Utdanning nr 01-2014 - page 25

25 |
UTDANNING
nr. 1/10. januar 2014
eringa
gar. Buchenwald var ein forferdeleg leir, og det
fekk vi kjenne på. Men etter ei tid fekk vi status
som «særfangar» og vart isolert i ei eiga brakke
med ein luftegard med piggtråd rundt. Vi slapp å
arbeide som dei andre fangane, og fekk i staden
undervisning i nazistisk ideologi, fortel Kvamme.
– Korleis opplevde du desse forsøka på å overtyde dykk
om at den nazistiske ideologien var den rette?
– Eg opplevde det som latterleg. Heilt latterleg.
Det einaste positive eg kan hugse frå desse førele-
singane, var då ein av lærarane hadde med seg ein
grammofon og spelte klassisk musikk.
Fann dagbok frå leiren
Ein av dei andre studentane som hamna i Buchen-
wald, var ‚or Holm. Son til Tor, Ingar Holm, kom
nyleg ut med ei bok om dei norske studentane som
Norske studentfangar
på marsj under leiing av
Oberscharführer Babst.
FOTO
HELGEROGNLIENSPRIVATARKIV
To sider frå dagboka
til Thor Holm, med skisse av brakke 19.
FOTO
INGARHOLM
Forsida
på ei tysk vervingsbrosjyre, «Veier til germansk skjebnefellesskap». Førelesnin-
gane til studentane gjekk føre seg i hovudbygninga i bakgrunnen.
FOTO
ROUBY/DREYERFORLAG
Eit av fleire bilete
som Agnar Jørgensen og Kjell
Heisholdt malte på veggen i studentane sitt opphaldsrom
i Bitschweiler.
FOTO
INGARHOLMSPRIVATARKIV
– Eg var på Rikshospitalet, vi skulle ha såkalla
«klinikk» i nevrologi, under leiing av professor
Georg Monrad Krohn. Vi hadde fått tildelt pasi-
entar som vi skulle undersøke klinisk, og stille
ein diagnose. På veg inn fekk eg ein lapp i handa.
Åtvaring
Lappen varsla ein storstilt aksjon mot studentane.
«Fra ledende NS-hold er det opplyst at samtlige
studenter skal arresteres og føres til konsentra-
sjonsleir i Tyskland», stod det. Aksjonen skulle gå
føre seg same dag. «Forlat
straks
lesesaler, institut-
ter og klinikker og gå i dekning».
– Eg gjekk inn til professoren, viste han lappen,
og spurte om det ikkje ville vere fornuftig å avlyse
klinikken. Det avviste han. Vi vart sette i gang med
undersøkingane, men det gjekk ikkje lenge før
tyskarane hedde trengt inn i auditoriet. Univer-
sitetslærarane og dei kvinnelege studentane fekk
forlate lokalet, vi andre vart førte til universitetet,
fortel Kvamme.
Dei rundt 1200 arresterte studentane vart
frakta til ein leir i Stavern, der dei mellom anna
vart avhørt om sine haldningar til «den nye tid».
650 av dei vart sleppte fri i løpet av dei komande
vekene, resten sendt til Tyskland. Første gruppe på
291 studentar vart i desember 1943 sendt til Senn-
heim i det franske landskapet Alsace som var blitt
annektert av Tyskland.
«Særfangar»
Kvamme sjølv var med i ei gruppe på 354 som vart
sendt til Buchenwald i januar 1944.
Buchenwald-leiren låg åtte kilometer frå Wei-
mar, om lag midt i dagens Tyskland.
– I starten vart vi handsama som vanlege fan-
«Raselære av rektor. Propaganda.»
Frå ‚or Holms dagbok 5. juli 1944,
etter førelesning av rektor ved Jena universitet
>
1...,15,16,17,18,19,20,21,22,23,24 26,27,28,29,30,31,32,33,34,35,...68
Powered by FlippingBook