Utdanning nr 17 - 2014 - page 7

7 |
UTDANNING
nr. 17/17. oktober 2014
TEKST
KirstenRopeid |
Sykkylven kommune i
Møre og Romsdal har til-
rådd til saman 98 timar med assistent til barneha-
gebarn som treng oppfølging av spesialpedagog. Av
dei 430 barnehagebarna i Sykkylven har 12 vedtak
om at dei treng slik oppfølging. Blant diagnosane
er autisme, Downs syndrom og alvorleg hørsels-
hemming.
– Det er krevjande diagnosar, understrekar Rei-
dun Eidem ved pedagogisk-psykologisk teneste
(PPT) i Sykkylven.
Utan eigen assistent
Likevel må barna klare seg utan eigen assistent
heile uka. Denne typen assistent heiter «assistent
for spesialpedagog» og skal støtte ungane den tida
spesialpedagogen ikkje er der.
Barna får heller ikkje spesialpedagogisk oppføl-
ging i det omfanget dei sakkunnige har tilrådd. PPT
har meldt at ein i alt treng 66 timar spesialpedagog
i veka, får Utdanning opplyst av barnehagerådgivar
i Sykkylven, Øyvind Fet. Kommunen har 2,2 stil-
lingsheimlar for spesialpedagog for barnehagebarn
tilgjengeleg. Med fråtrekk for for- og etterarbeid
tyder det at spesialpedagogane er i barnehagane
62 timer i uka.
2,5 stillingar kutta
Fram til i vår hadde barnehagane fire stillings-
heimlar for ekstra assistentar for barnegrupper
med barn som trong ekstra hjelp. Dette vart kutta
til 1,5 stillingar ved budsjettjusteringar i vår.
Tre av foreldra har klaga fråværet av assistent inn
for Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dei ventar
på svar.
Årsaka til problemet er at det ikkje finst pengar.
Grunngjev dei tilsette i Sykkylven kommune avsla-
get om assistent med at kommunen ikkje har råd,
vil Fylkesmannen avvise det som feil sakshandsa-
ming. Økonomi er ikkje tema i desse vurderingane.
Å overprøve dei sakkunnige og seie at barna ikkje
treng så mye assistanse, er dei naturleg nok ikkje
kvalifiserte til.
Ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol, seier til
Utdanning at han vil ta saka med dei manglande
assistenttimane med i arbeidet om kommunebud-
sjettet 2015.
– Kommunen må løyse dette
Kommunar i økonomisk ubalanse hamnar i
Robek-registeret. Som Robek-kommune må
Sykkylven ha godkjenning frå Kommunaldepar-
tementet for å låne pengar. Fylkesmannen skal
sjå til at kommunar på Robek-lista ikkje brukar
for mye pengar. Samstundes er Fylkesmannen
klageinstans for dei som meiner at kommunane
brukar for lite pengar, som når Sykkylven ikkje
har assistent for spesialpedagog.
Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste i Møre
og Romsdal seier til Utdanning at ho ser at det kan
framstå som eit paradoks. Ho understrekar at ho
ikkje kan kommentere denne saka spesielt, sidan
klagesvar ikkje er kome.
– Men Sykkylven har laga ein forpliktande krav
for pengebruken. Korleis kommunen har prioritert
i den planen, legg vi oss ikkje borti, seier ho.
– Når det gjeld tilråding frå PPT, så er det råd,
ikkje krav, slik at kommunen kan finne andre løy-
singar. Men barna må få det dei treng. Ei løysing må
kommunen finne, seier Brøste.
Økonomi
Gir ikkje assistent til barn
som treng ekstra støtte
Universitetet i Tromsø eneste norske på ny topp 50-liste
Universitetet i Tromsø (UiT) er eneste norske universitet i en rangering av
verdens 50 beste universiteter etablert siden 1964, melder UiT på sitt nett-
sted. UiT Norges arktiske universitet får 44. plass på QSWorld University
Rankings.
Dysleksi Norge mener lærerne bør kunne mer om lærevansker
Skal du bli optiker, er lese- og skrivevansker en del av utdanningen din, men
går du på en norsk lærerutdanning, er det ikke noe krav om dysleksi i pensum.
Dysleksi Norge vil ha kunnskap om lærevansker inn som et minstekrav i norsk
lærerutdanning, ifølge NRK.
Barnehagebarna fekk ikkje dei
98 timane med assistent dei
skulle ha. No har foreldra klaga
til fylkesmannen.
Fråværet av assistent
for barnehagebarn er klaga inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal av tre av foreldra.
(Barna på biletet har ikkje noko med saka å gjera.)
ILL.FOTO
ERIKSUNDT.
1,2,3,4,5,6 8,9,10,11,12,13,14,15,16,17,...60
Powered by FlippingBook