Table of Contents Table of Contents
Previous Page  28 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 28 / 100 Next Page
Page Background

Nedlegging av skular

– grunnar og konsekvensar

■■

av

karl

jan

solstad

Sidan kommunane fekk det fulle økonomiske ansvaret for drift av grunnskulen, har

mange små skular blitt lagde ned. Det blir hevda at små skular ikkje er fagleg på

høgd med dei større skulane. Men det finst ikkje fagleg dekning for ein slik påstand.

For mange år sidan intervjua eg skulesjefen i ein

telemarkskommune. Dette var på 1960-talet, mot

slutten av førre periode med skulenedleggingar.

Han kunne tilfreds slå fast at no hadde vi fått «eit

lettdrive skulestell» med berre ein kombinert

barne- og ungdomsskule. Så blei det stilt om

skulenedleggingar fram til sist på 1980-talet. For

kommunane var det lite eller ingenting å vinne

på å leggje ned skular fordi staten langt på veg tok

rekninga gjennom øyremerkte tilskott. Fagfolk

og fagpolitikarar på ulike nivå hadde festa lit til

det forsking her heime og i andre land viste om

at ungane lærer like godt i små som i store skular

og at det var mange fordelar for elevar, foreldre

og lokalsamfunn om skulane er nærmast mogleg

for flest mogleg. Då Noreg var fattig, blei skulane

ikkje lagde ned av økonomiske grunnar.

Kommunalt økonomisk ansvar

I 1986 fekk kommunane det fulle økonomiske

Neverdal Skole.

Fotograf: Rita Jensen

Bedre Skole nr. 3

2016

28