Utdanning nr 01-2014 - page 24

24 |
UTDANNING
nr. 1/10. januar 2014
Den mislukka
omsko
Aktuelt
For sytti år sidan ville nazistane
omskolere norske studentar til
«glødande nasjonalsosialistar».
Slik gjekk det ikkje.
TEKST
JohnRoaldPettersen
Det er natt
til 28. november 1943. Fire unge menn
bryt seg inn i aulaen til Universitetet i Oslo, hel-
ler parafin ut over scena og tenner på. Like etter
varslar dei brannvesenet, slik at skadane ikkje blir
store.
Svein Wilhelm Bruun, Aksel Nordstrøm, Rei-
dar Østli og Kjell Larsgaard starta brannen. Dei
tre sistnemnde var involvert i den illegale avisa
London-Nytt, der Petter Moen, som tok initiativ
til aksjonen, var redaktør. Han omkom under ein
fangetransport til Tyskland i 1944, og han fortalde
aldri noko om bakgrunnen. Kan hende var det ein
protest mot konsertane som Filharmonien heldt
for tyske soldatar i aulaen kvar søndag. Det vart
sett på som kulturelt samarbeid med okkupa-
sjonsmakta.
1200 arresterte
To dagar etter brannen blir universitetet stengt,
og rundt 1200 studentar arrestert. Reichkommi-
sar Josef Terboven hadde oppfatta brannstiftinga
som ein provokasjon.
Arrestasjonane var starten på eit eige kapittel i
den norske okkupasjonshistoria. Eit kapittel om
nazistane sin famøse plan om å velje ut dei mest
germanske unge intellektuelle og omvende dei til
den rette ideologi og tenkjemåte.
Ein av dei som vart arrestert og sendt til fange-
leir i Tyskland, var Elling Kvamme. Kvamme, som
seinare vart professor i medisin, er i dag 95 år og
ein av få av desse studentane som framleis lever.
Han hugsar godt kor han var då tyskarane aksjo-
nerte 30. november.
«Sitter i dvale ved et bord
når man har kapret seg
en plass. Blå hodebunner.
Til sengs ca. kl. 19. Bun-
nen foreløpig nådd. Finner
nytelse i å late vannet. Så
fattig kan en sjel bli –»
Frå ™or Holms dagbok 15. januar 1944
1...,14,15,16,17,18,19,20,21,22,23 25,26,27,28,29,30,31,32,33,34,...68
Powered by FlippingBook