Table of Contents Table of Contents
Previous Page  32 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 32 / 100 Next Page
Page Background

ved skulesentralisering, over tid langt blir overgått

av meirutgiftene for individ og samfunn som føl-

gje av dei helserisikoane som det her er vist til,

og som er dokumenterte i den nemnde 2015-rap-

porten frå Nordlandsforskning med tittelen

Meir

skyss – mindre helse?

Det er meir enn beklageleg at

kommunepolitikarar – grunna finansieringsord-

ninga for grunnskulen, den kortsiktige planlegging

i budsjettår og valperiodar, og dels freista av desin-

formerande forskingsformidling – legg ned skular

som det er elevgrunnlag for å halde oppe. Det kan

så avgjort vere grunn til å spørje om mange av dei

skulenedleggingane som vi har sett, i det heile kan

forsvarast om vi verkeleg tar skulens oppgåve også

for den kroppslege utviklinga på alvor. I tillegg kjem

tids- og velferdstapet for elevar med lang skuleskyss,

noko vi fekk mange vitneprov om i arbeidet med ei

utgreiing om skulestrukturen i ein lofotkommune

(Solstad

et al.

2016).

Tilfellet med nedlegginga av Neverdal skule

aktualiserer spørsmåla ovanfor. Her var det slik

at til Neverdal-skulen kunne nesten alle elevane

gå eller sykle. Etter nedlegginga må alle i buss.

Ein tar altså frå elevane den naturlege mosjon som

den daglege gå-/sykleturen til og frå skulen gjev.

I tillegg er planen no å bruke lokala til Neverdal

skule som barnehage for eit større område, inklu-

sive kommunesenteret Spildra-Ørnes. Alle desse

småungane skal då køyrast, vel i regelen privat,

til barnehagen. Kan dette vere heldig for ungane,

for foreldra, for miljøet, for folkehelsa? Og igjen,

korleis står slik planlegging i forhold til intensjo-

nane i folkehelseloven?

Friskule som redningsplank

Eit sterkt bygdesamfunn som Neverdal gjev seg

ikkje så lett. Bygda har no som den første i landet

fått godkjent friskule innan kategorien «særskilt

profil» etter den nye friskulelova frå 2015. Kanskje

ikkje rart at

entreprenørskap

var sjølve profilen.

Eg har vore, og er, ein sterk tilhengar av at grunn-

skulen skal vere offentleg, fagleg romsleg og felles

for alle i rekrutteringsområdet eller skulekrinsen,

jamvel inklusive dei kongelege. Men når vi har

laga slike ordningar for den offentlege skulen at

Neverdal og hundrevis av andre bygder blir frå-

tekne ein så viktig samfunnsinstitusjon og eit så

sentralt velferdsgode, kan eg ikkje anna enn håpe

at dei bygdene som har tilstrekkeleg pågangsmot

og planleggingskapasitet, lukkast i arbeidet for

sin

skule. Dessverre vil det store fleirtal av bygde-

lag som må sjå skulen sin nedlagd, ikkje ha slike

ressursar. Dei lokalsamfunna som kanskje aller

mest treng ein skule, er truleg òg dei som har

minst sjanse til å trasse den kommunale kverna

og dei økonomiske tyngdelovane. Dette er synd

for ungane, og det er synd for dei samfunna som

dei skal vekse opp i.

litteratur

Berg-Olsen; A.

(2008):

Omsorg eller formål. Rasjonalitet og dilemmaer I

fådeltskolen.

Tromsø: Universitetet i Tromsø. (PhD-avhandling)

Bonesrønning, H. og Iversen, J.M.V.

(2010):

Prestasjonsforskjeller mellom

skoler og kommuner: Analyser av nasjonale prøver 2008.

Trondheim: Senter

for økonomiske forskning. (SØF-rapport 1/2010)

Hamar Arbeiderblad

, 03.05. 2007.

Hattie, J.

(2009):

Visible Learning: A Synthesis of Over 800 Meta-Analyses

Relating to Achievement.

London/New York: Routledge.

Heyerdal, N., Aamodt, G., Nordhagen, R. og Hovengen, R.

(2012):

Overvekt hos barn – hvilken betydning har bosted?

Tidsskrift for Den norske

legeforening,

132, s. 1080-1083.

Kvalsund, R.

(2004): Schools as Environments for Social Learning – Sha-

ping Mechanisms? Comparisons of Smaller and Larger Schools in Norway.

Scandinavian Journal of Educational Research,

Vol. 48, s. 347-371.

Lov om folkehelsearbeid av 2011.

Nilsson, D. og Raundalen, M.

(1985):

Barns opplevelse av skoleskyssen.

Kongsvinger: Kongsvinger sykehus.

Nordahl, T.

(2007):

Elever i og fra små skoler. Presentasjon av kartleggingsre-

sultater i en kommune.

Elverum: Høgskolen i Hedmark. (Rapport nr. 4/2007)

Nordahl, T.

(2014): Tokke kommune – skolestruktur og elevenes sosiale

utvikling og læring. (Upublisert notat.)

Opplæringslova av 1998.

Rønning, W., Solstad, K.J. og Øines, T.

(2003):

Det trengs ei hel bygd for å

oppdra et barn.

Bodø: Nordlandsforskning. (NF-rapport 3/2003)

Sjølie, A.

(2002):

Lifestyle and health in a cohort of Norwegian adolescents;

with special emphasis on school journeys and low back pain.

Bergen: Universi-

tetet i Bergen. (Dr.med.-avhandling)

Solstad, K.J.

(1978):

Riksskole i utkantstrok.

Oslo: Universitetsforlaget.

Solstad, K.J.

(2009):

Bygdeskolen i velstands-Noreg.

Vallset: Oplandske

Bokforlag.

Solstad, K.J., Andrews, T. og Løvland, J.

(2016):

Spredt eller samla?

Utredning av ungdomsskolestruktur i Vågan kommune.

Bodø: Nordlandsfors-

kning. (NF-rapport 3/2016)

Solstad, K.J. og Solstad, M.

(2015):

Meir skyss – mindre helse? Skulesentra-

lisering i eit helseperspektiv.

Bodø: Nordlandsforskning. (NF-rapport 7/2015)

Karl Jan Solstad

er seniorforskar ved Nordlands-

forskning. Han har vore lærar i grunnskulen og ved

høgskular og universitet, seinast som professor i

skuleforsking ved Universitetet i Tromsø, før han i

15 år var skule-/utdanningsdirektør i Nordland. I si

forsking har han særleg vore opptatt av vilkåra for ein

likeverdig grunnskule i strok med grissgrendt buset-

ting. Han har publisert ei rad artiklar og fleire bøker,

spesielt innanfor denne problematikken.

Bedre Skole nr. 3

2016

32