at di større del av skuleklassen som er jenter, di
betre skårar både gutar og jenter på dei nasjonale
prøvene, eller, di færre av lærarane ved ein skule
som er menn, di betre gjer elevane det på prøvene.
Konklusjonen kunne kanskje spissformulerast
slik: vi bør unngå gutar som elevar og menn som
lærarar! No trekkjer ikkje forfattarane slike kon-
klusjonar, men utviser stor fantasi i å finne tenkje-
lege og utenkjelege forklaringar på desse og andre
«rare» funn. Når det gjeld samanhengen mellom
kor stor skulen er og elevprestasjonar, fann dei i
ein første analyse ein liten, men «statistisk signifi-
kant», positiv samanheng. Når foreldrebakgrunn,
definert som fars utdanningsnivå, blei trekt inn i
analysane, blei den positive samanhengen borte
slik at konklusjonen på dette punkt måtte bli at
elevar presterer godt eller dårleg uavhengig av kor
stor eller liten skulen er, heilt i tråd med annan
forsking. Forskarane fann òg at Sogn og Fjordane,
fylket med flest elevar i små skular, kom på topp
av landets fylke saman med Oslo. Igjen var det
krevjande for forskarane å finne gode forklaringar
eller bortforklaringar.
Det er nærmast tragisk når det kan sjå ut til å
vere denne typen forskingsresultat som er i ferd
med å få gjennomslag og som i kommunale saks-
framlegg blir brukt som argument for å leggje
ned små og til dels større skular slik vi har sett i
kommunar som Fauske, Levanger, Meløy og Lil-
lehammer. I kartlegginga vår (Solstad og Solstad
2015) kom det fram at omsynet til kvaliteten på
det pedagogiske tilbodet i 2015 klart oftare enn i
2005 blei trekt fram som grunngjeving for å leggje
ned skular. Dessverre gjev ikkje ein artikkel som
dette rom for ein gjennomgang av kva forsking på
kvalitet ved store og små skular faktisk viser, men
eg kan sitere konklusjonen frå ein slik gjennom-
gang i boka
Bygdeskulen i velstands-Noreg
(Solstad
2009): «Det er viktig å slå fast at så langt norsk og
internasjonal forsking i dag kan dokumentere, så
er dei små skulane fullt på høgd med store skular
når det gjeld å fremje læring og intellektuell utvik-
ling». Slik dei norske forskarane Rune Kvalsund
(2004) og Anita Berg-Olsen (2008) har vist, er dei
små skulane heller ikkje med omsyn til sosial læ-
ring og utvikling underlegne større, snarare tvert
om. Dette meiner forskarane har samanheng med
at i små skular vil elevane langt oftare samhandle
på tvers av alder og kjønn og med det, paradok-
salt nok, ha ei breiare og rikare sosial kontaktflate
enn elevar i store skular som i barneskulealderen
held seg til si aldersgruppe og sitt kjønn. Elevane i
slike små skular og i mindre miljø vil òg ha tettare
vaksenkontakt og tidlegare få ansvar for seg sjølv
og andre.
Skulesentralisering i eit helseperspektiv
Eg vil til slutt i dette forsøket på å mobilisere mot
den sentraliseringsbølgja på grunnskulesektoren
som vi er midt oppe i, trekkje fram eit område
som vi etter mi meining har tatt alt for lite omsyn
til, nemleg den fysiske utviklinga og helsa til dei
unge. Dette trass i at kommunen etter
Lov om
folkehelsearbeid
av 2011 skal «… bidra til ei sam-
funnsutvikling som fremmer folkehelse». Fram
til den nye formålsparagrafen i opplæringslova
gjort gjeldande frå 2009, var då òg det åndelege
og det kroppslege sidestilte utviklingsområde for
skulen i arbeidet for å gjere elevane til «gagnlege
menneske».
Det er dokumentert ei rad uheldige sider ved
skuleskyss for fysisk velvære, utvikling og helse.
Elevar med skyss er som gruppe i dårlegare form
enn dei som går eller syklar til skulen. Dagleg
transport til skulen fører til auka risiko for rygg-
plager, redusert balanseevne og stivare hofteparti
(Sjølie 2002). Å ta frå ungane den daglege mo-
sjonen som det å gå/sykle til skulen gjev, aukar
risikoen for overvekt (Heyerdahl
et al.
2012).
Mange, om lag kvar fjerde elev, har fysiske plager
av skyssen, særleg om han er lang (Solstad 1978,
Nilsson og Raundalen 1985).
Så vel overvekt som ryggplager hos unge fører
til auka risiko for liknande plager som vaksne med
dei kostnader for den enkelte og for samfunnet som
følgjer med. Det er allment kjent at overvektige
er meir utsette for diabetes, hjarte-kar-sjukdomar
og kne-/hoftelidingar enn folk med ein normal
KMI, alle problem som til liks med ryggplager
ofte fører til nedsett funksjonsevne, større sjuke-
fråvær og oftare uføretrygding. Kort sagt er dette
konsekvensar som er med på å redusere livskva-
liteten for den enkelte, og som gjev store utslag
på helse- og sosialbudsjettet for kommunane.
Konkrete overslag ligg ikkje føre, men det er svært
sannsynleg at dei innsparingane som ein kan oppnå
Bedre Skole nr. 3
■
2016
31