoratet sine nettsider kan laga
òg tinge materiell og brosjyrar som dei kan bruke i
opplæringa.
34 personar drukna i samband med ulukker med
fritidsbåt i 2013.
Kjelde: Sjøfartsdirektoratet
Tiltak for sjøvett
Tiril Blix og Christofa Gullhaugen
held båten i balanse, medan Jonas Myklebust og
Kristoffer Haugland dreg båten med taljen. Det er lettare enn med berre nevane. Store
båtar vart flytte med taljer på denne måten.
Lars Olav Rylandsholm
blæs i fløyta når toktet er slutt.
– Eg er skipper
her om bord på «Baltanskjer». De skal sitje i båten og gjere som eg
seier. Så slepp vi kjølhaling på denne turen, og kan konsentrere oss om seglingsmerke og
sjøvettreglane, seier Sigmund Larsen, som brukar litt ramsalt humor i møte med forvent-
ningsfulle og ivrige 6.-klassingar.
Sofie Svarstad demonstrerer
rett bruk av redningsbøye og får applaus av Tiril Blix.
nerande verknad, som vi berre har gode røynsler
med, legg han til.
– No må du ikkje skremme sarte barnesje-
ler, seier Lars Olav Rylandsholm for å dempe
skrekkvisjonane.
– Kor ska vi hen? Kjem det frå ein av fyrstereis-
gutane, med forventning og otte i stemma.
– Det er ikkje snakk om kvar vi skal, men kvar
vi er no.
Namnet gavlbåt kjem av at den er tverr bak.
Slike gavlar vart brukte til kastenot den tida då
silda kom i store mengder inn til kysten. Denne
var bygd i 1940. Han har ein maskin på kring 20
hestar, som gjev ein fart på 5–6 knop.
Båtvett og sjømerke
Tampane vert kasta, skipperen strammar opp, og
gavlen legg frå kaia med Svelgen-elevar som skal
på eventyr i Rugsundstraumen. Etter toktet blæs
Lars Olav Rylandsholm i fløyta, gavlen bakkar opp,
og mannskapet entrar kaia.
– Kva får elevane med seg på toktet i Rugsundstraumen?
– Elevane får litt opplysning om gavlen, det å
vere på sjøen, kven som bestemmer og oppførsel
på sjøen. Så får dei styre litt, ein del har aldri vore
i båt. På denne turen blæs det litt, så dei fekk lære
litt generelt båtvett. Så ser vi på stakar og lykter i
straumen og forklarer sjømerke, babord, styrbord
og vikeplikt. Eg forklarer litt etter det som vi møter
under seglturen, seier Larsen.
Sofie Svarstad meiner dagen i Rugsund har vore
lærerik og interessant.
– Det er kjekt å komme ut med heile klassa. Vi
har rodd, reist med gavlbåt, kasta livbøye, heist i
vinda.
– Det var kjekt å ro, legg Janne Gulestøl til.
– Og så verte heist opp i vinda. Det var ei ny
oppleving for meg.
1...,13,14,15,16,17,18,19,20,21,22 24,25,26,27,28,29,30,31,32,33,...60
Powered by FlippingBook