Table of Contents Table of Contents
Previous Page  93 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 93 / 100 Next Page
Page Background

Ord og uttrykk som

kulturarv

Håkon Lutdal

Med ordet i sin makt

Kolofon

621 sider

av

roar ulvestad

lærar og

tillitsvalt

I essayet «Deltakar

og tilskodar» skriv

Hans Skjervheim:

Ein av dei vikti-

gaste skilnadane

mellom menneske

og dyr er at men-

nesket har språk.

Det som sosiolo-

gane kallar samhandling mellom menneske

– uttrykket er meir å ta som ei overskrift

over eit innfløkt emne enn som eit omgrep

– går i stor mun for seg i språket. Det er i

tale og skrifte vi kjem i kontakt med andre,

møter andre til dagleg og i høgtidelege

situasjoner. Våre konstateringer av fakta

fester vi i språklege formuleringar, like eins

våre vurderingar, rettleidingar og påbod. Det

er språket som gjer at vi har ei sams verd;

forstår vi ikkje språket til kvarandre, lever

vi i kvar vår verd, utan anna enn overfladisk

kontakt.

Det er mange kjelder til det å misforstå

kvarandre, tolkande og mistolkande dyr

som vi er. Ei av mange blindsoner er

den som har med etablerte metaforar,

idiomatiske uttrykk og reine munnhell å

gjere. I eit feltarbeid eg sjølv gjennom-

førte i skulen, vart eg overraska over kor

liten kjennskap ungdom hadde til uttrykk

eg sjølv tok for gitt som eit forholdsvis

stabilt fellesgods.

Vi har hatt ein glødande debatt om

kulturkanon i media, og om kva som er

verd å ta frå kulturarven og eksponere

elevar for i skulen. Då er det gjerne dei

store litterære produkta vi kiver om å

rangere. Engasjementet rundt kulturka-

non har å gjere med korleis vi tek vare

på og utviklar ei felles referanseramme,

der nye kull av elevar får utvikla den

kunnskapsbasen dei treng for å orientere

seg i ungdoms- og vaksenverda. Språk er

ein kulturberar, og språkbruk er og blir

kulturell aktivitet.

Ord og uttrykk som «å drite på dra-

get», «en uriaspost», «ugler i mosen»,

«rette baker for smed», «smør på flesk»

og «ulv ulv» har ein historisk og kultu-

rell bakgrunn, meininga til dei einskilde

uttrykka gir seg ikkje av seg sjølv. I eit

innlegg om nyleg avdøde Hans Rosling

brukte ein skribent med elles strålande

skrivekunne uttrykket «kamp mot vind-

møller» på heilt feil måte. Det viser oss

at den språklege kulturarven bleiknar

om vi som arbeider med språk ikkje står

aktivt på med folkeopplysing. Då treng vi

reiskap. Eit strålande reiskap til å danne

seg ei viss oversikt over dette feltet, kom

ut i 2. utgåve i 2016.

Det er boka

Med ordet i sin makt

av

Håkon Lutdal, der han har samla «10000

stående uttrykk, faste fraser, ord og ven-

dinger.» Dette er ei gullgruve for alle som

arbeider med eller har interesse for språk.

Det er ei rekke ulike retningar innanfor

metafor- og idiomforsking, noko som til

saman gjev ei både stor og uoversiktleg

masse av tilnærmingar. Forfattaren har

gått for ei enkel tilnærming til det teore-

tiske, noko som senkar lista for bruken av

boka, gjer den meir tilgjengeleg for fleire

lesarar.

Dette er eit både fascinerande og

informativt oppslagsverk, der kanskje

særleg norsklærarar vil finne ein god

ressursbank for undervisninga si. Faste

uttrykk er ei av dei særlege utfordringane

for urøynde språkbrukarar og tospråklege

elevar. Det å utforske dette feltet saman

med elevar er utruleg spanande, og min-

ner oss alle om at språk ikkje berre er ein

enkelt kode, men ein vid og mangfaldig

kultur, full av fortolkingar, misforståingar

og sprelske grep. Det å gå i djupna på en-

keltord og uttrykk er spanande for både

elevar og lærarar.

Historien om et

pedagogisk alternativ

Anne-Mette Stabel

Hva skal vi med skole?

Steinerskolens historie i Norge

1926–2016

Pax Forlag

334 sider

av marte øgar

rastad

lektor

Anne Mette Sta-

bel, førsteamanu-

ensis ved Rudolf

Steinerhøyskolen,

har skrevet en

innholdsrik bok

om steinerskolens

historie. Hensikten

med boka kommer

godt fram i forordet: den er ment å gi et

bilde av hva steinerskolen har villet med

skole, og hvordan den har arbeidet for å

realisere visjonene sine. Videre er den

ment som et bidrag både i steinerskolens

interne diskusjon, og i den generelle debat-

ten om hva vi som samfunn ønsker med

skole. For sånne som meg selv, som ikke

har noen erfaringer med steinerskolen

fra før, gir boka et rikt og nyansert bilde

av steinerpedagogikken. Samtidig mener

jeg Stabel realiserer målet om å bidra i

en mer generell debatt omkring skole og

undervisning. I alle fall slår det meg at

fremstillingen av den motkulturen steiner-

skolen representerer, tvinger fram en del

pedagogiske og verdimessige refleksjoner i

meg som leser. Spørsmål omring hva slags

menneskesyn undervisningen bør bygges

på, hvordan man motiveres til å lære, og

BOKOMTALER

93

Bedre Skole nr. 2

2017 – 29. årgang