Første Steg nr. 3-2014 - page 60

NYE BØKER
Nytt syn
på barns utvikling
I boka
Barndomspsykologi – Små barn i en ny tid
argumenterer professor Dion Sommar ved Aarhus
Universitet for at det har skjedd eit paradigmeskifte i
utviklingspsykologisk forsking. Ei bok vel verdt å lese,
meiner vår bokmeldar.
Fram til 1960- og 1970-åra var det teo-
riane til Sigmund Freud (austerriksk
lege og psykolog, grunnla psykoanaly-
sen, 1856–1939) og JeanPiaget (sveitsisk
psykolog, 1896–1980) som dominerte.
Ifylgje desse universelle teoriane
gjennomgår alle barn bestemte fasar i
utviklinga fram mot vaksen alder: oral,
anal, fallisk fase (Freud), og Piaget sine
stadium i kognitiv utvikling frå konkret
til abstrakt tenking. På 1980- og 1990-
talet og inn i det nye år tusenet har det
kome forsking som teiknar eit mykje
meir samansett bilete. Her spelar ulike
sosiale og kulturelle forhold ei sterkare
rolle, og likeeins barnet sine føresetna-
der for å påverka si eiga utvikling.
DionSommar, professor i utviklings-
psykologi ved Psykologisk Institut,
School of Business and Social Sciences,
ved Aarhus Universitet, argumenterer
for ei
kontekstualisert
forståing av barns
utvikling. Fokuset her er meir på den
sosiale og emosjonelle røyndommen
sombarnet lever i ogmindre på barnet si
kognitive utvikling, sjølv omheller ikkje
den vert neglisjert i nyare forsking. Den
kontekstualiserte forståinga markerer
han med termen
barndomspsykologi
til skilnad frå tradisjonell barne- eller
utviklingspsykologi. Han summerer opp
viktige trekk i denne meir tverrfaglege
tilnærminga gjennom ni tesar. Sentralt
her er at barns kvardagsliv utspelar
seg i eit komplekst system av sosiale
situasjonar, og at det lever livet sitt på
fleire ulike utviklingsarenaer. Det inne-
ber blant anna at barnet er avhengig av
kva kulturen tilbyr. Dermed vert kom-
petanseutviklinga knytt til den lokale
konteksten. Barndomspsykologi har som
siktemål å forklara barnet si utvikling
både ut ifrå fellesmenneskelege trekk
og ut ifrå sosiale og kulturelle særtrekk.
DETRELASJONELLE
PERSPEKTIVETOGLÆRING
NEDANFRÅ
I den barndomspsykologiske tilnær-
minga vert barn si tileigning av kultur
eit viktig tema. Sommer drøftar dette
i eit eige kapittel der framstillinga
vekslar mellom teoretiske moment og
konkrete observasjonar, blant anna frå
barnehagen. I ein eigen del om læring i
kvardagen slår han fast at John Dewey
(amerikansk pedagog, psykolog og filo-
sof, 1859–1952) sitt prinsipp om «lear-
ning by doing» også gjeld for små barn.
Barn lærer ved å delta, og det er i barna
sine handlingar i samspel med andre
vaksne og barn som set oss i stand til å
tolka kva det vil (intensjonalitet), saman
med kven (sosialitet), korleis dei vert
emosjonelt påverka (emosjonalitet), og
korleis prosessen inneber endringar i
åtferdsmønster (læring). Gjennomdette
påpeikar Sommar eit anna viktig trekk
ved det nye paradigmet: det
relasjonelle
perspektivet. I dag ser ein på mellom-
menneskelege prosessar som særleg
viktige for å forstå korleis barn utviklar
og endrar seg.
I denne samanhengen drøfter han
også tomotsette syn på læring: ovanifrå
og ned eller nedanifrå og opp. Det finst
teoriar og metodar som støttar begge
OTTO LAURITS FUGLESTAD
)
er professor emeritus i pedagogikk ved
Universitetet i Bergen (privat foto).
Dion Sommer
Barndomspsykologi –
Små barn i en ny tid
Fagbokforlaget 2014 (2. utgave)
ISBN 978-82-450-1474-7
499 kroner
60
|
første steg nr
3
|
2014
1...,50,51,52,53,54,55,56,57,58,59 61,62,63,64,65,66,67,68
Powered by FlippingBook