Bedre skole nr. 3-2014 - page 83

nok vart 30 studiepoeng spesialpedagogikk lagt
inn som ein del av pedagogisk teori og praksis på
slutten av 1970-talet. Pedagogisk teori og praksis
hadde då eit omfang på 60 studiepoeng. Praksis
tok om lag 30 av studiepoenga og allmennpeda-
gogikken 30 studiepoeng. Resultatet vart at det
spesialpedagogiske elementet stort sett vart borte
i allmennpedagogikk og praksisopplæring (Haug,
2000). Det vart ikkje noko kompetanselyft. Difor
kalla Edvard Befring ordninga «ei papirføreskrift
utan særleg realinnhald» (Befring, 1991). Det var
kanskje grunnen til at det i 1983 kom eit krav om
at spesialpedagogiske emne skulle inn i alle faga
i lærarutdanninga. Ein studie eg gjorde i lærarut-
danninga i 2000, tyder på at så ikkje har skjedd.
Innslaget av spesialpedagogiske emne synest å
vere svært personavhengig. Innrettinga på det
spesialpedagogiske var også relativt sterkt prega
av ein tradisjon som ikkje lenger samsvara med dei
offentlege reguleringane på feltet (Haug, 2000).
Lenger har ein ikkje kome i å syte for spesi-
alpedagogisk kompetanse hos lærarar. I den nye
grunnskulelærarutdanninga har spesialpedago-
giske tema fått plass, men i kva grad og korleis
dei vert tekne omsyn til, veit vi ikkje mykje om. I
grunnskulelærarutdanninga er spesialpedagogikk
definert som eit skulerelevant fag, og kan inngå i
utdanninga i eit omfang på inntil 30 studiepoeng.
Dersom dei skal ta mastergrad i faget, har dei med
seg 30 studiepoeng på masternivå i spesialpedago-
gikk som ein del av den fireårige utdanninga. Dei
resterande studiepoenga opp til master tek eit og
eit halvt år. For dei vil difor mastergraden ta fem
og eit halvt år, og ikkje fem år.
Spesialundervisninga sine vilkår
I ein omfattande gjennomgang av historia til spe-
sialundervisninga i grunnskulen i Noreg stiller eg
mellom anna spørsmålet om den politikken ein
har valt på dette området i Noreg, er realiserbar
(Haug, 1999). Politikken handlar om inkludering,
om at alle skal vere i vanleg skule og klasse med
sosialt og fagleg utbyte. Den politikken er ikkje
realisert. Han har aldri fått vilkår for å verte rea-
lisert. Det har vore for stor tru på at politikken
skulle skape seg sjølv i praksis. Så er ikkje tilfelle.
Eit av dei områda der det har svikta, er å skaffe
nok relevant spesialpedagogisk kompetanse til
skulen. Innafor dagens retorikk vil spesialpeda-
gogisk kompetanse kunne vere med på å løfte
kunnskapsnivået i nasjonen. Minst like viktig er
at med meir spesialpedagogisk kompetanse i spe-
sialundervisninga vil mest sannsynleg vi få fleire
elevar som får oppleve å lukkast.
NOTER
1
litteratur
Befring, E.
(1991). Spesialpedagogikken opnar samfunnet for dei funksjons-
hemma. I: K.S. Melbostad, K.K. Grøndahl, I. Lønning og N. Mæhle (red.),
Med viten og vilje mot et lærerrikt samfunn?
Oslo: Universitetsforlaget.
Bele, I.
(2010). Læreres egenvurdering av spesialpedagogisk kompetanse – vik-
tige kilder til kompetanseutvikling.
Norsk pedagogisk tidsskrift, 94
(6), 476–491.
Bele, I.
(2011). Hva er spesielt med spesialundervisning – slik lærere ser det?
I: P. Haug (red.),
Kvalitet i opplæringa
(s. 223-241). Oslo: Det Norske Samlaget.
Egelund, N. og Tetler, S.
(red.). (2009).
Effekter af specialundervisningen:
Pædagogiske vilkår i komplicerede læringssituationer og elevernes faglige, sociale
og personlige resultater
. København: Danmarks Pædagogiske Universitetsforlag.
Ekspertgruppen for spesialpedagogikk.
(2014). U
tdanning og forsk-
ning i spesialpedagogikk – veien videre?
Oslo: Norges forskningråd.
Hanushek, E.A.
(2014). Boosting Teacher Effectiveness. I: C.E.j. Finn og R.
Sousa (red.),
What lies ahead for america’s children and their schools.
(s. 23-35).
Stanford CA: Hoover Institution Press.
Hattie, J.
(2009).
Visible Learning. A synthesis of over 800 meta-analyses
relating to achievement.
London: Routledge.
Haug, P.
(1999).
Spesialundervisning i grunnskolen. Grunnlag, utvikling og
innhald.
Oslo: Abstrakt.
Haug, P.
(2000).
For alle elevar? Lærarutdanninga og spesialundervisninga i
grunnskulen.
Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Haug, P.
(2014a). Spesialundervisning i praksis. Under publisering.
Haug, P.
(2014b). Er inkludering i skulen gjennomførleg? I: S. Germeten
(red.),
De utenfor. Forskning om spesialpedagpogikk og spesialundervisning.
(s. 15-38). Bergen: Fagbokforlaget.
Hausstätter, R.S.
(2008). Utdanning til hvilket formål?
Spesialpedagogikk
(3), 16–20.
Kjærnsli, M. og Olsen, R.V.
(2013).
Fortsatt en vei å gå. Norske elevers kom-
petanse i matematikk, naturfag og lesing i PISA 2012
. Oslo: Universitetsforlaget.
Nordahl, T. og Hausstätter, R.S. (2009).
Spesialundervisningens forutsetnin-
ger, innsatser og resultater
. Hamar: Høgskolen i Hedmark.
NOU 1973:15.
Utdanning av spesialpedagoger
.
Peder Haug
har vore tilsett ved Høgskulen i Volda
sidan 1976, frå 1997 som professor i pedagogikk.
Han har hatt lengre engasjement ved Møreforsking
i Volda, Norsk senter for barneforsking, NTNU i
Trondheim, Noregs forskingsråd og Universitetet i
Stavanger. Han har leia ei rekkje forskingsprosjekt
og gitt ut ei rekkje bøker og artiklar med tema frå
barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning. Reformer og
klasseromforsking er sentrale interesseområde. Han har erfaring frå
undervisning i lærarutdanningar på alle nivå. Han er for tida professor II
i spesialpedagogikk ved Institutionen för pedagogik, didaktik och utbild-
ningsstudier ved Universitetet i Uppsala.
Bedre Skole nr. 3
2014
83
1...,73,74,75,76,77,78,79,80,81,82 84,85,86,87,88,89,90,91,92,93,...100
Powered by FlippingBook