33 |
UTDANNING
nr. 20/29. november 2013
Magisk
måndagsmorgon
Ei overrasking venta på Helene Rislaa då ho tråkka
inn døra til småbarnsavdelinga ein måndag i oktober.
TEKST
YlvaTörngren |
FOTO
PRIVAT
– Det hendte
ein regnfull måndagsmorgon for
nokre veker sidan. Eg hadde seinvakt frå kvart
på ti, byrjar pedagogisk leiar Helene Rislaa den
vesle forteljinga om den «gylne augneblinken»
ho har valt seg. Rislaa er nyutdanna og byrja i
Mariknotten barnehage i Vennesla 5. august i år.
I god leik
Om morgonen er avdelinga ikkje sjeldan ute og
borna i hektisk leik, slik at dei ikkje legg merke
til om nokon kjem inn porten til barnehagens
store uteområde.
Denne morgonen var alle innandørs. Dei to
vaksne assistentane sat på golvet, og borna, eitt-
og toåringar, hadde spreidd seg i rommet.
– Vi har som ein regel at vi skal vere mykje
nede på golvet. Vere tilgjengelege, der borna er,
seier Helene Rislaa.
Det herska ei roleg stemning. Dei åtte små-
borna, fire gutar og fire jenter, var konsentrerte
om seg sjølve og det dei dreiv med. Somme heldt
på i dokkekroken, andre pusla puslespel.
– Nokre sat i ein leik som eg trur berre dei
sjølve visste kva handla om, men så …
Stilt over golvet
Då det smalt i døra, ho gjekk opp og Helene kom
inn, reagerte først eit par øyre og eit augepar, så
eitt til, og så fleire.
– Det var heit magisk. Borna kom ikkje alle
styrtande bort samtidig. Ein og ein kom stilt over
golvet, smilte og sa hei, og ville ha klem. Til slutt
hadde eg fått åtte varme, gode klemmar!
Av dei åtte, dei aller minste i barnehagen, er to
eitt år gamle og dei andre to år.
– Sjølv om toåringane våre er gode til å snakke,
har dei jo ikkje
så
mykje språk, medgir Helene.
– Alle synte likevel så tydeleg med heile krop-
pen at dei var glade for å sjå meg. Det var så fint
å bli møtt slik. Den gleda dei viste, smitta over.
Eg kjende ei glede og ein motivasjon over den
viktige jobben eg har, noko eg tar med vidare i
kvardagane.
– I ettertid tenkjer eg at eg har noko å lære av
dei små. Generelt tenkjer eg om det hektiske sam-
funnet vårt at vi vaksne har noko å lære av borna:
Å stoppe i ein travel kvardag og vise at vi set pris
på kvarandre, avsluttar Helene Rislaa.
Gylne augeblikk
I denne spalta fortel lærarar og førskolelærarar om noko
dei har lukkast særleg godt med.
Helene Rislaa
(24)
Kven:
Pedagogisk leiar i
Mariknotten barne-
hage, avdeling
Marihøna i Vennesla i
Vest-Agder
Nyutdanna førskule-
lærar frå Høgskolen
i Telemark, avdeling
Notodden.
Godt å tenkje på:
Vi vaksne har noko
å lære av borna: Å
stoppe i ein travel kvar-
dag og vise at vi setter
pris på kvarandre.
Har du opplevd eit gyllent augeblikk
som du vil dele med andre?
Send det til
.
Merk e-posten «Gylne øyeblikk».
«Nokre sat i ein leik
som eg trur berre dei
sjølve visste kva handla
om.»
Ut_33.indd 33
21.11.13 14.49