Første Steg nr. 3-2014 - page 61

desse tilnærmingane, men Sommer er
klar på at nedanifrå og opp-perspektivet
er det som på lengre sikt er mest gun-
stig for barnet si utvikling og læring. I
denne breiare tilnærminga har barns
eigne interesser større rom, og læringa
er integrert i leik og dagleg liv. Kognitivt
orienterte og skuleprega opplegg i bar-
nehagen (ovanifrå og ned) har vist seg å
ikkje ha nokon langsiktig effekt, og kan
også føramed seg negative konsekvensar
(prestasjonsangst, mindre kreativitet).
FORHANDLINGSFAMILIEN –
OGDENMEIR
ENGASJERTEFAREN
Eit trekk ved oppvekstvilkåra for det
seinmoderne barnet (barn i vår tid i
den vestlege verda) er at familien med
kjernerelasjonenmor – barn ikkje lenger
er den einaste oppvekstarenaen for små
barn. Framleis har foreldra stor påverk-
nad på barnet si utvikling, og sjølv om
begge foreldra er yrkesaktive, har dei
ikkje vorte mindre viktige. Men det har
vorte nokre viktige endringar i familie-
livet. Kvinner si aktive deltaking i yrkes-
livet og ei massiv utbygging av barne-
hagar er viktige trekk i utviklinga. Endra
syn på kjønnsroller og på fars og mors
oppgåver i heimen har også endra synet
på kva somer ein vel fungerande familie
og på maktbalansen mellom foreldra. I
denmoderne familien har
forklaringar,
diskusjonar
og
forhandlingar
fått større
plass i foreldra sin måte å samhandla
med barna på.
Sommar peikar på tre kulturelle
fenomen som han ser som drivkraft i
utviklinga av ein
forhandlingskultur:
humanisering, demokratisering og indi-
viduasjon. I desse prinsippa ligg det at
barn ermenneske vimå ta omsyn til. Dei
har rettar og dei har krav på respekt. Dei
skal høyrast og sjåast, dei skal inklude-
rast og foreldra skal ta omsyn til at dei
er unike personlegdommar.
I eit eige kapittel drøftar Sommer
faren si rolle i familien. Han viser til
forsking som syner at far er viktig også
i den tidlige utviklinga hos barnet. På den
måten tek han eit oppgjer med tidligare
forsking som har vore einsidig orien-
tertmot relasjonenmor – barn og tillagt
denne avgjerande vekt for barnet si sei-
nare utvikling. Han refererer blant anna
til studiar av eit jeger- og samlarfolk i
Sentral-Afrika (Aka-stammen) der faren
er ein sentral omsorgsperson. Han viser
også til forsking innan vår eigen kultur-
krets der det kjem fram klare skilnader
mellom oppsedingspraksis i ulike land,
til dømesmellomSkandinavia og Tysk-
land. I drøftinga av JohnBowlby (britisk
psykolog, psykiater og psykoanalytiker,
1907–1990) sin tilknytingsteori får han
fram at både mødrer og fedrar kan vera
eit trygt grunnlag for barnet si utvikling.
Det beste grunnlaget for barnet si utvik-
ling er to trygge tilknytingsrelasjonar.
EITMEIRNYANSERT SYN
PÅBARNDOMMEN
Sommer dokumenterer på ein overty-
dande måte at det er grunnlag for å tala
omeit paradigmeskifte i synet på barns
utvikling, og at det er fruktbart å sjå bar-
net si utvikling ut ifrå ein vidare sosial
og kulturell ramme. Boka har ein klar
struktur og god tematisk samanheng.
Medan barnepsykologiske teoriar før
paradigmeskiftet understreka kor viktig
barndomstida og dei første barneåra var
for seinare utvikling, har nyare forsking
nyansert dette. Psykologisk funksjon hos
vaksne kan bare delvis forklarast med
påverknader i tidleg barndom. Derfor
kan det i framtida vera vel så fruktbart
å studera
levetidsutvikling
i eit livsper-
spektiv. Barndommen er ein av fleire
periodar som kan forklara mennesket
si utvikling.
Boka
Barndomspsykologi
vart fyrst
publisert på engelsk i 2012 og er omsett
til norsk av LarsHolm-Hansen og Inger
Sverreson Holmes.
Dion Sommer (bildet) reknast som ein av Nordens fremste innan feltet barns oppvekst, læring og
utvikling, og vår bokmeldar finn at Sommer argumenterer overtydande for eit paradigmeskifte i
synet på barns utvikling (foto: Arne Solli).
første steg nr
3
|
2014
|
61
1...,51,52,53,54,55,56,57,58,59,60 62,63,64,65,66,67,68
Powered by FlippingBook