41 |
UTDANNING
nr. 13/22. august 2014
sjonar i skulen
lærestoffet. Ein merka etter kvart at den «visu-
elle metoden» via storskjerm var ein sikker
metode i presentering av nytt stoff.
Den naturlege autoriteten ein opplevde hos
elevar i 1950- og 1960-åra, fekk ei gradvis end-
ring på ulike område i samfunnet med større fri-
dom i oppsedinga med bakgrunn i psykologiske
grunngjevingar. Kampen i dag mot uro og disi-
plinproblem i skulen vil sterkast kunne styrast
gjennom korleis ein gjennomfører ei undervis-
ning sommøter elevane sin intelligensar.
Noreg er mellom dei landa i verda som bru-
kar mest pengar på skulen, men internasjonale
granskingar som PISA syner at vi gjer det dårleg
når det gjeld faglege resultat. Land som Finland,
Nederland og Canada gjer det langt betre. Gran-
skingar viser elles at det er meir bråk og uro i
skuletimane i Noreg enn i mange andre land.
Det vert hevda at me har ein manglande kultur
for læring.
Forsking på undervisning?
Når Høgskulen i Sogn og Fjordane får tildelt 30
millionar kroner og høve til samarbeid med
40 forskarar i eit prosjekt som vil fokusere på
samanheng mellom fysisk aktivitet og resultat i
skulen, så er det altfor snevert å berre fokusere
på denne eine faktoren. All forsking til denne
tid er samde om at det er rutinar og strukturar i
klasserommet som synest å påverke graden av
læring. Akkurat kva er enno uvisst, men store
internasjonale metastudiar viser eintydig at det
som gir mest utteljing på elevprestasjonar, er
samspelet mellom lærar og elev.
Undervisning i eit klasserom med til dømes
30 elevar er ein svært komplisert situasjon og
ein krevjande prosess som stiller store krav til
samspelet mellom elev og lærar. Det er lett å
forstå at nyutdanna lærarar ynskjer ein mentor
mot «praksissjokket» i sitt første møte med ein
klasse.
Dei 40 forskarane bør i alle høve nytte sjansen
til å forske på eit breiare spekter av faktorar som
kan bli knytt til betre resultat av undervisninga,
enn berre ekstra gymnastikktimar.
Kvifor gir bruk av data i klasserommet langt
mindre læringsutbytte enn før?
Korleis kan ein oppnå mindre mobbing gjen-
nom undervisning?
Kvifor gjer jenter det best i ni av ti fag?
Kvifor er søvn og kosthald viktig for læring?
Korleis kan ny hjerneforsking hjelpe nye læra-
rar i å takle «praksissjokket»?
Kva med disiplin og rutinar for ro og orden?
Korleis bør informasjons- og kommunika-
sjonsteknologi brukast for å gi betre læring?
Korleis undervise for å minske mobbing?
Korleis bør ein bruke Røris i klasserommet?
Korleis kan det organiserast etterutdanning?
Kva kan høgskular gjere for å hindre at studen-
tar «hoppar av» utdanninga etter 2. året?
Kva metodar og materiell fungerer best i
undervisninga?
Korleis kan norsk skule oppnå like bra resultat
i PISA som Finland?
Debatt om skulen
Med bakgrunn i at norsk skule i dag pregar
debattar i lokal pressa, pedagogiske fora og
sentralt i både Kunnskapsdepartementet og
arbeidsgjevar KS, vil all objektiv og adekvat
informasjon frå ei forskargruppe om kva som er
best og viktig i skulen for å oppnå best mogeleg
læringsutbytte, vege tungt i debatten.
Konklusjonen forskarane kjem fram til, bør
presenterast både for høgskular og lærarar som
får høve til etterutdanning. Dei siste millionane
kroner bør brukast til slik informasjon.
Ein kursdag til kvar skule kan organiserast
ved at pensjonerte lærarar og foreldre tek over
undervisninga ein skuledag. Det vil fungere
med ei god lekseplan for dagen, ein tilgjengeleg
vaktmeister og ei kontordame som kokar kaffi
til matpausen.
God forsking!