Table of Contents Table of Contents
Previous Page  29 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 29 / 100 Next Page
Page Background

ansvar for drift av grunnskulen. Ei samla «alt i ein

sekk»-overføring frå staten skulle gje kommunane

større handlingsrom og gjere det lettare å sjå res-

sursbruken på dei ulike sektorane for tenesteyting

i samanheng. Nye oppgåver på eitt felt, til dømes

på sosial- og helsesektoren, krev innsparing på

andre. Nedlegging av små skular kan hjelpe mange

kommunar til å berge budsjettbalansen og halde

kommunen klar av fylkesmannens Robek-liste.

Så har då òg skulenedleggingane kome for fullt.

Nordlandsforskning har i ei ny kartlegging vist

at talet på grunnskular i landets 140 mest griss-

grendte kommunar frå 1990 fram til i dag er redu-

sert frå 500 til 300 (Solstad og Solstad 2015). Men

skulenedleggingar skjer i alle kommunetypar. På

landsbasis er det over dei siste 20 åra lagt ned om

lag 50 skular årleg, godt over halvparten av desse

med færre enn 30 elevar. Men det er i dei seinare

åra ein klår tendens til at barneskular blir lagde ned

sjølv om elevtalet er godt over 50. Nedlegginga av

Neverdal skule, somMeløy kommunestyre vedtok

like før jul 2015, er eit godt døme.

Tilfellet Neverdal skule

Neverdal-skulen med noko over 60 elevar var ein

rimeleg stor bygdeskule med ein drivande lær-

arstab som mellom anna har gjort at skulen over

fleire år har utmerka seg positivt reint fagleg, og

ein skule som har ei entusiastisk foreldregruppe og

eit heilt bygdesamfunn i ryggen. I dette tilfellet,

som i svært mange andre tilfelle når så pass store

skular blir lagde ned, er dei økonomiske innspa-

ringane, sjølv på kort sikt og i eit reint bedriftsø-

konomisk perspektiv, diskutable, slik det går fram

av ein tidlegare rapport frå Nordlandsforskning

(Rønning

et al.

2003). Eg var til stades på eit stort

folkemøte i Neverdal like før det famøse kom-

munestyrevedtaket. Representantar for fire av

dei seks partia i kommunestyret var til stades. Ut

frå det som kom fram på møtet, mellom anna om

økonomiske sider ved saka, skulle ein ikkje tru at

det samla kommunestyret berre få dagar etterpå

med klårt fleirtal vedtok å leggje ned skulen i Ne-

verdal. Kva er det som driv den fagbyråkratiske

og politiske leiinga i ein kommune til slike vedtak

som foreldre og eit samla lokalsamfunn fører ein

årelang kamp mot?

Grunnar for nedlegging

Av 2015-kartlegginga vår går det fram at dei to

grunnane for skulenedlegging som det oftast blir

vist til frå kommunenivået, er (1) lågt og minkande

elevtal og (2) økonomi. Desse to grunnane blir

trekte fram i 70–80 prosent av tilfella. Som den

tredje viktigaste grunnen, nemnd i nærmare

halvparten av tilfella, kjem omsynet til kvaliteten

på skuletilbodet. Og «kvalitet» synest i dag, så

vel for politikarar på alle nivå som for folk flest,

å vere avgrensa til det som blir fanga opp av

nasjonale og internasjonale kunnskapsprøver i

nokre få skulefag. I tilfellet Neverdal er, som vi

har sett, elevtalet ikkje lågt, og det er heller ikkje

minkande. Den økonomiske vinninga ved ned-

legginga kan ikkje vere stor og er i alle fall ikkje

godt dokumentert. Kvalitativt sett synest skulen

å vere ein plussvariant. Skulen har vunne i alt

fem Nysgjerrigperprisar, i 2013 førstepris. Med

elevane som datainnsamlarar og medforfattarar

har skulen gjennom dei seinare åra gjeve ut tre

innbundne bøker over lokale emne, mellom anna

om stadnamn. Dette vitnar om ein skule som set

seg mål, satsar på kreativitet og evner å motivere

elevane over tid. Ein kunne vere freista til å spørje

om den kommunale leiinga i Meløy, og i mange

andre kommunar, tenkjer som den skulesjefen eg

siterte i innleiinga: dess færre skular i kommunen,

dess meir lettdrive, og rasjonell blir skulesektoren.

I Meløy kan det bli krevjande å nå målet om berre

ein skule, men mange andre kommunar er alt

komne dit. Av vårt grissgrendtutval på 140 kom-

munar har nærmare 30 nådd «målet». Vi hadde

då òg fleire kommentarar frå slike kommunar om

at no var det berre kommunesamanslåingar som

kunne opne for nye skulenedleggingar – og, kan vi

leggje til, ein endå meir sentralisert skulestruktur

i landet. Nett no (juli 2016) ser det kanskje ikkje

ut til å bli nokon omfattande kommunereform i

denne omgang.

I tilfellet Neverdal kan det ikkje seriøst argu-

menterast med at Neverdals-elevane ved å kome

til den større skulen på Spildra blir sikra eit betre

pedagogisk tilbod. Men på landsbasis kan det

sjå ut som at éin fagpedagog (professor Thomas

Nordahl) og éin fagleg toppbyråkrat (tidlegare

direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skar-

heim) gjennom dyktig bruk av TV, andre media

Bedre Skole nr. 3

2016

29