Utdanning nr 13-2014 - page 43

43 |
Utdanning
nr. 13/22. august 2014
Det er langt mellomdei forordna
punkta somstår på Powerpointen
og dei praktiske utfordringane
somfinst i dagens skule.
Her om dagen
møtte eg på ein nyutdanna lærar
som hadde gitt opp læraryrket etter berre eitt år.
Vedkommande sa mellom anna dette om sine
opplevingar frå utdanninga:
«Eg tok lærarutdanning og opplevde at det var
svært lite av den eg kunne bruke i møte med det
verkelege livet sommøtte meg i klasserommet. Eg
lærte ingenting der om korleis eg skulle møte på
ein uventa situasjon, korleis eg skulle hjelpe ein
elev til å bli inkludert i leiken i friminuttet eller
korleis eg skulle gripe an når nokon blei mobba.
Eg sat time etter time og skreiv av frå læraren
sin Powerpoint om læringsteoriar og vanskelege
pedagogiske omgrep. Då eg kom ut som lærar, var
eg livredd for det som møtte meg i klasserom-
met.»
Lysark etter lysark vert spydd ut
Kva er det studentar lærer i dag om det å vere
lærar? Til mi store undring er ein framleis opp-
teken av det teoretiske ved lærarutdanninga. Det
er inga ending på pedagogiske omgrep, til dømes
didaktikk, didaktisk relasjonsmodell og didaktisk
relasjonstenking. Vurdering for læring, vurdering
av læring, undervegsvurdering og sluttvurdering.
Lysark etter lysark blir spydd ut med sine forordna
punkt i rekke og rad i håp om å nå inn til studen-
tane med kunnskap.
Eg undrar om dei nyutdanna lærarane tar med
seg Powerpointen under armen når dei startar
si lærarkarriere. Var det kan hende berre denne
undervisningsmåten dei lærte av oss?
Kva er det med denne Powerpointen som på ein
måte gjer seg ut for å innehalde alt du kan trenge
av kunnskap og ny innsikt? Den finst overalt, på
seminar, på styremøte, i kommunehus og i regje-
ringskvartal. Det er noko med forma. Den står
fram i stadig nye utformingar. For den usikre fore-
dragshaldar er det trygt å stø seg til sine fargesterke
blå lysark. Dei skuffar ikkje og kjem like trufast
som måsen om våren og i beste kan fall kan ein
berre lese av lysarka utan å ha den ringaste aning
om kva som står der.
Jentene sit lydig
Det er eit kunnskapssyn som tenderer sterkt mot
det instrumentelle. Det er noko mekanisk over
det heile. Noko autoritært. Fakta står på Power-
pointen og må derfor takast i største alvor. Inga
kritisk røyst er å høyre. Studentane; eg meiner
jentene, sit lydig og skriv av som om det var vår
tids nye skjønnskriftsøving.
Gutane droppar ut
Gutane har for lengst slått av straumen.
Det ropast alarm i samfunnet om at gutane
droppar ut av vidaregåande. Kan det vere at dei
kjeder vitet av seg i denne forordna skolen kor
mykje handlar om punkt 1, 2 og 3 på Power-
pointen? Dei er kanskje ikkje «dropouts» men
«pushouts». Det er skolen som puffar gutane ut.
Dei har ikkje armslag lenger. Rommet er blitt for
trongt for dei. Skuleflinke jenter har tatt over. Om
jentene seiest det at dei brukar ein time framfor
spegelen om morgonen. Meir tid enn dei brukar
på leksa. Kan hende har jentene forstått koplinga
mellom eit tekkeleg ytre og ein pliktoppfyllande
innsats i å skrive av frå lysarka. Dei gjer inga opp-
rør mot systemet slik som gutane gjer. Dei tilpassar
seg i håp om å få gode karakterar mens gutane har
oppdaga kva dei går glipp av ved å bli verande i
skolen. Då er det meir spenning i å snu døgnet,
spele dataspel, laste ned filmar og bestemme over
eiga tid. Frirommet om natta gjev dei meir indre
action enn nokon Powerpoint kan gje dei på dag-
tid.
Sjå kunnskap som heil
Kor vart det av lysarket om det musiske menneske
som professor Jon Roar Bjørkvold tala så varmt om
på 1990-talet? Om å sjå kunnskapen som heil og
ikkje som delar. Om songen. Om leiken og liden-
skapen i kvart eit menneske. Blei det berre med
draumen? Nokon trudde visst det var komen ein
ny vår og at det ville bli like fint å jobbe som å
danse. Men dei tok feil. Det er enno ikkje rydda
plass på golvet for å danse. Vi har gitt busselskapet
ansvar for innreiinga og elevane sit framleis fint på
rekke og rad som dei alltid har gjort. Dei har ikkje
stor plass til å røre seg og ser heller ikkje ansikta
til kvarandre men det spelar inga rolle så lenge dei
sit vendt mot Powerpointen.
Hadde eg undervist i dans og ikkje i pedagogikk,
ville eg neppe brukt PowerPoint i undervisninga.
Eg ville bedt elevane komme fram på golvet for å
danse. Det er noko praktisk ved dansen som krev
at kroppen må takast i bruk når ein skal lære seg
nye dansetrinn. Det spørst om læringseffekten
ville vore like stor dersom eg stod ved tavla og
forklarte skilnaden på dansetrinna i cha-cha-cha
og salsa ved hjelp av punkt på ein PowerPoint.
Praktisk kunnskap
Skal tru om ikkje praktisk kunnskap er nett det
ein nyutdanna lærar treng i møte med ein kom-
pleks og utfordrande skulekvardag der elevar frå
spennande kulturar og med ulik bakgrunn byr opp
til den eine nye dansen etter den andre.
I det praktiske ligg teorien. Vi kan ikkje skilje
desse to, like lite som vi kan skilje hovudet frå
kroppen. Det blir fort eit livlaust samfunn.
Powerpointen kan ikkje få skylda for denne
todelinga av mennesket. Powerpointen er berre
eit verktøy som kan fungere utmerkt til sitt bruk,
men ikkje heile tida og ikkje til alt.
Det er mange vegar til Rom. Nokon snakkar om
å ta det verkelege livet inn i klasserommet. Det
verkelege livet er allereie der. For det er i klasse-
rommet studentane er. Oftast. Tida er inne for å
by dei opp til dans. Golvet er ledig og dansen kan
berre starte.
«Blei det berre
med draumen?»
Farvel til Powerpointen?
Marian Børli
Sivertsen
høgskulelektor i
pedagogikk ved
Høgskolen i Nesna
20 års erfaring som lærar
i yrkesfag i vidaregåande
skule
Foto
privat
1...,33,34,35,36,37,38,39,40,41,42 44,45,46,47,48,49,50,51,52,53,...68
Powered by FlippingBook