■
■
av
peder haug
Eit fleirtal av elevane som får spesialundervisning, får det av personar som ikkje
har formell spesialpedagogisk utdanning og kompetanse.
I forskinga om læringsutbyte blir det slått etter-
trykkeleg fast at læraren har stor innverknad på
læringa til elevane. Uttrykket «Teachers matter»
går att i faglitteraturen verda over. Ein studie i
USA viser at ein godt kvalifisert lærar på eit år
kan løfte elevane sine i utvikling og kunnskap
tilsvarande innhaldet i eit og eit halvt skuleår.
Ein lite godt kvalifisert lærar klarer berre å løfte
elevane tilsvarande innhaldet i eit halvt skuleår
på den same tida (Hanushek, 2014). Så viser for-
skinga også at elevar som har hatt mindre godt
kvalifiserte lærarar over fleire år, har vanskar med
å ta att det tapte. Det gjeld sjølv om dei seinare
får godt kvalifiserte lærarar (Hattie, 2009). Slik
kunnskap ligg mellom anna til grunn for dei store
satsingane på å utvikle lærarkompetansen. Det
gjeld for lærarutdanningane, og det gjeld dei store
nasjonale etter- og vidareutdanningstiltaka som
no er sette i gang.
Det finst tilsvarande forskingsresultat som
gjeld spesialundervisninga. Elevar som får spesial-
undervisning av lærarar med spesialpedagogisk
kompetanse, når lenger enn dei som ikkje får slik
kompetanse (Egelund og Tetler, 2009). Lærarar
med spesialpedagogisk utdanning rapporterer
også at dei er meir fagleg sikre og trygge i spesial-
undervisninga (Bele, 2010). I ein artikkel som er
under publisering, blir det også vist til at når elevar
får spesialundervisning av spesialpedagogar, er
vilkåra for læring betydeleg betre, enn når dei får
spesialundervisning av personale som ikkje har
slik kompetanse (Haug, 2014a). Difor kan det vere
ei god forsikring å la elevar som får spesialunder-
visning møte kvalifiserte spesialpedagogar.
Kravet til spesialpedagogisk kompetanse
Kva som skal til for å kunne kalle seg spesialpeda-
gog, er uklart. Eg har møtt personar som ikkje har
utdanning på feltet, men som gir spesialundervis-
ning og som difor kallar seg spesialpedagog. Det
mest vanlege er at spesialpedagogar har lærarut-
danning og vidareutdanning i spesialpedagogikk.
Kva slags kompetanse lærarar med spesialpeda-
gogisk vidareutdanning er forventa å ha, er ikkje
regulert hos oss. I utdanninga av spesialpedagogar
er det ikkje stilt krav til kva læringsinnhaldet skal
vere. Det er eit tilhøve som avvik frå slik ordninga
er til dømes i Finland (Hausstätter, 2008). Difor
er innhaldet i omgrepet spesialpedagog ganske
uklart, og kan vere alt frå å representere ein svært
Kompetanse for spesialundervisning
Illustrasjon: © tets/fotolia.com
Bedre Skole nr. 3
■
2014
81